St.prp. nr. 96 (2008-2009)

Om samtykke til å setje i kraft ei skatteavtale med tilhøyrande protokoll mellom Noreg og Slovenia, underskriven i Ljubljana 18. februar 2008

Til innhaldsliste

3 Merknader til dei einskilde artiklane

Artiklane 1 og 2 har reglar om avtala sitt saklege bruksområde. I følgje artikkel 1 omfattar avtala personar som er busette (heimehøyrande) i den eine eller i begge statane. Artikkel 2 reknar opp kva for skattar som avtala omfattar for tida.

Artiklane 3-5 inneheld definisjonar av ulike ord og uttrykk i avtala.

Det følgjer av artikkel 3 punkt 1 a) at avtala også får verknad for den norske kontinentalsokkelen når det gjeld utøving av rettar med omsyn til havbotnen og undergrunnen og naturressursar der. Lik dei fleste andre skatteavtalene Noreg har inngått, får heller ikkje avtala med Slovenia verknad på Svalbard, Jan Mayen og dei norske bilanda. Slovenia omfattar havområde der Slovenia kan utøve sine suverene rettar eller jurisdiksjon etter slovensk lov og folkeretten, jf. artikkel 3 punkt 1 b).

Dei andre definisjonane i artikkel 3 følgjer stort sett OECD-mønsteret.

Artikkel 4 definerer omgrepet «person bosatt i en kontraherende stat». Punkta 2 og 3 regulerer korleis situasjonen blir når ein fysisk eller juridisk person blir rekna for å vere busett (heimehøyrande) både i Noreg og i Slovenia etter dei to statane si interne lovgiving.

Artikkel 5 inneheld ein definisjon av omgrepet «fast driftssted». Denne definisjonen er viktig fordi han gir ramma for skattlegging i kjeldestaten etter artikkel 7 av den fortenesta frå forretningsverksemd som ein person busett i den eine staten har frå verksemd i den andre staten.

I følgje artikkel 5 punkt 3 skal staden for eit byggjearbeid, eller eit anleggs- eller installasjonsprosjekt eller kontroll- eller rådgivingsverksemd knytt til slike, sjåast på som ein fast driftsstad for føretaket berre dersom staden blir oppretthalden eller prosjektet eller verksemda varer lenger enn 12 månader. Reglane i punkt 3 avvik frå OECD-mønsteret ved at både tilknytt kontrollverksemd og rådgivingsverksemd er særskild nemnde, slik det har vore vanleg i dei skatteavtalene Noreg har inngått i dei seinare åra.

I punkt 4 er det etter norsk ønskje teke inn reglar som i høve til OECD-modellen senkar terskelen for når eit føretak blir skattepliktig i den andre staten av tenester som blir utførde der.

Punkt 5 nemner kva omgrepet «fast driftssted» ikkje omfattar. Kort sagt går regelen ut på at innretningar som berre er til bruk for lagring, utstilling og utlevering eller anna førebuande verksemd eller hjelpeverksemd, ikkje skal utgjere ein fast driftsstad.

Punkt 6 regulerer når ein avhengig representant skal bli rekna for å utgjere ein fast driftsstad for føretaket. Når personen har, og vanlegvis nyttar, fullmakt til å slutte kontraktar på vegne av føretaket, skal han utgjere ein fast driftsstad for føretaket.

Punkt 7 slår fast at ein uavhengig representant ikkje utgjer fast driftsstad for oppdragsgivar så lenge han opptrer innanfor ramma av den vanlege forretningsverksemda si.

For verksemd på kontinentalsokkelen er det fastsett særreglar i artikkel 20, jf. merknadene nedanfor.

Artiklane 6-21 inneheld reglar om skattlegging av ulike former for inntekt. Desse reglane har som formål å hindre dobbel skattlegging, det vil seie at ein skattytar blir skattlagd i begge statar av same inntekt utan at skattlegginga i staten der inntekta skriv seg frå (kjeldestaten) blir teken omsyn til i staten der skattytaren er busett (bustadstaten). Dei detaljerte reglane om dei ulike formene for inntekt avgjer om det er bustadstaten eller kjeldestaten som skal ha den primære retten til å skattleggje.

