St.prp. nr. 79 (2000-2001)

Om samtykke til godkjenning av avgjerd i EØS-komiteen nr. 4/2001 av 31. januar 2001 om endring av vedlegg IX til EØS-avtala (fjerde direktiv om motorvognforsikring)

Til innhaldsliste

2 Nærmare om direktivet

Føremålet med direktivet er å gje føresegner som skal gjere det enklare for ein skadeliden å fremje krav om skadebot frå heimstaten sin i tilfelle der skaden finn stad i ein annan medlemsstat enn i heimstaten til den skadelidne, eller i ein stat som tek del i grønt kort-ordninga, og er påført av ei motorvogn som er høyrer heime i ein medlemsstat. Den gjeldande ordninga med grønt kort-byrå sikrar at kravet om skadebot kan avgjerast problemfritt i bustadsstaten til den skadelidne, sjølv når den andre parten kjem frå ein annan europeisk stat. Ordninga med grønt kort-byrå løyser likevel ikkje problem som har å gjere med eit framandt rettssystem, eit framandt språk, ein annan framgangsmåte for skadebotsoppgjer og ofte eit urimeleg seint skadebotsoppgjer for ein skadeliden som må fremje krav i ein annan stat mot ein part som er busett der og eit forsikringsføretak som har fått det offentlege løyvet sitt der. Det nye direktivet sikrar at den skadelidne får tilsvarande handsaming utan omsyn til kva medlemsstat ulukka hender i.

Videre er det fastsett i direktivet at den skadelidne skal ha eit direkte krav mot det forsikringsselskapet som er plikta til å dekkje skaden. Forsikringsselskap som teiknar ansvarsforsikring for motorvogn, skal i kvar medlemsstat ha ein skaderepresentant som har fullmakt til å gje fullt oppgjer for skaden. Det skal vere eit konsesjonsvilkår at det vert oppnemnt ein slik skaderepresentant. For at skadelidne skal kunne søkje om skadebot, skal kvar stat skipe eit informasjonssenter som skal gje eller koordinere informasjon om registreringstilhøve, forsikringstilhøve, skaderepresentantar og tilsvarande informasjonssenter i andre medlemsstatar. Informasjonssentra skal samarbeide med kvarandre.

Kvar stat skal òg skipe eit skadebotsorgan som det kan rettast krav mot dersom forsikringsselskapet ikkje gjer opp innan fristen på tre månader. Skadebotsorganet skal gjere tiltak innan to månader etter den datoen då den skadelidne fremja kravet om skadebot overfor organet, men skal avslutte tiltaka dersom forsikringsføretaket eller skaderepresentanten til føretaket seinare gjev eit grunngjeve svar på kravet. Skadebotsorganet skal òg kome inn dersom det ikkje er mogleg å oppspore forsikringsselskapet, t.d. fordi motorvogna er ukjend.

Etter direktivet skal det òg fastsetjast sanksjonar mot brot på dei føresegnene som vert gjevne for å gjennomføre direktivet, slik at den skadelidne vert sikra retten til å få eit snøgt skadebotsoppgjer. Sanksjonane skal vere verknadsfulle, stå i rimeleg samhøve med brotet og verke avskrekkande.