Den norske valordninga i hovudtrekk

Publisert under: Regjeringa Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

  1. Hovudprinsipp
    • Direkte val – forholdsval
    • Valkrinsar. Talet på mandat
    • Lovgjeving
  2. Stemmeerett og manntal
    • Stemmerettsvilkåra
    • Manntalsføringa
  3. Dei som kan veljast, og plikt til å ta imot val
    • Innleiing
    • Stortingsvalet
    • Kommunestyre- og fylkestingsval
  4. Førebuing av valet
    • Valorgana
    • Politiske parti
    • Listeframlegga
  5. Stemmegjevinga
    • Stemmegjeving på valdagen
    • Førehandsstemminga
    • Veljarane har høve til å endre på stemmesetlane 
  6. Oppteljing av stemmer
    • Førebels oppteljing
    • Endelig oppteljing
  7. Valoppgjer
    • Mandatfordeling
    • Særleg om stemmetalet ved kommunestyreval
    • Kandidatkåring ved kommunestyreval
    • Kandidatkåring ved fylkestingsval
    • Kandidatkåring ved stortingsval
  8. Godkjenning av val - klage

 

1. Hovudprinsipp

Direkte val - forholdsval

Den norske valordninga er basert på prinsippa om direkte val og forholdsval i fleirmannskrinsar. Direkte val inneber at veljarane stemmer direkte på representantar for valdistriktet ved å gje si stemme til ei valliste. Forholdsval vil seie at representantane blir fordelte etter det innbyrdes forholdet mellom dei stemmetala som kjem på dei enkelte vallistene. Både politiske parti og andre grupper kan stille liste ved vala.

Valkrinsar. Talet på mandat

Ved stortingsval er landet delt inn i 19 valdistrikt som svarer til fylka, inkludert Oslo kommune som er eige fylke. Det blir valt 169 representantar til Stortinget. Kor mange representantar som skal veljast frå kvart valdistrikt, avheng av innbyggjartalet og arealet i fylka. Kvar innbyggjar tel eitt poeng, medan kvar kvadratkilometer tel 1,8 poeng. Av dei 169 representantane blir 150 valde som distriktsrepresentantar, medan 19, eitt mandat frå kvart fylke, blir valde som utjamningsmandat.

Ved kommunestyre- og fylkestingsval blir det valt representantar til kommunestyre og fylkesting. Kvar kommune og kvart fylke utgjer ein valkrins. Kommunestyret/fylkestinget fastset sjølv talet på representantar innanfor lovfastlagde minimumskrav i forhold til innbyggjartalet i kommunen/fylket. Reglane er tekne inn i kommunelova.

Valperioden er 4 år for alle val. Val av kommunestyre og fylkesting blir avvikla samstundes og blir haldne midtvegs i stortingsperioden. Kongen fastset valdagen til ein måndag i september, som regel i løpet av dei to første vekene av månaden.

Lovgjeving

Grunnlova har ein del grunnleggjande reglar om stortingsval. Desse gjeld mellom anna vilkåra for og tap av stemmerett, talet på stortingsrepresentantar og fordelinga av dei på fylka, valmåten, kriteria for kven som kan veljast, og prøvinga av om valet er gyldig. Dei nærmare reglane om gjennomføringa av val, både til storting, fylkesting og kommunestyre, er samla i lov av 28. juni 2002 nr. 57 om val til Stortinget, fylkesting og kommunestyre (vallova). I tillegg er det fastsett ei forskrift med nærmare reglar på enkelte område. 

2. Stemmerett og manntal

Røysterettsvilkåra

Stemmerett ved stortingsval har norske statsborgarar som fyller 18 år innan utgangen av valåret, og som nokon gong har vore folkeregisterførte som busette i Noreg. Det siste vilkåret gjeld ikkje for tilsette i diplomatiet eller konsulatstellet og husstanden deira.

Stemmerett ved kommunestyre- og fylkestingsval har alle dei som har stemmerett ved stortingsval. I tillegg har nordiske statsborgarar (Sverige, Island, Danmark, Finland) stemmerett dersom dei blei registrerte som busette i Noreg seinast 30. juni i valåret. Andre utanlandske statsborgarar har stemmerett dersom dei har stått innførte i folkeregisteret som busette i landet samanhengande dei siste tre åra før valdagen.