Skatteavtala regulerer ikkje forskott på skatt. Statane kan derfor i prinsippet halde tilbake kjeldeskatt etter den fulle satsen som følgjer av interne lover. Når skatteavtala fører til at skatt anten skal betalast med ein redusert sats eller inntekta ikkje skal skattleggjast, må ein gjere ei justering (refusjon) i ettertid.

Artikkel 6 fastset at inntekt frå fast eigedom kan skattleggjast i den staten der eigedommen ligg (kjeldestaten). Det same gjeld inntekt frå direkte bruk av fast eigedom eller anna utnytting av han. Slik er også regelen i OECD-mønsteret.

Artikkel 7 inneheld reglar om skattlegging av fortenesta frå den forretningsverksemda som eit føretak heimehøyrande i ein kontraherande stat driv i den andre staten. Inntekt frå slik verksemd kan berre skattleggjast i den sistnemnde staten dersom verksemda blir utøvd gjennom ein fast driftsstad der. Dei nærmare definisjonane av kva ein skal forstå med omgrepet «fast driftsstad» er gitt i artikkel 5. Artikkel 7 inneheld hovudprinsippa for sjølve fastsetjinga av fortenesta som skriv seg frå den faste driftsstaden.

Som i OECD-mønsteret, er hovudregelen at berre inntekt som kjem frå den faste driftsstaden, skal kunne skattleggjast i kjeldestaten. Inntekt frå anna, ikkje tilknytt verksemd i same stat fell såleis utanfor grunnlaget for skatt av driftsstaden.

Punkt 2 i artikkelen inneheld grunnregelen for fastsetjing av fortenesta til den faste driftsstaden. Driftsstaden skal tilreknast den fortenesta som han venteleg ville ha hatt dersom han hadde vore eit særskilt sjølvstendig føretak som utøvde same eller liknande verksemd under same eller liknande tilhøve, og han opptredde heilt uavhengig av det føretaket som den faste driftsstaden tilhøyrer (armlengdeprinsippet).

Punkt 3 i artikkelen gir reglar om ramma for kva for utgifter ein kan trekkje frå når ein fastset den skattbare fortenesta til den faste driftsstaden.

Artikkel 8 gir reglar om skattlegging av forteneste frå internasjonal skips- og luftfartsverksemd, slik denne verksemda er definert i artikkel 3 punkt 1 i).

Punkt 1 skil seg noko frå OECD-mønsteret, ettersom det fastset at forteneste frå drift av skip eller luftfartøy som blir drivne i internasjonal fart, berre kan skattleggjast i den staten der føretaket er heimehøyrande, medan OECD-mønsteret lar det vere avgjerande kvar den verkelege leiinga av føretaket skjer. Dette er likt med dei skatteavtalene Noreg har inngått dei seinare åra og er føreslått som ei alternativ løysing i kommentarane til OECD-mønsteret. I dei fleste tilfelle gir dei to alternativa det same resultatet. Etter norsk syn er det likevel lettare å praktisere ein regel som byggjer på kvar føretaket er heimehøyrande i tilfelle der det ikkje er klart kvar den verkelige leiinga for føretaket har sitt sete. Dette gjeld særleg når føretaket blir drive av selskap eller andre samanslutningar med solidarisk ansvar for deltakarane. I følgje avtalen blir kvar deltakar skattlagd i den staten der deltakaren er busett.

Punkt 2 klargjer at reglane i punkt 1 også gjeld forteneste når eit føretak tek del i ein pool, i ei felles forretningsverksemd eller i eit internasjonalt driftskontor.

I punkt 3 finn ein særreglar som tek omsyn til inntekter som SAS-konsortiet mottek.

