St.prp. nr. 77 (2003-2004)

Om samtykke til godkjenning av avgjerd i EØS-komiteen nr. 38/2004 av 23. april 2004 om innlemming i EØS-avtala av direktiv 2003/6/EF om innsidehandel og marknadsmanipulasjon (marknadsmisbruk)

Til innhaldsliste

2 Nærmare om direktivet

Direktiv 2003/6/EF om innsidehandel og marknadsmanipulasjon (marknadsmisbruk) vart vedteke 28. januar 2003. Direktivet erstattar direktiv 89/592/EØF om innsidehandel og byggjer ut gjeldande EU-reglar mot marknadsmisbruk på verdipapirområdet. Hovudføremålet med direktivet er å sikre integriteten til verdipapirmarknadene i EØS-området og syte for at investorane har tillit til desse marknadene. I flukt med dette kjem omsynet til oversikt i marknadene og ein velfungerande omsetnad av finansielle instrument.

Direktivet inneheld m.a. reglar om innsidehandel og marknadsmanipulasjon. Reguleringa av marknadsmanipulasjonen er ny i EU-rettsleg samanheng. Vidare skjerpar direktivet krava til børsnoterte utferdarføretak si offentleggjering og handtering av innsideopplysningar. Direktivet inneheld vidare reglar om analyse- og investeringstilrådingar, innsidelister, rapporteringsplikt for profesjonelle ved mistenkelege transaksjonar, meldeplikt for primærinnsidarar (til dømes personar med overordna ansvar i eller nær tilknyting til utferdarføretaket) osv.

Direktivet inneheld i tillegg til dei materielle føresegnene, i ein viss mon omfattande reglar om tilsynskompetanse og samarbeid mellom tilsynsstyresmakter, i tillegg til sanksjonar.

Direktivet er ein del av EU sin handlingsplan for finansielle tenester (Financial Services Action Plan). Direktivet er eit rammedirektiv, som ein reknar med vil verte utfylt gjennom regelverk som er fastsett ved komitologiprosedyrar (dvs. at Kommisjonen har fått delegert makt frå Rådet, men får hjelp av ekspertar frå medlemsstatane). Kommisjonen har til no vedteke tre direktiv (kommisjonsdirektiv 2003/124/EF, 2003/125/EF og 2004/72/EF) og ei forordning (kommisjonsforordning nr. 2272/2003) med utfyllande føresegner til direktivet.

Fristen for gjennomføring av direktivet og dei tilhøyrande utfyllande føresegnene i EU er 12. oktober 2004.