St.prp. nr. 80 (2006-2007)

Om endringar i statsbudsjettet for 2007 som følgje av takstoppgjera for legar, psykologar og fysioterapeutar

Til innhaldsliste

4 Forhandlingar om basistilskot, driftstilskot og takstar for legar og psykologar

Forhandlingane mellom Den norske legeforening, staten, KS og dei regionale helseføretaka om basistilskot, driftstilskot og takstar for tidsrommet 1. juli 2007 - 30. juni 2008, tok til i midten av mai 2007. Det same gjeld forhandlingane om driftstilskot og takstar mellom Norsk Psykologforening, staten og dei regionale helseføretaka. Desse forhandlingane er førebels ikkje avslutta. Partane held fram forhandlingane med sikte på å nå fram til avtalar.

Spørsmålet om eventuelle meirutgifter for folketrygda som følgje av nye avtalar frå 1. juli med Den norske legeforening og Norsk Psykologforening, kan ikkje leggjast fram for Stortinget til handsaming i vårsesjonen. Departementet bed difor om fullmakt til å gjere endringar i trygderefusjonane som følgje av dei avtalane partane eventuelt kjem fram til. Løyvingssaka vil bli lagt fram for Stortinget seinare.