St.prp. nr. 97 (2008-2009)

Om samtykke til å setje i kraft ei skatteavtale med tilhøyrande protokoll mellom Noreg og Qatar, underskriven i Oslo 29. juni 2009

Til innhaldsliste

1 Innleiing

Den 29. juni 2009 blei det i Oslo skrive under ei avtale med tilhøyrande protokoll mellom Noreg og Qatar. Formålet til avtala er å hindre dobbel skattlegging og å førebyggje unndraging av skattar av inntekt. Samtykke til underskriving blei gitt i kongeleg resolusjon av 8. mai 2009. Avtala blei på vegner av Noreg skriven under av ekspedisjonssjef Stig Sollund og på vegner av Qatar av direktør Moftah Jassim Al Moftah.

Avtala vil tre i kraft 30 dagar etter at begge statane har gitt kvarandre melding om at nødvendige skritt er tekne for at avtalen kan tre i kraft. Avtala får verknad for skattar av inntekt som vedkjem det kalenderåret som følgjer etter det året avtala trer i kraft.