St.prp. nr. 94 (1998-99)

Om samtykke til godkjenning av EØS-komiteens avgjerd nr. 53/99 av 30. april 1999 om endring av vedlegg IX til EØS-avtalen om finansielle tenester

Til innhaldsliste

2 Nærare om direktivet

Direktivet gjeld etter artikkel 2 system mellom tre eller fleire deltakarar, i tillegg til ein eventuell avrekningssentral, sentral motpart eller eit eventuelt oppgjersføretak. Medlemsstatane kan likevel i enkelttilfelle vedta at system med færre deltakarar skal omfattast når omsynet til systemrisiko gjer det rimeleg. Systemet skal basere seg på felles reglar og standardiserte ordningar for utføring av overføringsordningar. Etter artikkel 2 a) skal systemet vere underlagt lovgjevinga i den medlemsstaten som er vald av deltakarane i systemet. Deltakarane kan likevel berre velje lovgjevinga i ein medlemsstat der minst ein av deltakarane har hovudkontor. Styresmaktene i vedkommande land skal forvisse seg om at reglane for systemet er føremålstenlege.

Artikkel 3 i direktivet gjev reglar om rettsvern for avreknings- og oppgjersavtalar. Etter artikkel 3 nr. 1 i direktivet skal ein overføringsordre vere bindande overfor tredjepartar sjølv om det er innleidd insolvenshandsaming hos ein deltakar i systemet. Vilkåret er at overføringsordren er lagd inn i oppgjerssystemet før insolvenshandsaming er innleidd. Tidspunktet for innleiing av insolvenshandsaming er i artikkel 6 i direktivet sett til tidspunktet då den rette forvaltings- eller rettsinstansen tek avgjerda si. Etter artikkel 3 nr. 3 i direktivet skal det gå fram av dei felles reglane for oppgjerssystemet kva som skal reknast som tidspunkt for innlegging av ein overføringsordre i systemet.

Etter artikkel 3 nr. 2 skal ikkje nasjonale lover, forskrifter eller praksis gje høve til å reversere ei avrekning.

Etter artikkel 4 kan medlemsstatar fastsetje at insolvenshandsaming ikkje skal vere til hinder for at midlar eller verdipapir som er disponible på oppgjerskontoen til vedkommande deltakar, kan nyttast til å innfri vedkommande sine skyldnader i systemet same dagen som det vert innleidd insolvenshandsaming.

Etter artikkel 5 kan ein overføringsordre ikkje kallast tilbake av ein deltakar i systemet eller av ein tredjemann etter det tidspunktet som er fastsett i reglane for systemet.

Etter artikkel 6 nr. 2 skal den styresmakta som tek avgjerd om innleiing av insolvenshandsaming, straks melde frå om avgjerda til den ansvarlege styresmakta som medlemsstaten har oppnemnt. Styresmakta i denne medlemsstaten skal straks melde frå til dei rette styresmaktene i andre medlemsstatar, jf. artikkel 10 nr. 3.

Etter artikkel 7 skal ei insolvenshandsaming ikkje ha tilbakeverkande kraft på dei rettane og skyldnadene som ein deltakar har som følgje av deltaking i eit system før tidspunktet då insolvenshandsaming vart innleidd.

Artikkel 8 slår fast at dei rettane og skyldnadene som ein insolvent deltakar har som følgje av deltaking i systemet, skal avgjerast etter lovgjevinga i det landet som gjeld for systemet.

Etter artikkel 9 nr. 1 i direktivet skal rettane til trygd som er tildelt innan ramma av eit oppgjerssystem eller ein sentralbank, ikkje påverkast av insolvenshandsaming hos den som stiller trygda. Slik trygd skal kunne realiserast for å oppfylle dei skyldnadene som trygda er stilt for. Når det vert stilt trygd i form av pantsetjing av verdipapir, skal lovgjevinga i den EØS-staten der retten til eit verdipapir er registrert i eit register, på ein konto eller i ein verdipapirsentral, vere avgjerande for rettane til panthavaren.

Etter artikkel 10 første leddet i direktivet skal medlemsstatane melde frå om betalings- og verdipapiroppgjerssystem til Kommisjonen etter at dei har forvissa seg om at reglane i systemet er føremålstenlege. EFTA/EØS-statar skal gje slik melding til EFTAs overvakingsorgan (ESA). Dei einskilde systema skal etter artikkel 10 andre leddet opplyse medlemsstaten om kven som er deltakarar i systemet, og om eventuelle endringar med omsyn til deltakarane.

Direktivet har vore sendt på høyring til Justisdepartementet og Finansdepartementet. Ei breiare høyring av direktivteksten har ikkje vore sett som nødvendig.