St.prp. nr. 86 (1999-2000)

Om samtykke til godkjenning av avgjerd i EØS-komiteen nr. 66/2000 av 31. juli 2000 om endring av vedlegg XI til EØS-avtala (telekommunikasjonstenester)

Til innhaldsliste

5 Vurdering

Ein reknar med at direktivet vil påverke den norske marknaden for sertifikatutferdarar og elektroniske signaturprodukt i positiv retning. Å regulere tilbodet av kvalifiserte sertifikat vil stimulere til bruk av sertifikat med eit særleg høgt tryggleiksnivå. Direktivet vil medverke til at tilliten til marknaden og tilliten til bruk av elektroniske signaturar i samfunnet aukar. Dette kan igjen medverke til at signaturteknologi vert teken i bruk på brei basis.

Direktivet krev at det vert skipa ei obligatorisk tilsynsordning for utferdarar av kvalifiserte sertifikat. Tilsynet må stette visse kriterium. Desse kriteria vert utarbeidde av Kommisjonen med medverknad frå den førnemnde komiteen der EFTA/EØS-statane har rett til å ta del. Det vert gjort framlegg om at Post- og teletilsynet vert utpeikt som tilsyn for Noreg.

I ein startfase vil det vere ein viss økonomisk risiko for sertifikatutferdarar i samband med med å gå inn i ein ny marknad. Denne risikoen vert forsterka dersom utferdarane vert møtte av økonomiske barrierar i form av høge registreringsgebyr, tilsynsavgifter og liknande. Nærings- og handelsdepartementet vil sjå nærmare på korleis desse problema kan avhjelpast i ein startfase.

Nærings- og handelsdepartementet rår til at avgjerda i EØS-komiteen om å ta direktivet om elektroniske signaturar inn i EØS-avtala vert godkjend. Utanriksdepartementet sluttar seg til dette.