Krav til listeframlegg og behandlinga av desse

Publisert under: Regjeringa Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Listeframlegget må ha kome fram til kommunen eller fylkeskommunen innan 31. mars kl 12 i valåret. Det er ikkje nok at brevet med listeframlegget er poststempla innan fristen.

 

Listeframlegg behandling av desse

Innleiing

Reglane om listeframlegga og valstyret/fylkesvalstyret si behandling av dei, er samla i kapittel 6 i vallova og kapittel 3 i valforskrifta.

Vallova § 6-1 har reglar om kva for krav som skal stillast til vallister. Både registrerte politiske parti og andre grupper kan stille liste ved val. Partiet eller gruppa arbeider ut framlegg til valliste, som deretter skal godkjennast av valstyresmaktene. Valstyret godkjenner listeframlegg til kommunestyrevalet. Fylkesvalstyret godkjenner listeframlegg til fylkestingsval og stortingsval.

Etter § 16 i valforskrifta skal valstyresmaktene hente inn og leggje til grunn fråsegn frå utøvande organ i partiet dersom det er uklart kven som har rett til å representere eit registrert politisk parti på lokalt nivå og til å stille liste. Opplysning om kven som utgjer utøvande organ i partiet, finn ein i Partiregisteret. Nettadressa er: www.brreg.no/registrene/parti/

Ein kan vende seg til den som er oppført som kontaktperson for partiet.

Innleveringsfrist

Innleveringsfristen for listeframlegg er 31. mars klokken 12, jf. § 6-1 (1). Fristen for å trekkje tilbake eit listeframlegg er 20. april kl. 12, jf. § 6-5.

Innlevering av listeframlegg

Det går fram av vallova § 6-1 (1) at listeframlegget blir rekna for innlevert når det er kome inn til kommunen ved kommunestyreval og fylkeskommunen ved stortingsval og fylkestingsval. Posten må ha kome fram, eller framlegget må vere levert innan fristen. Med dette meiner ein at framlegget må ha kome fysisk fram, ikkje nødvendigvis til valstyret, men til kommunen eller fylkeskommunen. Dette inneber ei skjerping, men  er gjort for å unngå tvil. Framleggsstillarane har ansvar for å sjå til at listeframlegget har kome fram i tide.

Dersom listeframlegget blir sendt på faks innan 31. mars, vil dette vere innanfor fristen. Det er ein nødvendig føresetnad at liste med originale underskrifter blir send i posten eller levert med ein gong.

Overskrift på listeframlegg

Listeframlegget skal ha ei overskrift som viser kva for eit parti eller kva for ei gruppe framlegget kjem frå, og som ikkje kan føre til forveksling, jf. vallova § 6-1 (2) bokstav b.

Registrerte parti skal bruke det namnet partiet er registrert med, i listeoverskrifta. Det er ikkje høve til å bruke eit anna namn som undertittel, heller ikkje namnet til lokalavdelinga.

Dersom fleire registrerte parti stiller fellesliste, må dei registrerte namna på alle partia vere med i listeoverskrifta. Tilsvarande må namnet på det registrerte partiet vere med i listeoverskrifta når partiet stiller liste saman med ei gruppe som ikkje er registrert som parti.

Departementet ser det slik at vallova ikkje er til hinder for at ei fellesliste av fleire registrerte parti, eller ei fellesliste av eit eller fleire registrerte parti og andre grupper, har med ei fellesnemning i listeoverskrifta i tillegg til namna på dei registrerte partia.

Lova er ikkje til hinder for at ei uregistrert gruppe bruker ordet parti i namnet, så sant det ikkje er eigna til å bli forveksla med namnet på eit registrert parti.

Det er presisert i forskrifta § 12 at registrerte politiske parti kan velje om namnet på partiet skal skrivast på bokmål eller nynorsk. I tillegg kan namnet på partiet på samisk førast opp som eit tillegg til namnet på bokmål eller nynorsk. Det er ikkje opp til det enkelte valstyret, men det enkelte partilaget å ta stilling til dette, uavhengig av om kommunen er nynorsk- eller bokmålskommune eller ligg innanfor forvaltningsområdet for samisk språk eller ikkje.

Etter § 6-1 (2) bokstav b siste punktum må overskrifta ikkje kunne forvekslast med namnet på eit registrert politisk parti, registrert samepolitisk eining eller med overskrifta på andre listeframlegg i valdistriktet. Det listeframlegget som er innlevert først, vil ha retten til namnet i sitt valdistrikt.

