St.prp. nr. 74 (2004-2005)

Om samtykke til godkjenning av avgjerd i EØS-komiteen nr. 75/2005 om innlemming i EØS-avtala av avgjerdene 845/2004/EF og 846/2004/EF om lenging av fellesskapet sitt program for audiovisuell industri (MEDIA Plus 2006)

Til innhaldsliste

2 Nærmare om europaparlaments- og rådsavgjerdene

Lenginga inneber inga endring i innhaldet i programmet. Dei overordna måla for MEDIA Plus vil framleis vere å medverke til å skape ein sterkare felles europeisk marknad for audiovisuelle tenester, å utvikle ein europeisk programindustri som er i stand til å møte dei kulturelle og økonomiske krava informasjonssamfunnet stiller, og å sikre at filmindustrien i medlemslanda kan bli konkurransedyktig på verdsmarknaden Det blir lagt særleg vekt på behov i statar og regionar som har låg produksjonskapasitet og/eller avgrensa språkleg og geografisk nedslagsfelt. Programmet legg òg vekt på omsynet til uavhengige produsentar og distributørar, og omsynet til den europeiske kulturarven.

Støtte vil verte gitt til utvikling av prosjekt, distribusjon av europeiske verk og marknadsføringsaktivitetar. Vidare vil det verte gitt støtte til utdanning for yrkesutøvarar i den europeiske audiovisuelle industrien. Støtte til utvikling og distribusjon vert i hovudsak gitt som lån, medan støtte til tiltak retta mot opplæring vert gitt som tilskott. Programmet skal supplere nasjonale og regionale tiltak i EØS-området, og støtta kan som hovudregel dekkje inntil 50 prosent av dei prosjekterte kostnadene. Programmet har tre satsingsområde:

Utvikling

Programmet gir støtte til utvikling av drama,- dokumentar,- og animasjonsprosjekt for kino og fjernsyn i fasen før produksjon. Støtta blir gitt som økonomisk og teknisk bistand til produsentar, m.a. til manuskriptutvikling og utvikling av finansierings- og marknadsføringsplanar. Vidare kan prosjekt som nyttar ny teknologi (særleg multimediateknologi) og animasjonstekninkk retta mot den europeiske marknaden, få støtte.

Distribusjon

MEDIA Plus skal gi støtte til å fremje distribusjon av europeisk film, video og fjernsynsprogram i og utanfor Europa gjennom tiltak retta mot distributørar, produsentar og kinoar. Støtta skal fremje fleirnasjonalt samarbeid mellom filmprodusentar og fjernsynsselskap. Ho skal vidare styrkje tilgangen til den internasjonale marknaden for uavhengige produsentar og distributørar, både i Europa og globalt. Kostnader i samband med tiltak som fremjar fleirspråklege produksjonar, som dubbing og underteksting, vert gitt særleg prioritet.

Utdanning

Programmet skal styrkje grunnleggjande opplæring og etterutdanning for yrkesutøvarar i den audiovisuelle sektoren. Programmet skal gi støtte til opplæring i økonomisk og forretningsmessig leiing, juridiske spørsmål, utnytting av ny teknologi, manuskriptutvikling og instruksjon. MEDIA Plus skal fremje samarbeid, nettverksbygging og utveksling av kunnskap og personell mellom utdanningsinstitusjonar i dei ulike statane.

Eigne panel med ekspertar frå medlemsstatane, oppretta av Kommisjonen, vurderer og gir innstilling om tildeling av midlar innanfor dei einskilde programområda. Kommisjonen fattar endeleg vedtak om tildeling.

Det opphavlege budsjettet for støtteprogrammet var på 400 millionar euro (350 millionar euro til utvikling, distribusjon og marknadsføring, og 50 millionar euro til utdanning) for perioden 2001–2005. Etter vedtaket om å lenge programmet med eitt år, er det totale budsjettet for perioden 2001–2006 på 511 millionar euro (453, 6 millionar euro til utvikling, distribusjon og marknadsføring, og 57,4 millionar euro til utdanning). Budsjettauken har også tatt høgde for EU-utvidinga.