St.prp. nr. 79 (2003-2004)

Om samtykke til godkjenning av avgjerd i EØS-komiteen nr. 37/2004 av 23. april 2004 om innlemming i EØS-avtala av direktiv 2002/91/EF om energieffektivitet i bygningar

Til innhaldsliste

2 Generelt om innhaldet i direktivet

Direktivet, som har heimel i artikkel 175 i EU-traktaten, har som mål å betre energibruken til bygningar. Bakgrunnen for direktivet er at det finst eit stort potensial for energieffektivisering i bygningssektoren som kan medverke til både reduserte utslepp av klimagassar og betre forsyningstryggleik.

I direktivet vert det vist til at det i grønboka «Towards a European Strategy for Energy Supply» (KOM(2000)769) vert konkludert med at det ikkje er oppnådd tilstrekkelege resultat gjennom støtteprogram, og at det må gjerast ein større innsats for å skipe eit klart juridisk rammeverk for å redusere veksten i energietterspurnaden. Det vert vidare vist til «European Climate Change Programme» (KOM(2000)88), der energisparing i bygningssektoren vert trekt fram som eit viktig område for å redusere utsleppa av klimagassar. Det vert òg vist til at det alt finst føresegner i eksisterande direktiv som har som føremål å medverke til auka energieffektivitet. Direktiva som er nemnde, er: kjeledirektivet (92/42/EØF) og byggjevaredirektivet (89/106/EØF).

Direktivet gjev eit felles rammeverk for å fremje meir energieffektive bygningar innanfor EU/EØS, og tek høgde for klimatiske og nasjonale variasjonar. Direktivet inneheld følgjande fire hovudelement:

  • Felles metode for utrekning av energibruken til bygningar.

  • Definerte nasjonale energikrav for nye bygg og bygningar som vert renoverte, med visse unntak.

  • Innføring av energisertifikat for nye og eksisterande bygg som viser kor energieffektive bygga er, sett i høve til dei førnemnde energikrava. Energisertifikatet skal innehalde tilrådde tiltak. I offentlege bygningar og bygg i offentleg bruk skal energisertifikata vere synlege for ålmenta.

  • Periodisk inspeksjon av klimaanlegg (kjøle- og ventilasjonsanlegg) over 12 kW og fyringsanlegg over 20 kW med omsyn til energibruk. For fyringsanlegg kan det innførast alternative tiltak med tilsvarande effekt.

Vidare stiller direktivet krav om at energisertifiseringa og energiinspeksjonane skal gjennomførast av uavhengige, kvalifiserte og/eller godkjente sakkunnige. Direktivet stiller òg krav om at brukarar av bygg skal få informasjon om metodar og rutinar som medverkar til meir energieffektive bygningar.