Registrerte parti som kan stille liste etter forenkla regelverk

Publisert under: Regjeringa Solberg

Utgjevar: Kommunal- og moderniseringsdepartementet

Kommunestyre- og fylkestingsvalet 2015

Etter vallova skal listeframlegg vere underskrive av eit visst tal personar.

Kva for parti kan stille liste etter forenkla regelverk?

Det følgjer av vallova § 6-3 (1) at registrerte politiske parti som ved stortingsvalet i 2013 anten

  • fekk minst 500 stemmer i eit fylke, eller
  • fekk minst 5 000 stemmer på landsbasis, eller 
  • er blitt registrert i Partiregisteret etter stortingsvalet 2013   

kan stille valliste ved kommunestyrevalet/fylkestingsvalet 2015 etter forenkla reglar når det gjeld krav til underskrifter på listeframlegget.

Det vil vere tilstrekkeleg at listeframlegget er underskrive av minst to styremedlemar i partiet sin lokalorganisasjon i vedkomande kommune eller fylke. Underskrivarane må ha stemmerett i valdistriktet.

Følgjande parti kan stille liste etter forenkla regelverk ved kommunestyre- og fylkestingsvalet 2015:

Arbeiderpartiet
Demokratene i Norge 
Fremskrittspartiet
Høyre
Kristelig Folkeparti
Kystpartiet
Miljøpartiet De Grønne
Partiet De Kristne
Pensjonistpartiet
Piratpartiet
Rødt
Senterpartiet  
Sosialistisk Venstreparti
Venstre

Kva for parti fell utanfor ordninga med forenkla regelverk?

Dei andre registrerte partia må oppfylle vilkåra i vallova § 6-3 (2) for å kunne stille liste. Dette betyr:

  • ved fylkestingsval blir det kravd underskrifter frå minst 500 personar med stemmerett i fylket,
  • ved kommunestyreval blir det kravd underskrifter fra et tal personer med stemmerett i kommunen, tilsvarande 2 prosent av talet på stemmeføre i kommunen ved valet i 2011. Det er eit minimumskrav at listeframlegget er underskrive av eit tal personar som tilsvarar tal kommunestyrerepresentantar i kommunen. Underskrifter frå 300 personar er i alle tilfelle tilstrekkeleg.

Desse krava vil gjelde for følgjande registrerte parti:

Det Liberale Folkepartiet  
Kristent Samlingsparti (KSP) 
Norges Kommunistiske Parti
Samfunnspartiet
Tverrpolitisk Folkevalgte