St.prp. nr. 73 (2006-2007)

Om samtykke til deltaking i ei avgjerd i EØS-­komiteen om innlemming i EØS-avtala av ramme­programmet til EU for forbrukarpolitikk (2007–2013)

Til innhaldsliste

4 Avgjerda i EØS-komiteen

Avgjerda vil innehalde ei innleiing og tre artiklar. I innleiinga vert det vist til EØS-avtala, og spesielt til artiklane 86 og 98, som gjer det mogleg å endre vedlegg til avtala gjennom vedtak i EØS-komiteen.

Artikkel 1 slår fast at europaparlaments- og rådsavgjerd 1926/2006/EF av 18. desember 2006 om skiping av eit fellesskapshandlingsprogram på området forbrukarpolitikk (2007–2013) skal innlemmast i Protokoll 31 artikkel 6 som nytt nr. 3 etter nr. 2.

I artikkel 2 er det fastsett at avgjerda tek til å gjelde dagen etter at EØS-komiteen har motteke meldinga om at alle forfatningsrettslege krav for godkjenning av avgjerda er oppfylt i samsvar med artikkel 103 nr. 1 i avtala.

Artikkel 3 slår fast at avgjerda i EØS-komiteen skal kunngjerast i EØS-delen av og EØS-tillegget til Tidend for Den europeiske unionen.