Artikkel 9 omhandlar føretak med fast tilknyting til kvarandre. Artikkelen gjeld assosierte føretak, det vil seie mor- og dotterselskap og føretak under felles kontroll og leiing. Regelen gir skattestyresmaktene høve til å setje opp den skattbare fortenesta til eit føretak. Vilkåret for slik høging er at fortenesta er redusert fordi føretaket og eit tilknytt føretak i sitt økonomiske samkvem har nytta forretningsvilkår som avvik frå dei som ville ha vore avtalt mellom uavhengige føretak under tilsvarande tilhøve. Når skattestyresmaktene rettar opp fortenesta i slike høve, så skal dei forretningsvilkåra som blei nytta, for skattleggingsformål bli erstatta med den såkalla armlengdestandarden, jf. skatteloven § 13-1. Regelen byggjer på prinsippa i OECD-mønsteret.

Artikkel 10 gjeld skattlegging av utbytte. Etter punkt 1 i artikkelen kan slike inntekter skattleggjast i den kontraherande staten der aksjonæren er busett. Dei same inntektene kan dessutan skattleggjast i den staten der selskapet som deler ut utbyttet er heimehøyrande (kjeldestaten), men reglane i punkt 2 set grenser for den skattesatsen som kan nyttast.

Punkt 2 a) gjeld utbytte til selskap som direkte kontrollerer minst 15 prosent av kapitalen i det selskapet som deler ut utbyttet. I slike høve er utbyttet friteke frå skatt i kjeldestaten.

I punkt 2 b) har ein laga ein særregel for norske deltakarar i selskap der deltakarane kvar for seg eller til saman har uavgrensa ansvar for selskapsgjelda (ansvarlege selskap, kommandittselskap mv.). Dersom ein person busett i Noreg er deltakar i eit slikt norsk selskap, og deltakaren aleine eller saman med andre deltakarar eig minst 15 prosent av kapitalen til det selskapet som deler ut utbyttet, så gjeld den same grensa for kjeldeskattesatsen som i punkt 2 a). Årsaka til denne særregelen er at slike selskap ikkje blir rekna som eigne skattesubjekt i Noreg, og at punkt 2 a) dermed ikkje gjeld for utbetalingar frå slovenske selskap til norske selskap med uavgrensa ansvar.

Regelen i punkt 2 c) avgrensar kjeldeskattesatsen i andre høve til 15 prosent.

I punkt 3 er det gjort unntak frå retten til å ileggje kjeldeskatt når regjeringa i ein av statane mottek utbyttet.

Det er eit vilkår i både punkt 2 og 3 at mottakaren er den verkelege rettshavar og ikkje til dømes ein stråmann for ein faktisk eigar anten i kjeldelandet eller i eit tredje land.

Dei avgrensingane i retten til å krevje kjeldeskatt som er nemnde ovanfor, gjeld likevel ikkje alltid. Kjeldestaten er ikkje bunden av desse satsane når dei aksjane som det blir delt ut utbytte frå, reelt er knytte til verksemda som blir driven gjennom ein fast driftsstad som rettshavaren har i den staten der det utdelande selskapet er heimehøyrande. Etter punkt 5 i artikkelen skal utbyttet i desse høva skattleggjast i samsvar med reglane i artikkel 7. Tilsvarande reglar gjeld etter artikkel 11 punkt 6 for renter og etter artikkel 12 punkt 4 for royalty.

Punkt 6 inneheld reglar som skal hindre at ein kontraherande stat skattlegg utbytte utbetalt av eit selskap i den andre kontraherande staten, berre fordi fortenesta som ligg til grunn for utbyttet, har si kjelde i den førstnemnde staten. Slike utbytte kan berre skattleggjast i den førstnemnde staten dersom mottakaren er busett i denne staten, eller som ein del av fortenesta til ein fast driftsstad.

