St.prp. nr. 70 (2004-2005)

Om endringar i «Regulativ for tillegg mv. til utskrivne vernepliktige mannskap» og om endring i gradsnivå for militære embete

Til innhaldsliste

2 Samandrag og tilrådingar

Forslaget til regulering er basert på mellomoppgjeret mellom staten og LO-Stat, Yrkesorganisasjonenes Sentralforbund-Stat og Utdanningsgruppenes Hovedorganisasjon. Med basis i lønsoppgjeret for statstilsette blir dimisjonsgodtgjersla til vernepliktig mannskap tilrådd auka med kr 1 500 frå 1. juli 2005.

Meirutgiftene for 2005 er utrekna til 6,750 mill. kr.

For å bringe større jamstilling mellom sivile og militære leiarstillingar i Forsvaret og den øvrige del av statsforvaltninga, og ønske om ein fortsatt reduksjon i antall militære embete, er departementet komen til at det nå vil vere riktig å endre det fastsette gradsnivået for militære embete. Departementet vil derfor gjere framlegg om at gradsnivået for militære embete fastsettas ikkje lågare enn brigader/flaggkommandør.