St.prp. nr. 71 (1999-2000)

Om samtykke til godkjenning av avgjerd i EØS-komiteen nr. 39/2000 om endring av protokoll 31 til EØS-avtala om EFTA/EØS-statane si deltaking i fellesskapshandlingsprogrammet om førebyggjande tiltak for å kjempe mot vald mot barn, ungdom og kvinner (Daphne-programmet) (2000-2003)

Til innhaldsliste

1 Avgjerd i EØS-komiteen nr. 39/2000 av 11. april 2000 om endring av protokoll 31 til EØS-avtala om samarbeid på særlege område utanfor dei fire fridommane

EØS-KOMITEEN HAR -

med tilvising til avtala om Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, justert ved protokollen om justering av avtala om Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, heretter kalla «avtala», særleg artikkel 86 og 98, og

ut frå desse synsmåtane:

  1. Protokoll 31 til avtala vart endra ved avgjerd i EØS-komiteen nr. 55/96 av 28. oktober 1996 1

    .

  2. Samarbeidet mellom avtalepartane bør utvidast til å omfatte eit fellesskapshandlingsprogram (Daphne-programmet) (2000-2003) om førebyggjande tiltak for å kjempe mot vald mot barn, ungdom og kvinner (europaparlaments- og rådsavgjerd nr. 293/2000/EF 2

    .

  3. Protokoll 31 til avtala bør difor endrast for å gjere eit slikt utvida samarbeid mogleg frå 1. januar 2000 -

TEKE DENNE AVGJERDA:

Artikkel 1

I artikkel 5 i protokoll 31 til avtala vert det gjort følgjande endringar:

  1. I nr. 8 skal nytt strekpunkt lyde:

    • « 32000 D 0293: Europaparlaments- og rådsavgjerd nr. 293/2000/EF av 24. januar 2000 om vedtaking av eit fellesskapshandlingsprogram (Daphne-programmet) (2000-2003) om førebyggjande tiltak for å kjempe mot vald mot barn, ungdom og kvinner (TEF L 34 av 9.2.2000, s. 1).»

  2. Teksta til nr. 5 skal lyde:

    «EFTA-statene skal delta i fellesskapsprogrammene og -tiltakene nevnt i de to første strekpunktene i nr. 8 fra 1. januar 1996, og i programmet nevnt i tredje strekpunkt fra 1. januar 2000.»

Artikkel 2

Denne avgjerda tek til å gjelde dagen etter at EØS-komiteen har motteke den siste meldinga etter artikkel 103 nr. 1 i avtala 3.

Avgjerda skal nyttast frå 1. januar 2000.

Artikkel 3

Denne avgjerda skal kunngjerast i EØS-avdelinga av og EØS-tillegget til Tidend for Dei europeiske fellesskapa.

Utferda i Brussel, 11. april 2000.

For EØS-komiteen
Formann
F. Barbaso
Sekretærar for EØS-komiteen
G. VikE. Gerner

Fotnotar

1.

TEF L 85 av 27.3.1997, s. 64, og EØS-tillegget til TEF nr. 13 av 27.3.1997, s. 1.

2.

TEF L 34 av 9.2.2000, s. 1.

3.

[Forfatningsrettslege krav oppgjevne.]