St.prp. nr. 9 (2004-2005)

Om samtykke til deltaking i ei avgjerd i EØS-komiteen om innlemming i EØS-avtala av avgjerd nr. 790/2004/EF av 21. april 2004 om fastsetjing av eit fellesskapshandlingsprogram for å fremje europeiske organ på ungdomsområdet (programmet for ungdomsorganisasjonar)

Til innhaldsliste

3 Konstitusjonelle tilhøve

Ettersom den norske deltakinga i programmet inneber økonomiske plikter over to år, må Stortinget gje samtykke til deltaking i avgjerda i EØS-komiteen, jf. § 26, andre leddet i Grunnlova.

For å hindre at Noreg seinkar iverksetjinga av avgjerda, og for å gjere det mogleg for EØS-EFTA-statane å ta del i programmet så tidleg som råd, gjer Regjeringa framlegg om at Stortinget gjev sitt samtykke før avgjerda vert teken i EØS-komiteen. Det vil dermed ikkje vere naudsynt for Noreg å ta atterhald for konstitusjonelle prosedyrar ved vedtakinga. Det er ikkje venta at det vil kome endringar i utkastet til avgjerda i EØS-komiteen. Dersom den endelige avgjerda ikkje i det alt vesentlege er i samsvar med det utkastet som er lagt fram i denne proposisjonen, vil saka verte lagd fram for Stortinget på nytt.