St.prp. nr. 8 (2004-2005)

Om samtykke til deltaking i ei avgjerd i EØS-komiteen om innlemming i EØS-avtala av avgjerd nr. 791/2004/EF av 21. april 2004 om eit fellesskapshandlingsprogram for å fremje organ som er aktive på europeisk plan på området utdanning og opplæring, og for å støtte særlege tiltak på det same området (programmet for utdanningsorganisasjonar)

Til innhaldsliste

5 Administrative og økonomiske konsekvensar

Den totale ramma for dette treårige programmet er på 77 millionar euro, dvs. gjennomsnittleg 25,67 millionar euro per år.

EØS-EFTA-statane har fått teke aktivitet 1 i programmet ut av EØS-budsjettet, noko som utgjer over halvparten av programkostnadene. I tillegg vert kostnadene for 2004 trekte frå EØS-EFTA-statane sin del fordi vi berre tek del i programmet i 2005 og 2006. Den delen av programmet som EØS-EFTA-statane skal vere med på å finansiere, er på grunnlag av dette rekna ut til å vere om lag 16,4 millionar euro over to år, dvs. 8,2 millionar euro per år.

Rekna ut frå 2005-nivået (2,11 prosent) vil tilskotet frå EØS-EFTA-statane vere om lag 346 040 euro over to år. Med ein kronekurs på 8,5 vil dette utgjere om lag 2,94 millionar kroner over to år.

Noreg sin del (94,94 prosent) vil vere om lag 2,79 millionar kroner, dvs. om lag 1,4 millionar kroner per år.

Tidlegare har Noreg hjelpt til med finansiering av nokre av aktivitetane i programmet gjennom visse postar i Kommisjonen sitt budsjett. Deltakinga i det nye programmet for støtte til utdanningsorganisasjonar kan difor i sin heilskap verte dekt over budsjettet til Utdannings- og forskningsdepartementet innanfor den eksisterande budsjettramma (budsjettkapittel 223 post 72, kapittel 226 post 21 og kapittel 281 post 73).