St.prp. nr. 70 (2003-2004)

Om samtykke til ratifikasjon av konvensjon av 14. november 1970 om tiltak for å forby og hindre ulovleg import og eksport av kulturgjenstandar og ulovleg overføring av eigedomsrett til kulturgjenstandar

Til innhaldsliste

5 Vurdering

Endra samfunnstilhøve og globalisering gjer at problemet med ulovleg omsetning av kulturgjenstandar er aukande. Uerstattelege kulturskattar blir fjerna frå opphavslandet for å verte omsette på den internasjonale illegale kunstmarknaden. Det er i aukande grad anerkjent av det internasjonale samfunnet som uetisk at kunstgjenstandar som er av stor verdi for historien og identiteten til ein kultur, vert fjerna frå opphavsstaden. Dette er òg bakgrunnen for at det er eit auka behov for betre internasjonalt samarbeid når det gjeld vern av kulturarven.

Etterspørselen etter kulturgjenstandar internasjonalt har auka monaleg sidan konvensjonen blei vedteken i 1970. Dette gjeld først og fremst land i den tredje verda, som er i ferd med å misse ei rekkje av dei mest verdfulle kulturgjenstandane sine. Dei færraste landa har ein effektiv utførselskontroll. Då er det viktig at dei landa der gjenstandane blir innførte, ved tollkontroll ser til at gjenstandar som kan mistenkjast for å vere ulovleg utførte frå eit anna land, blir beslaglagde og leverte tilbake til opphavslandet.

Effektivt vern av kulturarven krev internasjonalt samarbeid. Den viktigaste målsetjinga for internasjonale tiltak i høve til kulturgjenstandar er å sikre at kvar kultur held ved lag ein tilfredsstillande representasjon av sin eigen materielle arv. Den internasjonale innsatsen for vern av kulturarven på opphavsstaden tek ikkje sikte på å få tilbakeført gjenstandar som i lang tid har vore ein del av musea og kunstsamlingane i verda. Tiltaka skal heller ikkje hindre utveksling for å lære å kjenne manifestasjonane til ein annan kultur.