Kandidatane

Kor mange kandidater skal/kan førast opp?

Vallova § 6-2 handlar om talet på kandidatar på listeframlegget. Ved stortingsval skal listeframlegget ut frå første leddet vere utfylt i rekkjefølgje med namnet på så mange kandidatar som det skal veljast representantar til Stortinget frå fylket. Det er tillate å føre opp inntil seks andre namn i tillegg.

For val til kommunestyre og val til fylkesting stiller vallova § 6-2 andre ledd krav om at det er oppført minst sju kandidatnamn på lista. Oppover er det ei maksimumsgrense på like mange kandidatar som det skal veljast representantar i krinsen pluss eit tillegg på inntil seks kandidatnamn.

Reglane om førehandsprioritering står i § 6-2 tredje ledd og gjeld berre ved kommunestyreval. Eit visst tal av dei øvste kandidatane på listeframlegget – avhengig av storleiken på kommunestyret – kan få eit tillegg i sitt personlege røystetal på 25 prosent av talet på røystesetlar som lista får ved valet.

Høgaste tillate tal er: 11–23 kommunestyremedlemmer: inntil 4 25–53 kommunestyremedlemmer: inntil 6 55 kommunestyremedlemmer eller fleire: inntil 10.

Det går fram av § 6-2 (3) siste punktum at dei kandidatane som får eit slikt røystetillegg, skal stå først på listeframlegget og med utheva skrift. Det at namna på desse kandidatane skal stå med utheva skrift, inneber at namna skal skrivast med feite typar, kursiv eller store bokstavar.

Vallova har ikkje reglar som krev at kvart kjønn er representert med ein viss prosent av dei kandidatane det er framlegg om på den enkelte lista. Det vil seie at det ikkje er krav om kvotering ved val av medlemmer verken til Stortinget, kommunestyre eller fylkesting. Kommunelova §§ 36, 37 og 38a har likevel reglar om kjønnskvotering som gjeld ved val etter kommunelova til formannskap, fylkesutval, faste utval med vidare.

Identifisering av kandidatane

Dette er regulert i vallova § 6-1 (2) bokstav c og valforskrifta § 17.

Listeframlegga skal innehalde fornamn, etternamn og fødselsår til kandidatane, jf. vallova § 6-1 (2) bokstav c. Det er opp til framleggsstillarane om dei i tillegg ønskjer å føre på stilling og/eller bustad for kandidatane. Dersom det er nødvendig for å unngå forveksling av kandidatane på lista, skal stilling og/eller bustadsadresse gjevast opp. Det følgjer av valforskrifta § 17 (1) at dersom opplysning om stilling og/eller bustad til kandidatane blir ført opp på listeframlegget, må dette gjerast for alle kandidatane på lista. Det er også mogleg å føre opp på felleslister kva parti eller gruppe dei enkelte kandidatane høyrer til. I så fall må også dette gjerast for alle kandidatane på lista.

Departementet går ut frå at det er opp til valstyret/fylkesvalstyret sjølv å avgjere rekkjefølgja når det gjeld for- og etternamn.

Ein må bruke rett etternamn på kandidatane sjølv om vedkomande ikkje er kjend under dette, men i så fall bør det namnet vedkomande er kjend under, føyast til i parentes. I praksis er det rekna med at ein kandidat kan nemnast med eit tilnamn, dersom vedkomande er allment kjend under dette, i staden for fornamnet. Dette har samanheng med formålet bak regelen, nemleg at vedkomande skal nemnast på den måten som gjev best mogleg rettleiing for veljarane.

Lova er ikkje til hinder for at ein stortingskandidat stiller til val i to eller fleire ulike fylke. Men det er ikkje mogleg å stå på fleire ulike liste i same fylket.

Fylkestingskandidatar og kommunestyrekandidatar kan ikkje stille til val på fleire enn eitt listeframlegg i fylket eller kommunen. Det er likevel ingen ting til hinder for at ein kandidat stiller på liste både til fylkestingsval og til kommunestyreval.

Vedlegg

Vallova § 6-4 slår fast i bokstav a at listeframlegga skal ha med ei oversikt over fødselsdatoen for kandidatane. Listeframlegga skal vidare innehalde ei oversikt over fødselsdato og bustadadresse til dei som har underskrive på listeframlegget.