Artikkel 11 handlar om renteinntekter. Som i OECD-mønsteret er det fastsett at slike inntekter kan skattleggjast både i den staten der mottakaren er busett, jf. punkt 1, og i den staten der rentene skriv seg frå, jf. punkt 2. Kjeldeskatten i den sistnemnde staten skal likevel ikkje overstige 5 prosent av bruttobeløpet av rentene. Det er for tida ingen allmenn heimel i norsk skattelov til å krevje kjeldeskatt av renter som blir utbetalte frå Noreg til mottakar busett i utlandet.

I punkt 3 har ein gjort unntak frå retten til å krevje kjeldeskatt av renter som blir mottekne av ein av dei kontraherande statane.

Av artikkel 10 punkt 3 og 11 punkt 4 går det uttrykkjeleg fram at unntaka frå kjeldeskatten på utbytte og på renter gjeld Statens Pensjonsfond. I protokollen til avtala er det bestemt at unntaka etter avtale mellom dei kompetente styresmaktene i dei kontraherande statane også skal gjelde for tilsvarande slovensk fond som måtte bli etablert.

Artikkel 12 gir reglar om skattlegging av royalty . Reglane svarer til reglane for renter i artikkel 11, men skil seg frå OECD-mønsteret. Royalty kan skattleggjast både i staten der mottakaren er busett og i kjeldestaten, men kjeldeskattesatsen er avgrensa til 5 prosent av bruttobeløpet av royaltyen. Det er for tida ingen heimel i norsk skattelov til å krevje kjeldeskatt av royalty som blir utbetalt frå Noreg til ein mottakar busett i utlandet.

Artikkel 13 handlar om skatt av formuesgevinstar. Regelen byggjer på prinsippet om at retten til å skattleggje formuesgevinst bør liggje hos den staten som hadde rett til å skattleggje formues­godet og avkastninga av dette før det blei avhenda.

Etter punkt 1 kan gevinst frå avhending av fast eigedom skattleggjast i den kontraherande staten der eigedommen ligg.

Gevinst frå avhending av lausøyre som utgjer driftsmiddel knytt til ein fast driftsstad, kan etter punkt 2 i artikkelen skattleggjast i den kontraherande staten der den faste driftsstaden ligg. Det same gjeld gevinst frå avhending av sjølve den faste driftsstaden.

Etter punkt 3 skal gevinst frå avhending av skip og luftfartøy som er drivne i internasjonal fart, berre kunne skattleggjast i den staten der føretaket som mottek gevinsten, er heimehøyrande.

Punkt 4 inneheld i tråd med OECD-mønsteret ein særregel som gir ein kontraherande stat rett til å skattleggje gevinstar frå sal av aksjar og andre selskapsrettar der meir enn 50 prosent av verdien av aksjane eller rettane skriv seg frå fast eigedom som ligg i denne staten. Det er for tida ingen heimel i norsk skattelov for slik skattlegging.

Gevinst frå avhending av andre formuesgode enn dei som er særskilt nemnde, kan berre skattleggjast i den staten der avhendaren er busett, jf. punkt 5.

Lønnsinntekter er omhandla i artikkel 14. Som etter OECD-mønsteret tilkjem det den staten der lønnsmottakaren er busett å skattleggje lønnsinntektene, dersom ikkje arbeidet blir utført i den andre kontraherande staten. I så fall har den staten der arbeidet blir utført, rett til å skattleggje inntektene. Frå denne regelen gjer punkt 2 eit unntak på visse vilkår for kortvarige opphald, den såkalla 183-dagarsregelen. Regelen avvik frå OECD-mønsteret ved at det i punkt 2 b) i avtala er eit vilkår at arbeidsgivaren er heimehøyrande i den staten der lønnsmottakaren er busett, slik det har vore vanleg i skatteavtalene Noreg har inngått dei seinare åra. Etter vanleg oppfatning får unntaket i punkt 2 ikkje verknad dersom arbeidstakaren er utleigd. Dette er presisert i punkt 2 b). Med utleigde arbeidstakarar meiner ein i denne samanhengen personar som formelt er arbeidstakar hos og får utbetalt lønn av eit utanlandsk føretak, men som er stilt til disposisjon for eit anna føretak og er under instruksjon og ansvar av dette føretaket. Regelen er elles i samsvar med OECD-mønsteret.