Det er eit vilkår for stemmerett til alle val at ein ikkje har mista stemmeretten etter Grunnlova § 53. Regelen fastset at stemmeretten kan tapast ved domfelling for visse straffbare handlingar der slikt rettstap kan inngå som ein del av straffa, til dømes ved brotsverk mot statens sjølvstende og tryggleik og mot statsforfatninga vår.

Manntalsføringa

Alle som skal stemme, må vere innførte i manntalet i ein kommune på valdagen. Manntalet er ei opplisting av personar i kommunen som har stemmerett. Veljarane blir førte inn i manntalet i den kommunen der dei var registrerte med bustadadresse den 30. juni i valåret. Personar som har vore busette utanfor landet i meir enn 10 år samanhengande, må søkje om innføring i manntalet i den kommunen vedkomande sist var registrert som busett. Dette gjeld ikkje dei som er tilsette i diplomatiet eller konsulatstellet eller er ein del av husstanden deira.

Manntalsutkastet skal liggje ute til offentleg ettersyn fram til valdagen. Alle som meiner at dei sjølve eller andre feilaktig er innførte eller utelatne frå manntalet, kan krevje at valstyret rettar feilen. Valstyret skal kunngjere tid og stad for utlegginga og opplyse om høvet til og framgangsmåten for å krevje feil retta. 

3. Dei som kan veljast, og plikt til å ta imot val

Innleiing

Utgangspunktet er at alle som har stemmerett ved eit val, også kan veljast og er pliktige til å ta imot val. Enkelte personar er likevel utestengde frå val på bakgrunn av at dei sit i offentlege posisjonar/stillingar som av prinsipielle grunnar ikkje bør kombinerast med verv som folkevald. Det er også på nærmare fastlagde vilkår høve til å søkje fritak frå val.

Stortingsval

Valbar og pliktig til å ta imot val er personar som har stemmerett ved valet, og som ikkje er utelukka eller fritekne.

Utelukka frå val til Stortinget er tilsette i departementa med unntak av statsrådar, statssekretærar og politiske rådgjevarar, dommarar i Høgsterett og tilsette i diplomatiet eller konsulatstellet.

Ein kan krevje seg friteken frå val til Stortinget dersom ein har stemmerett i eit anna valdistrikt enn der ein er sett opp som kandidat på listeframlegg, dersom ein var stortingsrepresentant heile førre valperioden, eller dersom ein er ført opp som kandidat på eit listeframlegg som er sett fram av nokon andre enn eit registrert politisk parti ein er medlem av.

Kommunestyre- og fylkestingsval

Valbar og pliktig til å ta imot val er personar som har stemmerett ved valet, og som på valdagen er folkeregistrerte som busette i vedkomande kommune eller fylkeskommune, og som ikkje er utelukka eller friteken.

Utelukka frå val til kommunestyret/fylkestinget er fylkesmannen og assisterande fylkesmann, administrasjonssjefen i kommunen og fylkeskommunen og dei som er i staden for desse, og dessutan leiar av forvaltningsgrein i kommunen eller fylkeskommunen. Men leiar av enkeltståande verksemder er ikkje utelukka. Ein kan heller ikkje veljast dersom ein er sekretær for kommunestyret eller fylkestinget, ansvarleg for rekneskapsfunksjonen i kommunen eller fylkeskommunen eller arbeider med revisjon for høvesvis kommunen eller fylkeskommunen.

Ein kan krevje seg friteken frå val til kommunestyret eller fylkestinget dersom ein gjev ei skriftleg erklæring om at ein ikkje ønskjer å stille til val på den lista ein er ført opp på.

4. Førebuing av valet

Valorgana

Ved alle val er det kommunen som har ansvaret for den praktiske gjennomføringa. I kvar kommune skal det vere eit valstyre som blir valt av kommunestyret. Valstyret har ansvaret for gjennomføring av valet i kommunen.

Dersom det skal gå føre seg stemmegjeving på fleire stader i kommunen, skal gjennomføringa av valet på kvar stad leiast av eit stemmestyre på minst tre medlemmer.

