St.prp. nr. 86 (1999-2000)

Om samtykke til godkjenning av avgjerd i EØS-komiteen nr. 66/2000 av 31. juli 2000 om endring av vedlegg XI til EØS-avtala (telekommunikasjonstenester)

Til innhaldsliste

1 Bakgrunn

EØS-komiteen tok 31. juli 2000 avgjerd om å innlemme europaparlaments- og rådsdirektiv 1999/93/EF av 13. desember 1999 om en fellesskapsramme for elektroniske signaturer i vedlegg XI til EØS-avtala(telekommunikasjonstenester).

Bakgrunnen for direktivet er at utviklinga av elektronisk handel over opne globale nett gjer det naudsynt med autentisering av elektroniske signaturar. Ulike regelverk om rettsleg godkjenning av elektroniske signaturar og akkreditering av sertifikatutferdarar kan skape hindringar for elektronisk handel og hindre utviklinga av den indre marknaden. Difor trengst det eit harmonisert rammeverk for bruk av elektroniske signaturar.

Avgjerda i EØS-komiteen om å innlemme europaparlaments- og rådsdirektiv 1999/93/EF i EØS-avtala vart frå norsk side teken med atterhald om samtykke frå Stortinget, ettersom gjennomføringa i norsk rett gjer det naudsynt med lovendring, jf. Grl. § 26 andre leddet. Gjennom denne proposisjonen vert Stortinget oppmoda om å gje samtykke til godkjenning av avgjerd nr. 66/2000 i EØS-komiteen. Nærings- og handelsdepartementet vil fremje ein eigen odelstingsproposisjon med framlegg til ei ny lov som vil gjennomføre direktivet norsk rett.

Avgjerda i EØS-komiteen og direktivet i uoffisiell norsk omsetjing følgjer som trykte vedlegg til proposisjonen.