St.prp. nr. 73 (2006-2007)

Om samtykke til deltaking i ei avgjerd i EØS-­komiteen om innlemming i EØS-avtala av ramme­programmet til EU for forbrukarpolitikk (2007–2013)

Til innhaldsliste

1 Bakgrunn

Rammeprogram til EU for forbrukarpolitikk (forbrukarprogrammet) vart formelt vedteke i EU 18. desember 2006 ved europaparlaments- og rådsavgjerd 1926/2006/EF.

Ei avgjerd i EØS-komiteen om innlemming av forbrukarprogrammet inneber ei endring av protokoll 31 i EØS-avtala om samarbeid på særlege område utanfor dei fire fridommane, slik at samarbeidet vert utvida til å omfatte rammeprogrammet for forbrukarpolitikk.

Føremålet med programmet er å sikre eit høgt nivå for forbrukarvern, særleg gjennom eit betre kunnskapsgrunnlag, og betre konsultasjon med og representasjon frå forbrukarinteresser.

Norsk deltaking i programmet gjer det naudsynt med budsjettvedtak over fleire år, og i samsvar med § 26 andre leddet i Grunnlova er det difor naudsynt med samtykke frå Stortinget til deltaking i avgjerda i EØS-komiteen. Med sikte på at Noreg skal kunne ta del i programmet så tidleg som mogleg, er det lagt opp til at stortingsproposisjonen vert fremja før avgjerda er teken i EØS-komiteen.

Utkast til avgjerd i EØS-komiteen og uoffisiell norsk omsetjing av europaparlaments- og rådsavgjerd 1926/2006/EF av 18. desember 2006 følgjer som trykte vedlegg til proposisjonen.