Skjema og rettleiing for innlevering av listeframlegg

Ved innlevering av listeframlegg til høvesvis kommunestyrevalet, fylkestingsvalet og val til bydelsutval i Oslo kommune, er det ein fordel om dei som stiller framlegg brukar skjemaa som er lenkja til lenger nede på sida. Dette vil lette arbeidet for valmedarbeidarane i kommunane og i fylkeskommunane ved behandling av listeframlegga.

Rettleiing til skjema for innlevering av listeframlegg

Skjemaet er tosidig. På den eine sida av arket skal det stå følgjande:

  • overskrifta til listeframlegget,
  • kva for valdistrikt til tilhøyrer,
  • hva for val det gjeld for, og
  • kandidatane som stiller til val.

På den andre sida av arket skal listeframlegget underskrivast. Listeframlegget må vere underskrive av eit visst tal personar. 

Dei som stiller listeframlegg må oppgje kven som er tillitsvald og varatillitsvald for lista. Desse skal vere blant personane som har underskrive på listeframlegget. Dei tillitsvalde skal ha myndigheit til å forhandle med valstyret i kommunen eller fylkeskommunen om endringar på listeframlegget. Det bør også opplysast om eit visst tal på personar blant dei som har underskrive på listeframlegget, som skal fungere som tillitsutval med myndigheit til å trekkje listeframlegget tilbake. Det er fint om kontaktopplysingane til dei tillitsvalde og eventuelt tillitsutvalet blir oppgjeve. Det er ikkje eit krav å oppgje desse kontaktopplysingane. 

Skjemaet må trykkast opp tosidig i så mange eksemplar det er behov for i samsvar med talet på underskrifter. Underskrifter på skjema som ikkje er trykt opp tosidig, vil ikkje bli godkjent. Det er eit krav at kandidatar og underskrifter skal vere på same liste/ark.

Bruk skjema:

I pdf-filene er det mogleg å fylle inn data i alle dei blå felta før listeframlegget skal skrivast ut. Dei blå felta vil bli skrivne ut som kvite - dei er der berre for å vise kvar ein kan fylle inn data.

Vi anbefaler at aktuell pdf-fil blir lasta ned på eiga datamaskin og at du arbeider med den i gratisprogrammet Adobe Reader.

Sjå døme på mal for stemmesetel (pdf).

Underskriftene er underlagt teieplikt og skal ikkje offentleggjerast, jf. valforskrifta § 13, vallova § 15-4 og forvaltningslova § 13 første ledd nr. 1

Vedlegg til listeframlegg

Saman med listeframlegget skal følgjande vedlegg til listeframlegg innleverast, jf. vallova § 6-4:

  • Ei oversikt over førdselsdatoane til kandidatene. Bruk skjema (Excel)
  • Ei oversikt over fødselsdato og bustadsadresse til dei som har underskrive på listeframlegget. Bruk skjema for innlevering av listeframlegg som du finn ovanfor.
  • Dersom ein kandidat til fylkestingsval eller kommunestyreval ikkje er innført i folkeregisteret som busett i fylket eller i kommunen når listeframlegget blir innlevert, må det liggje ved ei erklæring frå kandidaten om at han/ho vil vere valbar på valdagen.
  • Dersom ein kandidat til fylkestingsval eller kommunestyreval ikkje er valbar på grunn av si stilling, må det leggjast ved ei erklæring frå kandidaten om at han/ho vil ha gått av frå stillinga når fylkestinget eller kommunestyret kjem i funksjon.

Les om krav til listeframlegg og behandlinga av desse.