Bokstav c og d gjeld for kommunestyreval og fylkestingsval. Regelen i bokstav c slår fast at det for kandidatar som ikkje er registrerte i folkeregisteret som busette i kommunen/fylket ved innleveringa av listeframlegget, må liggje ved ei erklæring om at dei vil kunne veljast på valdagen. Etter bokstav d må det for ein kandidat som ikkje kan veljast på grunn av stillinga si, liggje ved ei erklæring om at ho/han vil ha gått av frå stillinga når fylkestinget eller kommunestyret kjem i funksjon. Sjå nærmare om dette under punktet om utestenging frå val.

Underskrifter på listeframlegg

Dette er regulert i vallova § 6-3 og i valforskrifta.

I § 6-3 (1) er det fastsett kva for reglar som gjeld for registrerte politiske parti. For parti registrerte i Partiregisteret gjeld for alle val at listeframlegg kan underskrivast av to styremedlemmer i partiet si lokalavdeling i det fylket eller den kommunen lista gjeld. Likevel er det eit krav at partiet må ha fått ei viss oppslutning ved førre stortingsval. Eit registrert parti må ha fått minst 500 røyster i eitt fylke eller minst 5 000 røyster i heile landet for å kome inn under dei forenkla reglane. Kan ikkje eit parti vise til ei slik oppslutning, kjem dei inn under regelverket for uregistrerte grupper.

Er eit parti blitt registrert i Partiregisteret etter førre stortingsval, har dei ikkje hatt høve til å delta i stortingsval. I så fall er det nok at to styremedlemmer i lokalavdelinga til partiet i den kommunen eller det fylket lista gjeld, skriv under på listeframlegget. 

Dersom eit parti ikkje har ei lokalavdeling, må partiet samle underskrifter i samsvar med vallova § 6-3 (2).

Det følgjer av siste punktum i § 6-3 (1) at dersom eit registrert politisk parti stiller listeframlegg saman med ei uregistrert gruppering, er det regelverket for uregistrerte grupper i § 6-3 (2) som gjeld. Det same gjeld dersom eit registrert politisk parti som fyller krava til oppslutning etter første ledd, stiller liste saman med eit registrert parti som ikkje gjer det.

For alle andre framleggsstillarar enn parti som er registrerte i Partiregisteret og som fekk stor nok oppslutning, følgjer det av § 6-3 (2) kva for reglar som gjeld for stortings- og fylkestingsval (bokstav a) og kommunestyreval (bokstav b).

Ved stortingsval og fylkestingsval skal eit listeframlegg vere underskrive av minst 500 personar med røysterett i fylket.

Ved kommunestyreval må det samlast inn så mange underskrifter at det utgjer 2 % av talet på innbyggjarar med røysterett ved førre kommunestyreval. Fordi kommunestorleiken er svært varierande, er det innført eit minimumstal og eit maksimumstal når det gjeld talet på underskrifter. Minimumskravet er at framlegget minst må vere underskrive av like mange personar som det skal veljast kommunestyrerepresentantar. Maksimumskravet er på 300 underskrifter.

Døme: Trangvik kommune: 240 med røysterett ved førre val. Det skal veljast 11 representantar. 2 % av 240 = 4,8 veljarar. Minimumskravet om kor mange kommunestyremedlemmer som skal veljast, skal då gjelde her. Det vil seie at listeframlegget må vere underskrive av minst 11 personar.

Lillevik kommune: 2 000 innbyggjarar ved førre val. Det skal veljast 21 representantar. 2 % av 2 000 = 40 veljarar. Kravet er 40 underskrifter på listeframlegget.

Stordal kommune: 20 000 med røysterett ved førre val. Det skal veljast 57 representantar. 2 % av 20 0000 = 400 underskrifter. Maksimumskravet kjem her til å gjelde. Det er nok med 300 underskrifter.

Det følgjer av § 13 i valforskrifta at underskrifter som blir samla inn etter vallova § 6-3 (2), skal vere skrift på papir. Det vil derfor ikkje vere høve til innsamling av underskrifter elektronisk for desse gruppene.

Registrerte politiske parti som leverer inn listeframlegg i samsvar med § 6-3 (1), har derimot lov til å sende ei elektronisk underskrift, dersom tilhøva er lagde til rette for digital kommunikasjon med kommunen/fylkeskommunen.

