St.prp. nr. 8 (2006-2007)

Fylkesveg 472 til Utgårdskilen i Hvaler kommune i Østfold – finansiering av tiltak gjennom forlenga bompengeinnkrevjing på rv 108

Til innhaldsliste

4 Forslag til bompengeopplegg og finansieringsplan

I tråd med dei lokalpolitiske vedtaka er det lagt til grunn at den eksisterande bompengeordninga for fastlandssambandet til Kirkøy på rv 108 blir forlenga med inntil 2 ½ år for å delfinansiere tiltak på fv 472 til Utgårdskilen, kostnadsrekna til omlag 26 mill. kr. Kostnader knytt til fjerning av bomstasjonen er føresette dekka innanfor gjeldande ordning. Det er vidare lagt til grunn at utbetringa skal gjennomførast mest mogeleg samtidig med bompengeinnkrevjinga, slik at eventuelle låneopptak blir små.

I det eksisterande bompengeopplegget med einvegs innkrevjing i bomstasjonen på rv 108 på Bukkholmen er takstane 50 kr for lette køyretøy og 100 kr for tunge køyretøy. Ved forlenging av innkrevjinga er det lagt til grunn ein reduksjon av takstane til 20 kr for lette køyretøy og 40 kr for tunge køyretøy. Det er føresett at ordninga med einvegs bompengeinnkrevjing blir vidareført.

På grunn av eit komplisert trafikkbilete er det etablert spesielle rabattordningar for å få eit mest mogeleg rettferdig takstopplegg i den eksisterande bompengeordninga. Ved forlenging av innkrevjinga er det lagt til grunn rabattar i tråd med dei gjeldande takstretningslinjene, men dei lokale vedtaka har føresett forlenga fritak for trafikk til to hytteeigedommar på Bukkholmen. Eigedommane ligg i Fredrikstad kommune, og tilkomstane burde vore etablert nord for bomstasjonen, i Fredrikstad kommune, men på grunn av vanskeleg terreng er dei etablert sør for bomstasjonen. Vegdirektoratet tilrår at dei to eigedommane også får fritak ved forlenging av bompengeinnkrevjinga.

Statens vegvesen reknar med ein eingongsauke i trafikken gjennom bomstasjonen på 9 pst. når takstane blir reduserte. I tillegg er det lagt til grunn ein generell trafikkvekst på 0,7 pst. pr. år, i samsvar med prognosane som vart utarbeidde for Østfold i samband med Nasjonal transportplan for perioden 2006-2015. Det er etter dette rekna med at ÅDT gjennom bomstasjonen blir om lag 4 500 køyretøy i 2007. Vidare er det lagt til grunn at tungtrafikken vil utgjere om lag 8 pst.

Nummerskiltanalysen frå 2005 viser at berre om lag 25 prosent av trafikken som passerer bomstasjonen på rv 108 på Bukkholmen, køyrer på delar av fv 472 til Utgårdskilen. Samstundes har trafikken på fv 472 vore med på å finansiere fastlandssambandet til Kirkøy på rv 108 utan å ha hatt direkte nytte av tunnelen. Utbetring av fv 472 til Utgårdskilen er viktig for Hvaler kommune. Etter Vegdirektoratet sitt syn kan utbetringa vurderast som del av ei trinnvis utbygging av eit samanhengande infrastrukturnett i Hvaler kommune. Utbygginga starta med delvis bompengefinansiert utbygging av fastlandssambandet til dei vestre Hvalerøyane (Vesterøy, Spjærøy og Asmaløy) tidleg på 1970-talet. På slutten av 1980-talet vart utbygginga vidareført gjennom delvis bompengefinansiert utbygging av fastlandssambandet til Kirkøy. Det er no lokalpolitisk tilslutning til forlenga innkrevjing i bomstasjonen på rv 108 på Bukkholmen for å delfinansiere tiltaka på fv 472. Vegdirektoratet tilrår derfor at det skisserte opplegget blir godkjent.

Ein reknar med at forlenginga av innkrevjingsperioden med to år gir eit bompengebidrag på til saman 15,5 mill. kr til investeringar på fv 472 til Utgårdskilen. Følgjande basisføresetnader er elles lagt til grunn for utrekningane:

  • Innkrevjingsstart 1. januar 2007.

  • Gjennomsnittleg bompengetakst pr. køyretøy: 14,40 kr.

  • Årlege kostnader til bompengeinnkrevjing: 4,1 mill. kr.

  • Lånerente: 6,5 pst.

  • Årleg prisstigning: 2,0 pst.

Dersom det blir lagt til grunn at det ikkje blir eingongsauke i trafikken og at gjennomsnittstaksten blir redusert med om lag 1 kr, er det rekna ut at innkrevjingsperioden må bli utvida med om lag eit halvt år for å oppnå bompengeinntekter som føresett. Det er ikkje aktuelt å setje opp realtakstane. I dei lokale vedtaka er det lagt til grunn at bompengeperioden kan forlengast med inntil 2 ½ år, men det er føresett at innkrevjinga blir avslutta før oppstart på foreslått bompengeinnkrevjing for prosjektet rv 108 Ny Kråkerøyforbindelse i Fredrikstad. Dersom tiltaka ikkje kan gjennomførast innanfor innkrevjingsperioden på maksimalt 2 ½ år, må tiltakspakken reduserast, jf. prioriteringa i dei lokale vedtaka.

Østfold fylkeskommune har forplikta seg til å bidra med 8 mill. kr til utbygginga, fordelt på 2007 og 2008. Hvaler kommune har forplikta seg til å bidra med 2,5 mill. kr i 2007. Dette gir ei samla finansieringsramme på 26 mill. kr, fordelt med 15,5 mill. kr i bompengar og 10,5 mill. kr i lokale bidrag. Det er ikkje føresett statlege midlar til utbygginga.

Hvaler kommune og Østfold fylkeskommune har fatta vedtak om å stille garanti for eventuelle låneopptak i samband med utbygginga. I bompengeføresetnadene er det tatt høgde for eit oppstartlån på inntil 3 mill. kr, dersom det skulle bli behov for dette.