St.prp. nr. 73 (2006-2007)

Om samtykke til deltaking i ei avgjerd i EØS-­komiteen om innlemming i EØS-avtala av ramme­programmet til EU for forbrukarpolitikk (2007–2013)

Til innhaldsliste

5 Administrative og økonomiske konsekvensar

Det andre programmet hadde ei ramme på 72 mill. euro, som tilsvarar 18 mill. euro per år. Ramma på det nye (tredje) programmet er 156,8 mill. euro, som tilsvarar litt over 22 mill. euro per år fordelt på 7 år. Det nye programmet vil innebere ein viss reduksjon i aktivitetsnivået i høve til tidlegare. Bakgrunnen er auka utgifter som mellom anna er knytte til etablering av ei avdeling for forbrukarspørsmål i EUs byrå for helse.

Då Noreg gjekk inn i rammeprogrammet i år 2000, fekk Barne- og likestillingsdepartementet ei utvida budsjettramme på 4 mill. kroner til dette føremålet. Men utgiftene har auka til eit høgare nivå, mellom anna som følgje av skipinga av stillinga som nasjonal EFTA-ekspert under programmet, ein jamn auke av administrative utgifter under programmet og økonomisk løyving til det norske kontaktpunktet for tvisteløysingssystemet. Det siste vert dekt over budsjettet til Forbrukarrådet. Det vert rekna at dei samla årlege utgiftene for Noreg under det nye programmet vil liggje på eit nivå rundt 4,5 mill. kroner gjennom heile programperioden. Utgiftene vil verte dekte innanfor rammene av budsjettet til Barne- og likestillingsdepartementet.

Det er ikkje naudsynt med lov- eller forskriftsendringar i samband med den norske deltakinga i rammeprogrammet.