Valforskrifta § 13 (2) slår fast at for underskrifter som er samla inn etter vallova § 6-3 (2), gjeld teieplikt, og dei skal ikkje offentleggjerast. Det blir vist til vallova § 15-4 som er ein regel om teieplikt. Det går fram av § 15-4 (1) at reglane i forvaltningslova om teieplikt gjeld tilsvarande ved val.

At ein har skrive under på eit listeframlegg, vil etter forvaltningslova § 13 (1) vere opplysningar om ”noens personlige forhold” og såleis underlagt teieplikt.

Listeframlegget skal vise kva for kandidatar som stiller til val på lista for partiet/gruppa. Det skal vidare vere underskrive av listeframleggsstillarane. Dei som skriv under på eit listeframlegg, kan såleis ikkje gjere dette utan at det ført opp kandidatnamn. Det følgjer likevel av § 6-6 (3) at dersom eit listeframlegg ved innleveringa ikkje oppfyller krava i lova, skal valstyresmaktene gjennom forhandlingar med dei tillitsvalde for listeframlegget prøve å få framlegget i samsvar med lova. Dette inneber at det ikkje er noko absolutt krav om at alle kandidatnamna står oppførte på det listeframlegget det vart skrive under på. Listeframlegget må likevel som eit minimum innehalde eitt kandidatnamn, då ein elles ikkje kan sjå at det er å rekne som eit listeframlegg.

Tillitsvald og tillitsutval

Vallova § 6-1 (2) bokstav e og valforskrifta § 14 har reglar om dette.

Vallova § 6-1 (2) bokstav e slår fast at alle listeframlegg må gje opp ein tillitsvald med vararepresentant blant dei som har skrive under framlegget. Dessutan heiter det i tredje setning at listeframlegget bør innehalde eit oversyn over kva for personar som skal fungere som eit tillitsutval, sjølv om dette ikkje er noko krav i samband med godkjenninga av listeframlegget.

Oppgåvene til den tillitsvalde er mellom anna å representere framleggsstillarane i forhandlingar med valstyret/fylkesvalstyret om listeframlegget. Oppgåva for tillitsutvalet er eventuelt å kalle listeframlegget tilbake.

I valforskrifta § 14 blir det gjeve reglar for utpeiking av tillitsvalde og tillitsutval dersom framleggsstillarane ikkje har gjort dette ved innleveringa.

Det følgjer av forskrifta § 14 (1) at når listeframlegget går ut frå eit registrert politisk parti og to av styremedlemmene i lokalorganisasjonen har skrive under, reknar ein desse for å vere tillitsvald og vararepresentant. Styret for lokalavdelinga reknar ein med utgjer tillitsutvalet.

§ 14 (2) i forskrifta fastset at når eit listeframlegg er innlevert i samsvar med krava i vallova § 6-3 (2), vil dei to øvste underskrivarane bli rekna som tillitsvald og vararepresentant når det ikkje er opplyst på listeframlegget kven som skal ha desse funksjonane. Talet på underskrivarar som skal utgjere tillitsutvalet, er fastsett til fem av dei øvste underskrivarane på listeframlegget.

Behandling av listeframlegga i valstyret/fylkesvalstyret 

Valstyret/fylkesvalstyret skal undersøkje om dei listeframlegga som er komne inn, fyller krava i lova, under dette om framleggsstillarane og kandidatane oppfyller krava i vallova, jf. § 6-6. Ved forhandlingar med den tillitsvalde skal valstyret/fylkesvalstyret arbeide for å få listeframlegget i samsvar med krava i lova, jf. § 6-6 (3).

Framleggsstillar må leggje fram den dokumentasjonen som er nødvendig for å vise at vilkåra er oppfylte, når valstyret/fylkesvalstyret krev det. Valstyra må vere særleg påpasselege med å kontrollere at kandidatane fyller vilkåra for å bli valde, og at namn og adresse er rett.

Vallova § 6-6 (4) regulerer forholdet når éin person er underskrivar eller kandidat på fleire listeframlegg ved same valet.

Dersom ein person står som framleggsstillar eller kandidat på fleire listeframlegg, må valstyret/fylkesvalstyret be vedkomande velje kva for eit av dei han/ho vil stå på. Dersom vedkomande ikkje svarer på førespurnaden innan den fastsette fristen, skal vedkomande setjast opp på det listeframlegget som blei innlevert først, og strykast på dei andre. Det er ikkje noko i vegen for å stå både som framleggsstillar og kandidat på same, eller forskjellige, lister.

