St.prp. nr. 87 (1999-2000)

Om samtykke til ratifikasjon av ein protokoll av 30. november 1999 til konvensjonen om langtransportert grensekryssande luftureining av 13. november 1979, som gjeld reduksjon av forsuring, overgjødsling og bakkenært ozon

Til innhaldsliste

4 Innhaldet i protokollen

For første gong er det vedteke ein protokoll som ser dei tre miljøproblema forsuring, bakkenært ozon og overgjødsling i samanheng og som ut frå dette regulerer utslepp av dei fire stoffa svoveldioksid (SO2), nitrogenoksid (NOx), ammoniakk (NH3) og flyktige organiske sambindingar (VOC). Tidlegare protokollar under konvensjonen om langtransportert grensekryssande luftureining regulerer utslepp av SO2, VOC og NOx enkeltvis, og har medført at utsleppa av desse stoffa i Europa har vorte reduserte sidan midten av 1980-talet. Referansebaner for utslepp basert på eksisterande lovgjeving tilseier vidare at ein kan vente reduksjonar i utslepp i åra framover for Europa sett under eitt. Den nye protokollen stadfester denne positive utviklinga. Samla sett, ut frå eksisterande protokollar/vedteken lovgjeving og den nye protokollen, har statane i Europa no forplikta seg til å redusere utsleppa i 2010 av SO2 med 63% og NOx med 41% i forhold til 1990.

Avsetningar av svovel og nitrogen bidreg til at tolegrensene for forsuring vert overskridne. For Europa under eitt tyder den nye protokollen at område (økosystem) der tolegrensene vert overskridne med omsyn til forsuring, vil bli redusert frå om lag 93 mill. hektar i 1990 til om lag 15 mill. hektar i 2010, ei forbetring på 84%. Den gjennomsnittlege prosentdelen av økosystem med overskriding av tolegrensene for forsuring i Europa vil gå ned frå om lag 16% til 2,6%. Det er store regionale forskjellar med omsyn til om forsuring er eit problem. For nokre land vil forbetringa i miljøkvalitet vere vesentleg. Dei nye forpliktingane vil ikkje berre redusere areala med overskriding, men òg føre til at nivået for belastning vert redusert i område der det framleis vil vere overskriding, dvs. at graden av overskriding vert redusert.

Også for forsuringssituasjonen i Noreg inneber protokollen ei vidareføring av dei gode resultata som er oppnådde sidan midten av 1980-talet. Frå 1985 og fram til i dag har område med forsuringsskadar i Noreg vorte redusert med meir enn 30%. Basert på allereie vedtekne protokollar og eksisterande lovgjeving i europeiske statar er det venta ytterlegare forbetringar i åra framover. Med den nye protokollen vil områda som står att med overskridingar av tolegrenser for forsuring bli redusert med 71% i forhold til 1990. Likevel vil tolegrensene innanfor 7-8% av arealet i Noreg vere overskridne i 2010, sjølv med full effekt av den nye protokollen. Dei resterande forureiningsproblema i Noreg vil i 2010 i hovudsak vere å finne i Aust- og Vest-Agder og Rogaland. Grunnen er at desse områda har låge tolegrenser og at dei framleis vil motta størst nedfall av forsurande sambindingar.

Nitrogen frå både NOx og NH3 bidreg til at tolegrensene for gjødslingseffektar vert overskridne. Den nye protokollen vil for Europa samla sett medføre at areal med overskriding av tolegrensene vert redusert med 34% frå 1990 til 2010. For Noreg er den tilsvarande forbetringa 88%. Når protokollen har full effekt, er det forventa at tolegrensene for overgjødsling vil vere overskridne på 2% av arealet i Noreg.

VOC og NOx bidreg til danning av bakkenært ozon, og nivåa som indikerer skadegrenser for vegetasjon og menneskehelse, er overskridne i store delar av Europa. Den nye protokollen vil for Europa samla sett redusere overskridingane. Som ein illustrasjon på endringa i belastning på menneske og vegetasjon har ein brukt nemninga «millionar-person-konsentrasjonstimar» og «1 000 km2-konsentrasjonstimar» over fastsette skadegrenser. Overskridingane med omsyn til helse vert reduserte med 69% frå 1990 til 2010 som følgje av protokollen, og med 44% med omsyn til vegetasjon. For Noreg er forbetringane på 100% for begge. Det vil seie at ein frå 2010, når protokollen har full effekt, ikkje ventar å ha konsentrasjonar av bakkenært ozon i Noreg som overskrir skadegrensene.

Utslepp av SO2, NOx, NH3 og VOC dannar sekundære partiklar under transport med luftmassane til Noreg. Dette kjem i tillegg til dei direkte partikkelutsleppa. Partikkelureining medfører helseskadar. Utrekningar tyder på at utsleppsforpliktingane i Göteborgprotokollen kan gjere at tilførselen av sekundære partiklar til Noreg frå andre land blir redusert med omlag 40%, noko som vil gje ein vesentleg helsegevinst for landet.

Til forsida