Ved stortingsval og fylkestingsval skal det i kvart fylke vere eit fylkesvalstyre. Fylkesvalstyret har ansvaret for å gjennomføre valoppgjeret på fylkesnivå, det vil seie samla for alle kommunane i fylket.

Ved stortingsval skal det i tillegg veljast eit riksvalstyre på minst fem medlemmer. Riksvalstyret blir oppnemnt av Kongen og har ansvaret for å rekne ut, fordele og kåre dei 19 utjamningsrepresentantane. I tillegg utferder dei fullmakter til dei valde stortingsrepresentantane. Riksvalstyret skal også handsame klager ved stortingsval.

Politiske parti

Politiske parti som ønskjer det, kan søkje om å bli registrerte i Partiregisteret. Registeret blir ført av Registereininga i Brønnøysund. Registrering er ikkje eit vilkår for å delta ved val. Men ved registrering får partiet einerett til å levere liste under det registrerte partinamnet. Vallova har også reglar som fører med seg visse fordelar for parti som er registrerte i Partiregisteret når det gjeld underskrifter på listeframlegga, sjå nærmare om dette under punktet ”listeframlegga” nedanfor. Ved stortingsval er det berre registrerte politiske parti som kan få tildelt utjamningsmandat.

Vilkåra for å bli eit registrert politisk parti kjem fram av partilova (lov av 17. juni 2005 om visse forhold vedrørende de politiske partiene). Saman med søknaden om registrering skal partiet leggje ved stiftingsprotokoll for partiet, opplysningar om kven som er valde til medlemmer i utøvande organ i partiet, og som har fullmakt til å representere partiet sentralt i saker etter vallova, vedtekter som fastset kva for eit organ i partiet som vel det utøvande organet og erklæring frå minst 5 000 personar med røysterett ved stortingsval om at dei ønskjer partinamnet registrert.

Søknaden må vere journalført hos registreringsstyresmakta innan 2. januar i valåret for at registreringa skal få verknad ved valet same året.

Eit parti kan ikkje bli registrert dersom det er fare for at partinamnet kan bli forveksla med anna parti registrert i Partiregisteret eller samepolitisk eining registrert hos Sametinget.

Listeframlegga

Både registrerte politiske parti og andre grupper kan stille liste ved val. Framgangsmåten er at dei arbeider ut framlegg til valliste, som så skal godkjennast av valstyresmaktene. Listeframlegget inneheld namnet på dei kandidatane som stiller til val for partiet/gruppa. Listeframlegget er utgangspunktet for det som blir stemmesetelen for partiet/gruppa.

Listeframlegget må vere kome inn til valstyresmaktene seinast 31. mars kl. 12 i valåret, innehalde ei overskrift som viser kva for eit parti eller kva gruppe som står bak framlegget, vise kva for kandidatar som stiller til val på lista, og fødselsåret deira. Det må vidare innehalde namn på en tillitsvald og ein vararepresentant som valstyresmaktene kan ta kontakt med dersom det blir nødvendig å gjere endringar.

For listeframlegg frå eit parti registrert i Partiregisteret, er det nok med underskrift av to styremedlemmer i partiet si lokalavdeling i det fylket/kommunen lista gjeld, dersom partiet ved førre stortingsvalet fekk ei oppslutning på minst 500 stemmer i eitt fylke eller minst 5 000 stemmer i heile landet.

For andre framleggsstillarar må listeframlegget ved stortingsval og fylkestingsval vere underskrive av minst 500 personar med stemmerett i fylket ved det aktuelle valet. Ved kommunestyreval må listeframlegget vere underskrive av så mange personar med stemmerett i kommunen at det svarer til 2 % av talet på innbyggjarar med stemmerett ved siste kommunestyreval. Listeframlegget skal som eit minimum vere underskrive av like mange personar med røysterett i kommunen som det skal veljast medlemmer til kommunestyret. Underskrift frå 300 personar er i alle tilfelle mange nok.

