St.prp. nr. 9 (2004-2005)

Om samtykke til deltaking i ei avgjerd i EØS-komiteen om innlemming i EØS-avtala av avgjerd nr. 790/2004/EF av 21. april 2004 om fastsetjing av eit fellesskapshandlingsprogram for å fremje europeiske organ på ungdomsområdet (programmet for ungdomsorganisasjonar)

Til innhaldsliste

1 Bakgrunn

EU-programmet om tiltak for å fremje europeiske organ på ungdomsområdet vart formelt vedteke i EU 21. april 2004 ved europaparlaments- og rådsavgjerd nr. 790/2004/EF. Programmet gjeld for tidsrommet 2004-2006.

EU har i mange år gjeve økonomisk støtte til verksemda til internasjonale ikkje-statlege barne- og ungdomsorganisasjonar og til Det europeiske ungdomsforumet. På grunnlag av rådsforordning nr. 1605/2002 av 25. juni 2002 om finansreglementet har Europaparlamentet og Rådet, etter framlegg frå Kommisjonen, vedteke å samle dei økonomiske ressursane som er vortne nytta til denne støtta, i det programmet som er nemnt ovanfor.

I samforståing med Kommisjonen vil deltakinga for EØS-EFTA-statane først vere aktuelt frå og med 1. januar 2005. Dette føreset at EØS-komiteen gjer vedtak hausten 2004.

Utkast til avgjerd i EØS-komiteen og uoffisiell norsk omsetjing av europaparlaments- og rådsavgjerd nr. 790/2004/EF følgjer som vedlegg til proposisjonen.