St.prp. nr. 71 (1999-2000)

Om samtykke til godkjenning av avgjerd i EØS-komiteen nr. 39/2000 om endring av protokoll 31 til EØS-avtala om EFTA/EØS-statane si deltaking i fellesskapshandlingsprogrammet om førebyggjande tiltak for å kjempe mot vald mot barn, ungdom og kvinner (Daphne-programmet) (2000-2003)

Til innhaldsliste

5 Vurderingar og tilråding

Etter Barne- og familiedepartementet sitt syn er det viktig for Noreg å ta del i det europeiske samarbeidet for å stoppe vald mot barn, ungdom og kvinner. Det går fram av den nasjonale handlingsplanen «Vold mot kvinner» at det er iverksett mange aktivitetar i Noreg, men vi har framleis manglande kunnskap om valdsbiletet, og særleg manglande kunnskap om den lokale innsatsen. EU har vore ein pådrivar i kampen mot vald i medlemsstatane. Noreg vil difor òg kunne gjere nytte av impulsar frå andre land i Europa og styrkje samarbeidet over landegrensene. Barne- og familiedepartementet rår difor til at Noreg tek del i handlingsprogrammet. Utanriksdepartementet sluttar seg til dette.