St.prp. nr. 79 (2003-2004)

Om samtykke til godkjenning av avgjerd i EØS-komiteen nr. 37/2004 av 23. april 2004 om innlemming i EØS-avtala av direktiv 2002/91/EF om energieffektivitet i bygningar

Til innhaldsliste

5 Gjennomføring av direktivet i norsk rett

Når det gjeld direktivføresegnene om energisertifikat og energiinspeksjon av klima- og fyringsanlegg, finst det ikkje tilsvarande krav i norsk lovverk. Det same gjeld krav til uavhengige, kvalifiserte og/eller godkjende sakkunnige for gjennomføringa av energisertifisering og energiinspeksjonar. Direktivet inneber derfor at det må gjerast ei lovendring på desse områda for å etablere ein heimel for nye forskrifter.

Når det gjeld direktivføresegnene om metoden for utrekning av energibruk og energikrav, vil desse kunne gjennomførast i norsk lovgjeving ved endringar i forskriftene til Plan- og bygningslova. Direktivføresegnene om energisertifikat og energiinspeksjon av klima- og fyringsanlegg kan gjennomførast ved endringar i gjeldande lover eller ved ei eiga gjennomføringslov med tilhøyrande forskrifter.