Punkt 3 i artikkelen gir særreglar for lønnsarbeid utført om bord i eit skip i internasjonal fart. I tråd med artikkel 8 om skattlegging av skipsfartsinntekter, skil punktet seg noko frå OECD-mønsteret og bestemmer at lønnsinntekter frå slikt arbeid kan skattleggjast i den staten der føretaket er heimehøyrande.

Når det gjeld lønn for arbeid utført om bord i luftfartøy, skil avtaleutkastet seg frå OECD-modellen ved at inntekta av slikt arbeid berre skal kunne skattleggjast i bustadstaten til arbeidstakaren.

Artikkel 15 handlar om styregodtgjersle. Slike inntekter kan, i samsvar med OECD-mønsteret, skattleggjast i den staten der selskapet er heimehøyrande.

Artikkel 16 fastset at artistar og idrettsutøvarar kan skattleggjast i den staten der slik verksemd blir utøvd, utan omsyn til reglane i artikkel 7 om inntekt av verksemd og artikkel 14 om lønnsarbeid i privat teneste. Punkt 2 i artikkelen inneheld eit tillegg som presiserer at den staten der artisten eller idrettsutøvaren opptrer, har rett til å skattleggje også når vederlaget blir utbetalt til ein tredjemann, til dømes eit artistbyrå eller eit selskap artisten har oppretta. Reglane i punkta 1 og 2 byggjer på OECD-mønsteret.

I punkt 3 er det teke inn ei føresegn frå kommentarane til OECD-modellen. Ho gjer unntak frå reglane i punkt 1 og 2 når framsyninga i den eine kontraherande staten for ein vesentleg del blir finansiert av offentlege midlar frå den staten der artisten er busett. I slike tilfelle skal inntekta berre kunne skattleggjast der.

Artikkel 17 handlar om pensjonar, livrenter, sosiale trygdeytingar og underhaldsbidrag. I motsetnad til dei tilsvarande reglane i OECD-mønsteret omfattar denne artikkelen alle typar pensjonar, både private og offentlege, og gir kjeldestaten rett til å skattleggje slike ytingar med inntil 15 prosent av det utbetalte beløpet. Ved lov 6 mars 2009 nr. 14 er det innført heimel til å skattleggje pensjonsut­betalingar til personar som ikkje er busette i Noreg frå og med inntektsåret 2010.

Punkt 4 fastset at beløp til underhald berre kan skattleggjast i bustadstaten i den mon det kan trekkjast frå i kjeldestaten. Regelen hindrar økonomisk dobbel skattlegging av slike betalingar.

Artikkel 18 handlar om offentleg teneste. Som hovudregel og i samsvar med OECD-mønsteret, er det den staten som betalar ut godtgjersla, som har rett til å skattleggje. For godtgjersle knytt til utøving av offentleg forretningsverksemd gjeld ikkje hovudregelen. Offentlege pensjonsutbetalingar går som nemnt under artikkel 17.

Artikkel 19 gjeld studentar og lærlingar som er busette i den eine kontraherande staten og som oppheld seg mellombels i den andre staten for å få utdanning eller opplæring. Dei skal ikkje skattleggjast i den sistnemnde staten av pengebeløp som dei mottek til underhald, utdanning eller opplæring frå kjelder utanfor denne staten. Regelen samsvarer med OECD-mønsteret og med skattelova § 2-30 andre ledd. Etter ønske frå Slovenia er det i punkt 2 presisert at studentar og lærlingar som mottek utbetalingar som er skattepliktige i opphaldsstaten, har krav på tilsvarande frådrag og liknande som personar som er busette i opphaldsstaten har krav på. Dette er likevel ikkje noko meir enn det dei ville hatt krav på sjølv utan den særskilde føresegna.

Artikkel 20 inneheld reglar om verksemd utanfor kysten (offshoreverksemd). Punkt 1 slår fast at reglane i artikkelen skal gå føre, same kva som elles følgjer av avtala.

