St.prp. nr. 80 (2002-2003)

Om samtykke til godkjenning av avgjerd i EØS-komiteen nr. 48/2003 av 16. mai 2003 om innlemming i EØS-avtala av direktiv 2000/35/EF om kamp mot forseinka betaling i handelshøve

Til innhaldsliste

6 Konklusjon og tilråding

Sidan det berre er tale om mindre justeringar i norsk rett, vil gjennomføring av direktivet truleg ha mindre å seie for norske tilhøve enn det vil ha å seie for statar som ikkje allereie har eit tilfredsstillande regelverk på dette området. Ved å gjennomføre direktivet vil ein likevel lettare kunne påvise overfor andre, t.d. utanlandske verksemder, at Noreg har eit regelverk om forseinka betaling som er i tråd med det europeiske regelverket på området. Det er difor grunn til å tru at norske verksemder som handlar med utanlandske verksemder i EØS, ser det som ei føremon at direktivet vert gjennomført, sjølv om det ikkje medfører store endringar i norsk rett.

Justisdepartementet tilrår på denne bakgrunnen at Noreg godkjenner avgjerda i EØS-komiteen. Utanriksdepartementet sluttar seg til dette.