St.prp. nr. 9 (2007-2008)

Om samtykke til godkjenning av avgjerd i EØS-komiteen nr. 143/2007 av 26. oktober 2007 om innlemming i EØS-avtala av europaparlaments- og rådsforordning (EF) nr. 717/2007 om internasjonal gjesting i offentlege mobiltelefonnett i Fellesskapet osv.

Til innhaldsliste

5 Administrative og økonomiske konsekvensar

I artikkel 7 gjev forordninga nærmare reglar for tilsyn med oppfølginga av forordninga. Det vert lagt opp til at dei nasjonale tilsynsstyresmaktene i samarbeid med Kommisjonen skal føre tilsyn med etterlevinga av forordninga, medrekna overvaking av prisnivået. Tilsynsstyresmakta skal sikre offentleggjering av lett tilgjengelege ajourførde oversikter over takstar på engros- og sluttbrukarnivå. Forordninga legg òg opp til at dei nasjonale tilsyna kvar 6. månad skal rapportere til Kommisjonen (i Noreg sitt tilfelle til EFTAs overvakingsorgan) om resultatet av tilsynet.

Den nye reguleringa vil såleis innebere ein del nye oppgåver for Post- og teletilsynet og dei andre europeiske NRA-ane (regulatørane). Det vil m.a. vere naudsynt å innhente prisinformasjon frå tilbydarane. I denne samanhengen er det naudsynt at dei europeiske NRA-ane samordnar aktivitetane sine. Dette vil bli gjort gjennom ERG (European Regulators Group) der Post- og teletilsynet tek del som observatør. Litt fleire ressursar må òg påreknast til å sikre offentleggjering av informasjon og rapportering til EFTAs overvakingsorgan. Ein reknar likevel ikkje at dette vil auke ressursbruken i særleg grad, ettersom tilsynet alt etter det gjeldande regelverket har rutinar for innhenting av informasjon frå mobiltilbydarane. Post- og teletilsynet er brukarfinansiert, og eventuelle auka kostnader vil difor måtte finansierast av aktørane på marknaden.

Når endringa av EØS-avtala tek til å gjelde, er det ein føresetnad at nasjonale tilbydarar og sluttbrukarar m.a. får prisreduksjon i form av overgang til «eurotakst». Det er vanskeleg å seie på førehand kva den nøyaktige nettoeffekten av prisnedsetjinga vil vere for norske mobiltilbydarar. Bakgrunnen for dette er at prisane skal ned både på engros- og sluttbrukarnivå. Marginane til tilbydarane varierer i dag innanfor dei aller fleste avtalene om gjesting i mobilnett. Engrosprisen varierer mellom ulike tilbydarar i Europa, medan fleire av dei norske tilbydarane har selt gjesting i mobilnett til gjennomsnittsprisar. Det kan hende at norske mobiltilbydarar i mange tilfelle vil få lågare kostnader i samband med gjesting i mobilnett enn i dag, når kundane deira ringjer frå utlandet. Ettersom det er fleire nordmenn som reiser til andre europeiske land enn utlendingar som reiser til Noreg, kan reknestykket for norske tilbydarar kome positivt ut. Det må dessutan forventast at ein lågare sluttbrukarpris fører til auka bruk, noko som vil føre til høgare vinst for norske tilbydarar. Difor er det svært sannsynleg at både norske tilbydarar og norske sluttkundar vil tene på reguleringa. Samfunnsøkonomisk vil vinsten kunne verte stor.