St.prp. nr. 74 (2004-2005)

Om samtykke til godkjenning av avgjerd i EØS-komiteen nr. 75/2005 om innlemming i EØS-avtala av avgjerdene 845/2004/EF og 846/2004/EF om lenging av fellesskapet sitt program for audiovisuell industri (MEDIA Plus 2006)

Til innhaldsliste

5 Administrative og økonomiske konsekvensar

Den totale ramma for lenginga av MEDIA Plus er 111 millionar euro. Rekna ut frå 2005-nivået, vil tilskotet frå EØS/EFTA-statane (2,11 prosent) vera på om lag 2,34 millionar euro. Noreg sin del (95 prosent) vil vera i underkant av 2,22 millionar euro. Med ein eurokurs på 8,5 vil det norske bidraget for 2006 såleis utgjere om lag 18,9 millionar norske kroner.

Bidraget vil verte finansiert over Kultur- og kyrkjedepartementet sitt budsjett (kap 334 Film- og medieføremål, post 75 Medieprogram) for 2006. Innlemming av europaparlaments- og rådsavgjerdene er ikkje venta å ha større administrative konsekvensar.