Ved fylkestingsval og kommunestyreval skal listeframlegga vere fylte ut i rekkjefølgje med minimum 7 kandidatnamn. Framlegget kan maksimalt innehalde så mange kandidatnamn som talet på representantar som skal veljast til fylkestinget/kommunestyret, med eit tillegg av inntil 6 andre namn. Ved stortingsval skal det førast opp like mange kandidatnamn som det skal veljast representantar frå fylket. I tillegg kan det førast opp inntil 6 andre namn.

Ved kommunestyreval kan eit visst tal av dei øvste kandidatane på listeframlegget få eit stemmetillegg. Kandidatane får i så fall eit tillegg i sitt personlege stemmetal som svarer til 25 % av talet på stemmesetlar som kjem lista til del ved valet. Avhengig av talet på kommunestyremedlemmer som skal veljast, kan framleggsstillarane gje stemmetillegg til så mange kandidatar:
11-23 medlemmer: inntil 4
25-53 medlemmer: inntil 6
55 medlemmer eller fleire: inntil 10

Namnet på kandidatar med stemmetillegg skal stå først på listeframlegget og med utheva skrift.

Listeframlegg kan kallast tilbake seinast 20. april kl. 12 i valåret.

Listeframlegga skal leggjast ut til ettersyn etter kvart som dei kjem inn. Vedkomande valstyresmakt undersøkjer om dei innleverte listeframlegga oppfyller krava i lova og avgjer om dei skal godkjennast. Dersom lista ikkje kan godkjennast, skal valstyresmaktene gjennom forhandlingar med tillitsvalde for listeframlegget prøve å få framlegget i samsvar med lova.

Valstyresmaktene skal melde frå til alle kandidatane på listeframlegga om at dei er føreslegne og opplyse om kva for reglar som gjeld for fritak frå val. Ein underskrivar eller kandidat som står på fleire listeframlegg for same valet, skal få pålegg om å melde frå innan ein viss frist om kva for eit framlegg vedkomande vil stå på. Elles blir vedkomande sett opp på det listeframlegget som først blei innlevert.

Seinast 1. juni i valåret skal valstyresmaktene avgjere om framlegg til vallister og tilbakekalling av listeframlegg skal godkjennast. Når listeframlegga er godkjende, skal valstyresmaktene leggje dei offisielle vallistene ut til gjennomsyn. Valstyresmaktene kunngjer overskriftene på dei godkjende vallistene og opplyser om kvar dei er lagde ut.

Listeframlegga er utgangspunktet for stemmesetlane for partia/gruppene. Fylkesvalstyret (stortingsval og fylkestingsval) og valstyret (kommunestyreval) har ansvaret for at det blir trykt opp stemmesetlar før førehandsstemminga innanriks startar den 10. august. I valforskrifta er det gjeve nærmare reglar om korleis stemmesetlane skal sjå ut.

Systemet i vallova byggjer i utgangspunktet på at kommunestyrevala blir gjennomførte etter prinsippet om forholdsval med fleire vallister. Det er likevel tenkjeleg at det ved valet berre blir godkjent éi liste, eller ingen i det heile teke. Reglane om forholdsval passar ikkje for ein slik situasjon. Valet må då gjennomførast som fleirtalsval, der veljarane i staden for å stemme på vallister med kandidatar stemmer berre på enkeltpersonar. Fleirtalsval førekjem, men svært sjeldan.

5. Stemmegjevinga

Stemmegjeving på valdagen

På valdagen kan veljarane berre stemme i den kommunen der dei er innførte i manntalet.

Valstyret fastset kor mange stemmekrinsar kommunen skal delast inn i (kor mange stemmelokale det skal vere). Kommunane kan avgjere at det skal haldast val også på søndagen før den offisielle valdagen. Valstyret kunngjer for veljarane i kommunen når og kvar stemmegjevinga går føre seg på valdagen. Ingen vallokale må halde ope lenger enn til kl. 21 på valdagen.