Dersom det viser seg at ein kandidat ikkje kan veljast, eller at han/ho blir friteken, skal kandidaten strykast av lista. I slike tilfelle avgjer den tillitsvalde for lista om det skal setjast inn ein ny kandidat på den ledige plassen, jf. § 15 i valforskrifta. Alternativt kan lista supplerast med eit nytt namn nedst, slik at dei andre kandidatane rykkjer opp i uendra rekkjefølgje.

Det følgjer av vallova § 6-6 (1) at valstyret/fylkesvalstyret skal leggje ut listeframlegga til ettersyn etter kvart som dei kjem inn. Det er opp til det enkelte valstyret/fylkesvalstyret korleis dette skal skje. Som nemnt skal underskriftene på listeframlegga (med unntak av dei tillitsvalde sine) ikkje leggjast ut til ettersyn, jf. valforskrifta § 13.

Dei godkjende listene kan leggjast ut på Internett, med den informasjon om kandidatane som er oppført på listeforslaga og godkjent av valstyret/fylkesvalstyret. Dette kan i tillegg til kandidatnamn og fødselsår, vere informasjon om adresse og/eller yrke.

Melding til kandidatane

Valstyret/fylkesvalstyret skal gje melding til alle kandidatane på vallista i samsvar med vallova § 6-6 (4) om at dei er sette opp på eit listeframlegg.

I meldinga skal det opplysast om grunnane for å kunne krevje seg friteken for val, jf. vallova § 3-2 ved stortingsval og § 3-4 ved fylkestingsval og kommunestyreval. Det er ikkje gjeve nærmare reglar for korleis meldinga skal skje.

Valstyret/fylkesvalstyret fastset frist for tilbakemelding, krav til dokumentasjon og så vidare i samsvar med vanleg kommunal saksbehandling, jf. kommunelova og forvaltningslova.

Endringar i listeframlegg etter at innleveringsfristen har gått ut

Det følgjer av § 15 (1) i valforskrifta at når innleveringsfristen har gått ut, kan framleggsstillarane berre gjere dei endringane på listeframlegget som er nødvendige for å bringe framlegget i samsvar med vallova og forskrifta til denne lova. Sjølv om det ikkje er nødvendig for å bringe listeframlegget i samsvar med lova, kan dei setje inn ein ny kandidat på listeframlegget dersom ein kandidat blir stroken frå listeframlegget fordi vedkomande er utestengd frå val eller blir friteken, jf. valforskrifta § 15 (2).

Godkjenning av vallistene

Frist

Valstyret/fylkesvalstyret må ta stilling til listeframlegga seinast 1. juni, jf. vallova § 6-6 (2).

Seinast same dato skal dei godkjende listeframlegga (dei offisielle vallistene) leggjast ut til gjennomsyn, jf. vallova § 6-7. Valstyret/fylkesvalstyret må ut frå denne regelen også sørgje for at overskriftene på dei godkjende listeframlegga blir kunngjorde. Det skal samstundes informerast om kvar listene er lagde ut og kvar publikum kan gjere seg kjent med dei. Det er opp til valstyret/fylkesvalstyret å avgjere kvar listene skal leggjast ut.

Melding til framleggsstillarane

Det følgjer av valforskrifta § 18 (1) at valstyret/fylkesvalstyret så snart listene er godkjende, må sende melding til dei tillitsvalde og sende dei ein kopi av det godkjende listeframlegget.

Blir ikkje listeframlegget godkjent, må valstyret/fylkesvalstyret snarast sende melding til den tillitsvalde om dette og samstundes opplyse om høvet til og vilkåra for å klage, jf. valforskrifta § 18 (2).

Klage

Vallova § 6-8 fastset at det er høve til å klage innan ein viss frist for dei som meiner valstyret/fylkesvalstyret må gjere om eit vedtak om å godkjenne eller forkaste eit listeframlegg. Fristen er 7 dagar frå offentleggjeringa av overskrifta på dei godkjende vallistene. Bakgrunnen for regelen er å førebyggje ugyldige val ved å rette opp eventuelle feil før valet. På den måten vil ein sleppe å gå i uvisse når det gjeld om valet vil bli gyldig eller ikkje.

