St.prp. nr. 94 (1998-99)

Om samtykke til godkjenning av EØS-komiteens avgjerd nr. 53/99 av 30. april 1999 om endring av vedlegg IX til EØS-avtalen om finansielle tenester

Til innhaldsliste

1 Bakgrunn

Ved EØS-komiteens avgjerd nr. 53/99 av 30. april 1999 vart europaparlaments- og rådsdirektiv 98/26/EF av 19. mai 1998 om endeleg oppgjer i betalingssystem og i oppgjerssystem for verdipapir, tekne inn i EØS-avtalen. Direktivet vil gå inn i vedlegg IX til avtalen, som gjeld finansielle tenester. Fordi gjennomføringa i norsk rett krev lovendring, vart avgjerda i EØS-komiteen teken med atterhald om samtykke frå Stortinget i medhald av Grunnlovens § 26, 2. ledd og EØS-avtalens artikkel 103 nr. 1.

EØS-komiteens avgjerd nr. 53/99 og europaparlaments- og rådsdirektiv 98/26/EF følgjer som trykt vedlegg i norsk versjon.

Hovudføremålet med direktivet er å minske risikoen i avreknings- og oppgjerssystem for betalingar og overføringar av finansielle instrument mellom bankar eller verdipapirføretak. Ved betalingar mellom bankar oppstår det ei rekkje fordringstilhøve som kan avreknast mot kvarandre til nettofordringar og nettoskyldnader og gjerast opp ved overføringar mellom bankane sine konti i ein oppgjersbank. Slik avrekning med nettobasert oppgjer er ein vanleg oppgjersmåte for pengeskyldnader både nasjonalt og internasjonalt. Dette gjeld også i aukande grad for verdipapir og andre finansielle instrument. Nettooppgjer gjev fleire fordelar for bankane ved at det reduserer likviditetsbehovet og transaksjonskostnadene deira, men kan òg medføre risiko dersom systema ikkje byggjer på ein trygg rettsleg basis. Dette gjeld særleg ved insolvens hos ein av dei deltakande bankane i systemet. Direktivet gjev reglar som skal sikre at avrekning og oppgjer mellom dei deltakande bankane eller verdipapirføretaka i systemet skal kunne gjennomførast sjølv om ein deltakar kjem under insolvenshandsaming. Reglane i direktivet gjev såleis utvida høve til motrekning i konkurs for dei avreknings- og oppgjersavtalane som vert omfatta av direktivet.