St.prp. nr. 82 (2003-2004)

Om samtykke til godkjenning av avgjerd i EØS-komiteen nr. 112/2004 om innlemming i EØS-avtala av direktiv 2002/73/EF om gjennomføring av prinsippet om lik handsaming av menn og kvinner når det gjeld tilgang til arbeid, yrkesutdanning og forfremjing, og når det gjeld arbeidsvilkår (direktivet om lik handsaming)

Til innhaldsliste

2 Nærmare om direktivet

Europaparlaments- og rådsdirektiv 2002/73/EF inneber ei rekkje endringar i rådsdirektiv 76/207/EØF, som er ein del av EØS-avtala. Direktivet om lik handsaming tek sikte på å gjennomføre den rettspraksisen som ligg føre frå EF-domstolen, og justeringar i høve til EU si diskrimineringspakke, som mellom anna inneheld rådsdirektiv 2000/78/EF om forbod mot skilnadshandsaming i arbeidslivet og rådsdirektiv 2000/43/EF om forbod mot skilnadshandsaming på grunn av rase eller etnisk opphav. Føremålet med direktivet om lik handsaming er å styrkje likestillinga mellom kjønna. I fortala til direktivet vert det vist til at likestilling mellom kvinner og menn er eit grunnleggjande prinsipp etter artikkel 2 og artikkel 3 nr. 2 i Amsterdam-traktaten. Det følgjer av føresegnene i traktaten at likestilling mellom kvinner og menn er eit mål for Fellesskapet, som uttrykkjeleg vert pålagt å fremje likestilling i all verksemda si. Vidare vert det vist til artikkel 141, særleg nr. 3, som gjeld krav om likestilling på arbeidslivsområdet.

I direktivet er det fastsett at medlemsstatane aktivt skal ta omsyn til målet om likestilling ved utarbeidinga og gjennomføringa av lover og forskrifter. Det same gjeld i høve til politikkutforming og verksemd innanfor verkeområdet til direktivet. Direktivet forbyr skilnadshandsaming på grunn av kjønn, og definerer direkte og indirekte skilnadshandsaming, trakassering og seksuell trakassering. Ein instruks om å utsetje ein person for skilnadshandsaming på grunnlag av kjønn, skal òg reknast som slik skilnadshandsaming. Medlemsstatane må i tillegg innføre føresegner som vernar mot attergjelding frå arbeidsgjevaren fordi ein arbeidstakar eller arbeidstakarrepresentant har sett fram klage mot eller forfølgt ei sak om skilnadshandsaming. Den retten som kvinner har til å vende tilbake til same stilling etter fødselspermisjon, vert klarlagd. Menn får òg stillingsvern i dei statane som har reglar om særskild farspermisjon. Direktivet viser vidare til føresegna om positiv særskild handsaming i artikkel 141 nr. 4 i Amsterdam-traktaten. Ved innlemming av direktivet i EØS-avtala er ordlyden i artikkel 141 nr. 4 i Amsterdam-traktaten teken med i ei tilpassingstekst.

Medlemsstatane vert pålagde å sikre at alle som kjenner seg skadelidande i høve til føresegnene i direktivet, skal ha tilgang til rettargang og/eller forvaltingsmessige framgangsmåtar. Foreiningar, organisasjonar og andre med rettsleg interesse skal òg, med godkjenning frå klagaren, kunne engasjere seg i rettargang og/eller forvaltingsmessige framgangsmåtar for å sikre at pliktene i direktivet vert stetta.

Statane må sikre ei faktisk og verknadsfull skadebot eller godtgjering for det tapet og den skaden som ein person er påførd som følgje av skilnadshandsaming. EF-domstolen har i tolkinga si av rådsdirektiv 76/207/EØF lagt til grunn at omsynet til ei effektiv gjennomføring av diskrimineringsforbodet krev eit objektivt skadebotansvar, dvs. ansvar utan skuld. Reglane om delt provtyngsle som er fastsette i rådsdirektiv 97/80/EF, som er ein del av EØS-avtala, gjeld for saker om skilnadshandsaming på grunn av kjønn etter mellom anna rådsdirektiv 76/207/EØF, og vil òg gjelde for føresegnene i direktivet om lik handsaming.

Fristen for gjennomføring av direktivet i nasjonal rett er 5. oktober 2005.