Punkta 2 og 3 handlar om skattlegging av næringsverksemd. Dei fastset at verksemd utøvd utanfor kysten av ein stat skal reknast som verksemd utøvd gjennom ein fast driftsstad i denne staten, dersom verksemda blir utøvd til saman over 30 dagar i løpet av ein periode på tolv månader. Inntekta frå slik verksemd kan i så fall skattleggjast frå første dag i denne staten. Reglane i punkt 3 a) og b) tek sikte på å hindre at fristen på 30 dagar blir omgått.

Punkt 4 inneheld eit unntak frå dei generelle reglane i punkta 2 og 3. Det gjeld forteneste av transport av forsyningar eller personell, eller av drift av taubåtar eller liknande hjelpefartøy knytt til verksemd som omhandla i artikkelen. Slik forteneste skal skattleggjast i den staten der personen som mottek fortenesta, er busett.

I punkt 5 a) er det gitt reglar om skattlegging av lønnsinntekter i samband med offshoreverksemd. Slik inntekt kan skattleggjast i kjeldestaten dersom arbeidsopphaldet til saman varer meir enn 30 dagar i løpet av ein periode på tolv månader. Om arbeidet er utført for arbeidsgivar heimehøyrande i kjeldestaten, kan inntekta skattleggjast der frå dag ein. Lønnsinntekter for teneste om bord i skip eller luftfartøy som er omfatta av unntaket i punkt 4, kan derimot skattleggjast i den staten der arbeidsgivaren er heimehøyrande.

Punkt 6 gjeld gevinst frå overføring av rettar til undersøking eller utnytting av naturførekomstar, eigedom som i sokkelstaten blir nytta i samband med verksemda utanfor kysten, og aksjar eller andelar som hentar sin verdi frå slike rettar eller slik eigedom. Slike gevinstar kan kjeldestaten skattleggje.

Artikkel 21 gjeld anna inntekt, det vil seie inntekt som ikkje er særskilt omhandla i dei andre artiklane i avtala. I samsvar med OECD-mønsteret er det fastsett at slike inntekter berre skal kunne skattleggjast i den staten der mottakaren er busett.

Inntekter som er knytt til ein fast driftsstad, skal ikkje skattleggast etter artikkel 21, men etter artikkel 7, jf. punkt 2.

Artikkel 22 gir reglar om korleis ein går fram for å hindre dobbel skattlegging.

Både Noreg og Slovenia nyttar godskrivingsmetoden (kreditmetoden) for å unngå dobbel skattlegging. Metoden inneber at Noreg, overfor personar busette i Noreg, kan skattleggje ei inntekt også når det går fram av dei materielle reglane i avtala at inntekta kan skattleggjast i Slovenia. Noreg må så gi frådrag i den utlikna skatten med eit beløp som svarer til den skatten som er betalt i Slovenia (kjeldestaten). Tilsvarande gjeld for Slovenia. Frådraget kan ikkje overstige den skatten som fell på den aktuelle inntekta i bustadstaten.

I punkt 2 er det fastsett at i den grad ein person busett i Noreg mottek inntekter som etter nokon av reglane i avtala er unntatt frå skattlegging i Noreg, så kan Noreg likevel ta omsyn til denne inntekta ved utrekning av den skatten som skal betalast av resten av inntekta til personen (progresjonsatterhald).

Artiklane 23-27 inneheld nokre særlege reglar om ikkje-diskriminering (artikkel 23), framgangsmåten ved inngåing av gjensidige avtaler mellom dei kompetente styresmaktene i dei to statane (artikkel 24), utveksling av opplysningar (artikkel 25), bistand til innfordring (artikkel 26) og om diplomatiske og konsulære tenestemenn (artikkel 27). Artiklane 28-29 inneheld sluttreglar om når avtala skal tre i kraft og når ho sluttar å gjelde, jf. kapittel 1 ovanfor.