St.prp. nr. 95 (1998-99)

Om samtykke til godkjenning av EØS-komiteen sitt vedtak nr 70/1999 av 2. juni 1999 om endring av protokoll 31 i EØS-avtala om EFTA-statane si deltaking i verksemda til EU med omsyn til analyse, forsking og samarbeid på sysselsetjings- og arbeidsmarknadsområdet (1998-2000)

Til innhaldsliste

5 Konklusjon og tilråding

EØS-avtala byggjer mellom anna på den frie rørsla av arbeidskraft innan heile EØS-området. Noreg har lang og omfattande røynsle med ein heilskapleg strategi for å fremje høg deltaking i arbeidslivet gjennom tiltak for å oppnå høg sysselsetjing og låg arbeidsløyse. Vi har også omfattande røynsle med ein aktiv arbeidsmarknadspolitikk i samarbeid med partane i arbeidslivet og andre aktørar på arbeidsmarknaden. Arbeids- og administrasjonsdepartementet meiner at verksemda kan gje viktige bidrag til forskinga om sysselsetjing og arbeidsløyse og samanheng mellom arbeidsmarknaden og andre politikkområde. Delar av dette vil dessutan vere samanliknande forsking mellom land som kan gje oss utvida perspektiv i høve til forsking og analyse der ein berre ser på norske tilhøve. Utanriksdepartementet sluttar seg til dette.