St.prp. nr. 87 (2006-2007)

Om utbygging og finansiering av E6 på strekningane Gardermoen (Hovinmoen) – Dal og Skaberud – Kolomoen i Akershus og Hedmark

Til innhaldsliste

7 Fylkeskommunal garanti

Som det går fram av kap. 3.2, har Hedmark og Akershus fylkeskommunar fatta vedtak om fylkeskommunale garantiar for eit bompengelån på inntil 1 100 mill. kr til første utbyggingsetappe, fordelt med 550 mill. kr på kvar av garantistane. Dei fylkeskommunale garantiane skal godkjennast av Kommunal- og regionaldepartementet. Garantien vil først kome til utbetaling dersom gjelda ikkje blir mogleg å handtere etter at realtakstane er auka med inntil 20 pst. og bompengeperioden er forlenga med inntil 5 år.