St.prp. nr. 79 (2003-2004)

Om samtykke til godkjenning av avgjerd i EØS-komiteen nr. 37/2004 av 23. april 2004 om innlemming i EØS-avtala av direktiv 2002/91/EF om energieffektivitet i bygningar

Til innhaldsliste

4 Avgjerda i EØS-komiteen

Ved avgjerd EØS-komiteen nr. 37/2004 av 23. april 2004 vart det fastsett at europaparlaments- og rådsdirektiv 2002/91/EF om energibruken til bygningar (bygningsdirektivet) skal innlemmast i vedlegg IV til EØS-avtala (energi).

I innleiinga vert det vist til at EØS-avtala, og særleg artikkel 98, gjev høve til å endre avtala ved avgjerd i EØS-komiteen. Det vert vidare slått fast at bygningsdirektivet skal innlemmast i EØS-avtala, og at Island vert friteke frå føresegnene i direktivet.

Artikkel 1 omfattar ordlyden i nytt nr. 17 i vedlegg IV til EØS-avtala.

Artikkel 2 slår fast at den norske direktivteksta, som vil verte kunngjord i EØS-tillegget til Tidend for Den europeiske unionen, skal vere gyldig.

Artikkel 3 slår fast at avgjerda i EØS-komiteen tek til å gjelde 24. april 2004, på det vilkåret at EØS-komiteen har motteke alle meldingar etter artikkel 103 i avtala. For Noreg sin del inneber dette at det vert innhenta samtykke frå Stortinget, jf. § 26 andre leddet i Grunnlova.

Artikkel 4 slår fast at avgjerda i EØS-komiteen skal kunngjerast i EØS-avdelinga av og EØS-tillegget til Tidend for Den europeiske unionen.