Registrerte parti kan også klage etter denne regelen, sjølv om dei ikkje har klagerett etter dei allmenne klagereglane i vallova kapittel 13. Sjølv om det ikkje er noko lokallag som har stilt liste i den aktuelle krinsen (med eventuell fare for forveksling), kan jo partiet like fullt ha interesse av å verne om namnet sitt.

Departementet er klagestyresmakt ved fylkestingsval og kommunestyreval. Dersom valstyret/fylkesvalstyret ikkje tek klagen til følgje, vil det altså vere departementet som må avgjere klagen.

Stortinget er klageinstans når det gjeld klagar om røysterett og retten til å levere røyst. Andre klagar blir behandla av riksvalstyret.

Retten til å klage etter kapittel 13 går ikkje tapt sjølv om det ikkje blir fremja klage etter vallova § 6-8. Men då vil det kunne vere for seint å rette opp eventuelle feil før valdagen. Konsekvensen av dette kan derfor bli at partiet ikkje får vere med ved det aktuelle valet, med mindre klagestyresmakta kjem til det resultatet at valet var ugyldig og det blir omval.

Reglane i vallova om listeframlegg

§ 6-1. Krav til listeforslaget

(1) Fristen for innlevering av listeforslag er 31. mars i valgåret. Listeforslaget anses for innlevert når det er kommet inn til kommunen ved kommunestyrevalg og til fylkeskommunen ved stortingsvalg og fylkestingsvalg. Samme parti eller gruppe kan bare stille én liste i hvert valgdistrikt.

(2) Listeforslaget må oppfylle følgende vilkår:

a) Det må angi hvilket valg det gjelder.

b) Det må ha en overskrift som angir det parti eller den gruppe som har fremsatt forslaget. Hvis listeforslaget er satt frem av et registrert politisk parti, skal overskriften være enslydende med partiets registrerte navn. Overskriften må ellers ikke kunne forveksles med navnet på et registrert politisk parti, registrert samepolitisk enhet eller med overskriften på andre listeforslag i valgdistriktet.

c) Det må angi hvilke kandidater som stiller til valg på listen. Kandidatene må ikke være felles med kandidater på andre listeforslag som gjelder samme valg i samme valgdistrikt. Antallet kandidater skal oppfylle kravene i § 6-2. Kandidatene skal være oppført med fornavn, etternavn og fødselsår. Opplysning om kandidatenes stilling eller bosted kan påføres. Dette skal gjøres hvis det er nødvendig for å unngå forveksling av kandidatene på listen.

d) Listeforslaget må være underskrevet av et visst antall personer, jf § 6-3.

e) Det må inneholde navn på en tillitsvalgt og en vararepresentant blant dem som har skrevet under på listeforslaget. Disse skal ha myndighet til å forhandle med fylkesvalgstyret eller valgstyret om endringer på listeforslaget. Det bør også angis navn på et visst antall personer blant dem som har underskrevet på listeforslaget, som skal fungere som tillitsutvalg med myndighet til å trekke listeforslaget tilbake.

(3) Listeforslaget må ha vedlegg som nevnt i § 6-4.

(4) Listeforslaget skal ikke inneholde annen type informasjon til velgerne enn det som fremgår av denne paragrafen.

§ 6-2.Antall kandidatnavn på listeforslaget

(1)Ved stortingsvalg skal listeforslaget være utfylt

i rekkefølge med navnet på så mange kandidater som det skal velges representanter til Stortinget fra fylket. Forslaget kan i tillegg inneholde inntil seks andre navn.

(2) Ved fylkestingsvalg og kommunestyrevalg skal listeforslaget være utfylt i rekkefølge med minimum sju kandidater. Forslaget kan maksimalt inneholde et antall kandidatnavn som tilsvarer det antall representanter som skal velges til fylkestinget eller kommunestyret, med et tillegg av inntil seks andre navn.

(3) Ved kommunestyrevalg kan et visst antall av de øverste kandidatene på listeforslaget gis et stemmetillegg. Kandidatene får i så fall et tillegg i sitt personlige stemmetall som tilsvarer 25 prosent av det antall stemmesedler som kommer listen til del ved valget. Avhengig av det antall kommunestyremedlemmer som skal velges, kan forslagstillerne gi stemmetillegg til følgende antall kandidater:

11-23 medlemmer: inntil 4

25-53 medlemmer: inntil 6

55 medlemmer eller flere: inntil 10

Disse kandidatnavnene skal stå først på listeforslaget og med uthevet skrift.

