St.prp. nr. 70 (2004-2005)

Om endringar i «Regulativ for tillegg mv. til utskrivne vernepliktige mannskap» og om endring i gradsnivå for militære embete

Til innhaldsliste

3 Regulering av dimisjonsgodtgjersla til utskrivne vernepliktige mannskap

3.1 Bakgrunn

Gjennom ei rekke år har dei økonomiske ytingane til soldatane blitt regulert med basis i lønsoppgjeret for tilsette i staten. Forsvarsdepartementet har dei seinare åra, i tråd med forsvarskomiteens syn, lagt til grunn den regulering som blir gitt i lågaste lønstrinn for vaksen, ufaglært arbeidskraft.

Det tilrådde lønsoppgjeret for statstilsette i lønsramme 1, alternativ 1 gav som resultat eit kronetillegg på 4 000 på A-tabellen med verknad frå 1. mai 2005.

3.2 Vurderingar

Dei årlege reguleringane med basis i lønsoppgjeret sikrar dei vernepliktige ein rimeleg god levestandard. Departementet meiner det er naturleg og rimeleg at det i år blir gitt regulering som for lågaste begynnarløn for vaksen, ufaglært arbeidskraft i staten, det vil seie ei regulering på 2,04 % med verknad frå 1. juli 2005. Både Stortinget og dei vernepliktige er opptatt av å styrke dimisjonsgodtgjersla. Departementet tilrår derfor å nytte heile summen til auke i dimisjonsgodtgjersla. Dei vernepliktige med 12 månaders teneste vil med denne endringa motta kr 1 500 meir i dimisjonsgodtgjersle.

3.3 Regulering av dimisjonsgodtgjersla

Forslaget inneber følgjande regulering i dimisjonsgodtgjersla frå 1. juli 2005:

Dimisjonsgodtgjersle for 12 månaders teneste

frå kr 15 000,00 til kr 16 500,00

3.4 Samlet utgiftsberegning

Meirutgiftene som følgje av forslaget er utrekna til 6,750 mill. kr for 2005.

3.5 Verknad for siviltenesten

Regulativendringar for militære vernepliktige mannskap utløyser tilsvarande verknad for dei sivile vernepliktige. Dette følgjer av militærnekterlova § 18. Meirkostnadane for siviltenesteforvaltninga for andre halvår 2005 er utrekna til 1,473 mill. kr.