Endre på stemmesetelen

Publisert under: Regjeringa Solberg

Utgjevar:

Forsøk med nedsett stemmerettsalder til 16 år ved kommunestyrevalet

Slik kan du endre på stemmesetelen ved kommunestyrevalet.

Stemmesetelen avgjer kva for eit parti eller gruppe du stemmer på. Dersom du vil påverke kven av kandidatane som skal bli valde, må du endre på stemmesetelen ved å gje personstemme til desse kandidatane. Det er opp til deg om du vil endre på stemmesetelen ved å gje personstemme.

Slik gir du personstemme ved kommunestyrevalet:

1. Sett eit kryss i ruta ved namnet til dei kandidatane du vil stemme på. Du kan gje personstemme til så mange kandidatar du vil.

Dersom namnet til nokre av kandidatane står med utheva skrift, tyder det at partiet eller gruppa har prioritert dei framfor dei andre kandidatane. Du kan gje personstemmer til kandidatar med utheva skrift på same måten som til dei andre kandidatane. Les meir om kva det tyder å stå med utheva skrift.

Sett eit kryss i ruta ved namnet til kandidatane du vil gje personstemme til

2. Skriv kandidatnamn frå andre parti/grupper i eit eige felt på stemmesetelen.

Skriv kandidatnamn frå andre parti/grupper i eit eige felt på stemmesetelen

Kor mange kandidatnamn du kan føre opp, står på stemmesetelen. Ver merksam på at dersom du gjev personstemme til ein kandidat frå eit anna parti/gruppe, vil ei såkalla listestemme bli overført til det andre partiet/gruppa. Les om valoppgjer og listestemmer.

 

Kommunestyreval: Kva tyder det at kandidatar står med utheva skrift?

Partia eller gruppene kan på førehand fastsetje at somme kandidatar skal ha eit stemmetillegg. Namna på desse kandidatane står med utheva skrift øvst på stemmesetelen. Dette stemmetillegget får dei, anten veljarane gjev dei personstemmer eller ikkje. Stemmetillegget svarer til 25 prosent av den samla mengda av stemmer som kjem lista til gode. Det vil seie at dersom lista får 100 stemmer, får kandidatar med utheva skrift 25 personstemmer.

Gjev du ei personstemme til ein kandidat med utheva skrift, får kandidaten éi personstemme frå deg og i tillegg får kandidaten stemmetillegget.