St.prp. nr. 82 (2003-2004)

Om samtykke til godkjenning av avgjerd i EØS-komiteen nr. 112/2004 om innlemming i EØS-avtala av direktiv 2002/73/EF om gjennomføring av prinsippet om lik handsaming av menn og kvinner når det gjeld tilgang til arbeid, yrkesutdanning og forfremjing, og når det gjeld arbeidsvilkår (direktivet om lik handsaming)

Til innhaldsliste

4 Tilhøvet til norsk rett

Norsk rett er i hovudsak i samsvar med direktivet, men innlemminga i EØS-avtala krev likevel nokre endringar i likestillingslova. Reglane om delt provtyngsle og objektivt skadebotansvar i likestillingslova vert ikkje nytta i saker om seksuell trakassering. Ved innlemming av direktivet i EØS-avtala må dette unntaket opphevast. Det vil òg vere naudsynt å endre definisjonen av trakassering i likestillingslova, slik at han òg omfattar trakassering på grunn av kjønn.

Visse tilfelle av attergjelding vil kunne råkast av forbodet i arbeidsmiljølova mot usakleg oppseiing og vern mot trakassering eller anna utilbørleg framferd. Men det finst ikkje noko generelt forbod mot attergjelding, og det vil vere naudsynt å innføre dette i likestillingslova.

Direktivet krev ikkje at ein instruks om å drive skilnadshandsaming faktisk får ein diskriminerande verknad, det er instruksen i seg sjølv som utgjer diskrimineringa. Dette følgjer alt av likestillingslova, men det må presiserast i lova.