St.prp. nr. 87 (1999-2000)

Om samtykke til ratifikasjon av ein protokoll av 30. november 1999 til konvensjonen om langtransportert grensekryssande luftureining av 13. november 1979, som gjeld reduksjon av forsuring, overgjødsling og bakkenært ozon

Til innhaldsliste

2 Forhandlingane

Sidan protokollen om vidare reduksjonar av svovelutslepp vart underteikna i Oslo i 1994, har det gått føre seg omfattande fagleg samarbeid under konvensjonen om langtransportert grensekryssande luftureining for å leggje grunnlaget for nye avtalar på grunnlag av tolegrenser i naturen. Førebuingane til forhandlingane om protokollen om reduksjon av forsuring, overgjødsling og bakkenært ozon starta hausten 1994. Formelle forhandlingar starta våren 1997.

Det vart alt frå starten av lagt til grunn at den nye protokollen skulle sjå fleire av dei grensekryssande miljøproblema under eitt, mellom anna forsuring, overgjødsling og bakkenært ozon. Målet var òg å trekkje inn nytten av reduksjonar i utslepp for mellom anna helse og nedbryting av materiale når ulike nivå og fordeling av utsleppsreduksjonar skulle vurderast. Det vart først lagt til grunn at protokollen skulle setje nasjonale tak for utslepp av nitrogenoksid (NOx), ammoniakk (NH3) og flyktige organiske sambindingar med unnatak av metan (NMVOC). Seinare i forhandlingsprosessen vart partane òg samde om å forhandle om utsleppstak for svoveldioksid (SO2). Den viktigaste grunnen til at det allereie no vart forhandla om nye forpliktingar om utslepp av svoveldioksid, var at ein ville redusere forsuringsproblema på ein mest mogeleg kostnadseffektiv måte ved òg å inkludere desse utsleppa.

Forhandlingane tok utgangspunkt i dei prinsippa som ligg til grunn for svovelprotokollen av 1994 og ei vidare utvikling av desse. Det inneber at det først vart rekna ut korleis reduksjonane i utslepp av dei ulike ureiningsstoffa bør fordelast mellom statane for å nå ei ønskt forbetring av miljøtilstanden på ein mest mogeleg kostnadseffektiv måte. Denne tilnærminga er heilt i tråd med Noreg sine prioriteringar i arbeidet med å redusere miljøproblema som følgjer av langtransportert grensekryssande luftureining.

Mellom fleire ulike utrekningsmåtar valde ein å føre forhandlingar på grunnlag av eit såkalla referansescenario. Dette viste ei kostnadseffektiv fordeling mellom statar av reduksjonar i utslepp for dei ulike stoffa som er naudsynte for å nå eit bestemt mål for forbetringar av miljøet.

Protokollen inneheld to slags forpliktingar. Forpliktingar om maksimale nasjonale utslepp av dei ulike gassane i 2010 er det eine. Det andre er utsleppsstandardar og teknologikrav fastsette i vedlegg til protokollen. Nokre av teknologikrava i vedlegga er bindande. Av desse opnar nokre for bruk av andre løysingar som gjev same miljøeffekt. Vedlegga inneheld òg rettleiande standardar. Dei krava som er bindande, fell i hovudsak saman med krav i EU-direktiv som er innlemma i EØS-avtalen eller som det no vert arbeidd med å innlemme i avtalen.

Dei norske posisjonane i forhandlingane vart løpande førebudde og handsama i samarbeid med dei departementa saka vedgår. Miljøverndepartementet leidde den norske delegasjonen til forhandlingane. Vidare deltok representantar frå Finansdepartementet, Landbruksdepartementet, Nærings- og handelsdepartementet, Olje- og energidepartementet, Samferdselsdepartementet og Statsministerens kontor på eitt eller fleire forhandlingsmøte. Statens forureiningstilsyn og Det norske meteorologiske institutt var rådgjevarar for forhandlingsdelegasjonen.

Til forsida