§ 6-3.Antall underskrifter på listeforslaget

(1) For partier registrert i Partiregisteret som ved forrige stortingsvalg fikk en oppslutning på minst 500 stemmer i ett fylke eller minst 5 000 stemmer i hele landet, er det tilstrekkelig at listeforslaget er underskrevet av minst to av styremedlemmene i partiets lokalavdeling i det fylket eller den kommunen listen gjelder. Det samme gjelder for partier som er blitt registrert i Partiregisteret etter forrige stortingsvalg. Underskriverne må ha stemmerett i valgdistriktet. Hvis et registrert politisk parti stiller listeforslag sammen med en uregistrert gruppe, gjelder likevel bestemmelsene i annet ledd.

(2) For øvrige forslagstillere gjelder følgende regler:

a) Ved stortingsvalg og fylkestingsvalg skal listeforslaget være underskrevet av minst 500 personer med stemmerett i fylket ved det aktuelle valget.

b) Ved kommunestyrevalg skal listeforslaget være underskrevet av et antall personer med stemmerett i kommunen som tilsvarer 2 prosent av antall stemmeberettigede innbyggere ved siste kommunestyrevalg. Listeforslaget skal likevel som et minimum være underskrevet av like mange stemmeberettigede personer i kommunen som det skal velges medlemmer til kommunestyret. Underskrift fra 300 personer er i alle tilfeller tilstrekkelig.

§ 6-4.Vedlegg til listeforslaget

Listeforslaget skal ha følgende vedlegg:

a) En oversikt over kandidatenes fødselsdato.

b) En oversikt over fødselsdato og bostedsadresse til dem som har underskrevet på listeforslaget.

c) Dersom en kandidat til fylkestingsvalg eller kommunestyrevalg ikke er innført i folkeregisteret som bosatt i fylket eller i kommunen når listeforslaget innleveres, må det ligge ved en erklæring fra kandidaten om at vedkommende vil være valgbar på valgdagen.

d) Dersom en kandidat til fylkestingsvalg eller kommunestyrevalg ikke er valgbar på grunn av sin stilling, må det legges ved en erklæring fra kandidaten om at vedkommende vil ha fratrådt stillingen når fylkestinget eller kommunestyret trer i funksjon.

§ 6-5.Tilbakekalling av listeforslaget

Innlevert listeforslag kan kalles tilbake av tillitsutvalget. Erklæring om tilbakekalling må være innlevert senest 20. april i valgåret.

§ 6-6.Valgmyndighetenes behandling av listeforslagene

(1) Listeforslagene skal legges ut til ettersyn etter hvert som de kommer inn.

(2) Vedkommende valgmyndighet avgjør innen 1. juni i valgåret om forslag til valglister og tilbakekallinger av listeforslag kan godkjennes.

(3) Dersom et listeforslag ved innleveringen ikke oppfyller lovens krav, skal valgmyndighetene gjennom forhandlinger med listeforslagets tillitsvalgte forsøke å bringe forslaget i samsvar med loven. Det samme gjelder erklæring om tilbakekalling av listeforslag.

(4) Valgmyndighetene skal underrette samtlige kandidater på listeforslagene om at de er satt opp på listeforslag og opplyse om adgangen til å søke om fritak. En underskriver eller en kandidat som står på flere listeforslag for samme valg, skal gis pålegg om å melde fra innen en bestemt frist hvilket forslag vedkommende vil stå på. Ellers settes vedkommende opp på det listeforslaget som ble innlevert først.

§ 6-7.Offentliggjøring av godkjente valglister

Når listeforslagene er godkjent, skal valgmyndighetene legge de offisielle valglistene ut til gjennomsyn. Valgmyndighetene kunngjør overskriftene på de godkjente valglistene og opplyser om hvor de er lagt ut.

§ 6-8.Klage

Klage med krav om endring av valgstyrets eller fylkesvalgstyrets vedtak om å godkjenne eller forkaste et listeforslag, må fremsettes innen sju dager etter offentliggjøringen av overskriftene på de godkjente valglistene. Dersom klagen er begrunnet i at enerett til partinavn er krenket, har også et registrert politisk parti klagerett. For øvrig gjelder bestemmelsene om klage i kapittel 13.

§ 6-9.Forskrift

Departementet kan gi forskrift om behandlingen av listeforslagene.