St.prp. nr. 73 (2006-2007)

Om samtykke til deltaking i ei avgjerd i EØS-­komiteen om innlemming i EØS-avtala av ramme­programmet til EU for forbrukarpolitikk (2007–2013)

Til innhaldsliste

6 Vurdering

Deltakinga i rammeprogrammet har gjeve eit betre høve for norsk deltaking og innverknad på eit område der Noreg har eit aktivt engasjement og sterke interesser, og det vert rekna som ønskeleg at deltakinga held fram.

Gjennom arbeidet i den rådgjevande komiteen har Noreg teke del i drøftingar og vedtak om årlege prioriterte oppgåver, kriterium for tildeling av midlar og fordeling på ulike prosjekt. Vidare har Noreg teke del i drøftingane om utforminga av det reviderte programmet og gjeve fråsegn om dette til Kommisjonen. Norske organisasjonar har hatt høve til å søkje om prosjektmidlar i tidlegare år, og Statens institutt for forbruksforsking har fått innvilga tre søknader. Under programmet har Barne- og likestillingsdepartementet ein nasjonal ekspert i DG Sanco som arbeider med utvikling av regelverk, noko som har vore svært nyttig for EØS-arbeidet til departementet.

Noreg tek aktivt del under programmet i det europeiske nettverket for europeiske forbrukarkontor (ECC-Net). Kontora driv rådgjeving og gjev assistanse til forbrukarar i alle typar spørsmål som gjeld kjøp over landegrensene i EØS-området. Ei av dei sentrale oppgåvene i nettverket er hjelp til utanrettsleg løysing av forbrukartvistar over landegrensene. Kontaktpunkta i kvar stat syter for at forbrukarar får hjelp til å fremje klager, og for at dei når fram til det rette organet dersom det finst eit slikt organ. Kontoret «ForbrukarEuropa», som er knytt til Forbrukarrådet, er kontaktpunkt i Noreg, og hjelper norske forbrukarar som har handla i/frå andre EØS-statar, og forbrukarar i andre EØS-statar som har handla i/frå Noreg. Kontora vert finansierte med inntil 50 % frå Kommisjonen. Kontora har eit nært samarbeid med kvarandre og eit nettverk for å drøfte spørsmål av felles interesse.