St.prp. nr. 8 (2004-2005)

Om samtykke til deltaking i ei avgjerd i EØS-komiteen om innlemming i EØS-avtala av avgjerd nr. 791/2004/EF av 21. april 2004 om eit fellesskapshandlingsprogram for å fremje organ som er aktive på europeisk plan på området utdanning og opplæring, og for å støtte særlege tiltak på det same området (programmet for utdanningsorganisasjonar)

Til innhaldsliste

3 Konstitusjonelle tilhøve

For å hindre at Noreg seinkar iverksetjinga av avgjerda, og for å gjere det mogleg for EØS-EFTA-statane å ta del i programmet frå og med dei første utlysingane for 2005, ber Regjeringa om Stortinget sitt samtykke før avgjerda vert teken i EØS-komiteen. Det vil då ikkje vere naudsynt for Noreg å ta atterhald om konstitusjonelle tilhøve i avgjerda i EØS-komiteen.

Det er ikkje venta at det vil kome endringar i utkastet til avgjerda i EØS-komiteen. Dersom den endelege avgjerda ikkje i det alt vesentlege er i samsvar med det utkastet som er lagt fram i denne proposisjonen, vil saka verte lagd fram for Stortinget på nytt. Avgjerd i EØS-komiteen er venta i løpet av hausten 2004.