Av omsyn til at valet skal gå føre seg på ein trygg og verdig måte, inneheld vallova ordensreglar som stemmestyret er pålagt å overhalde. Det er forbode med valagitasjon i vallokalet og i dei romma veljaren må passere for å kome fram til vallokalet. Det er heller ikkje tillate å utføre handlingar som kan forstyrre eller hindre ei normal gjennomføring av valhandlinga. Det er ikkje høve til å gjennomføre veljarundersøkingar eller liknande utspørjingar av veljarane i vallokalet og i dei romma veljaren må passere for å kome fram til vallokalet. Leiaren for stemmestyret eller nestleiaren kan om nødvendig vise bort personar som oppfører seg i strid med reglane. Det er også forbod mot å gje opplysningar til utanforståande, til dømes pressa, om forbruket av stemmesetlane til dei ulike partia/gruppene.

Valstyresmakter på alle nivå er pålagde å føre protokoll. I kommunar med fleire stemmestader skal det førast ei møtebok for kvar stemmestad. Det er leiaren for stemmestyret, valstyret og fylkesvalstyret som har ansvaret for protokollføringa. Departementet fastset i forskrift krav til protokollane.

Stemmegjevinga går til vanleg føre seg på denne måten:

  1. Veljaren går til eit stemmeavlukke der valhandlinga kan utførast i einerom og usett.
  2. Veljaren tek stemmesetelen til det partiet eller den gruppa vedkomande ønskjer å stemme på, og gjer dei endringane som vedkomande eventuelt ønskjer å gjere.
  3. Veljaren brettar saman stemmesetelen slik at ingen ser kva han/ho har stemt og går til ein valfunksjonær, som påfører stemmesetelen eit stempel. 
  4. Veljaren legg deretter stemmesetelen i valurna. 
  5. Alle som stemmer, skal kryssast av i manntalet. Valfunksjonæren kontrollerer at veljaren er registrert i manntalet, og at vedkomande ikkje er kryssa av for å ha stemt allereie. Veljaren skal legitimere seg dersom vedkomande ikkje er kjend for valfunksjonæren. Manntalsavkryssinga må skje før veljaren legg stemmesetlane i urna.

Veljarar som ikkje er manntalsførte i vedkomande del av manntalet, kan også levere stemme. Stemmesetelen skal då ikkje leggjast i urna. Etter at stemmesetelen er blitt stempla, skal veljaren sjølv leggje han i ein stemmesetelkonvolutt og gje denne konvolutten til ein valfunksjonær. Valfunksjonæren legg stemmesetelkonvolutten i ein omslagskonvolutt, klistrar han att og skriv på namn, bustadadresse og fødselsdato for veljaren. Etter at stemmegjevinga er slutt på valtinget, blir omslagskonvolutten levert til valstyret. Før stemmegjevinga kan godkjennast, må valstyret kontrollere at veljaren er manntalsført i ein av dei andre stemmekrinsane i kommunen, og at vedkomande ikkje har stemt i den krinsen han/ho er manntalsført.

Veljarar som treng hjelp til å utføre valhandlinga, kan be stemmestyret om nødvendig hjelp. Veljar med alvorleg psykisk eller fysisk funksjonshemming kan sjølv peike ut ein ekstra hjelpar blant dei personane som er til stades.

Veljarar som ikkje er i stand til å kome seg inn i vallokalet, kan levere stemme like utanfor. To valfunksjonærar kjem i så fall ut og har med seg nødvendig valmateriell, inklusive urne.

Førehandsstemminga

Veljarar som ønskjer det, kan levere førehandsstemme. Førehandsstemminga innanriks (inkl. Svalbard og Jan Mayen) går føre seg i tida frå 10. august i valåret og fram til siste fredag før valdagen. Veljaren er sjølv ansvarleg for å levere førehandsstemme på eit tidspunkt som gjer at førehandsstemmegjevinga kjem inn til valstyret innan valdagen kl. 21.

Det er kommunane som er ansvarlege for å ta imot førehandsstemmene innanriks. Valstyret avgjer kva lokale det skal vere mogleg å førehandsstemme i. Typiske stader er rådhuset, servicesenteret eller liknande. Kommunen er i tillegg pliktig til å ta imot førehandsstemmer på helse- og sosialinstitusjonar i kommunen. Dei som ikkje kan kome til eit vallokale på grunn av sjukdom eller uførleik, kan søkje valstyret i kommunen om å få stemme heime (ambulerande stemmegjeving). Ved ambulerande stemmegjeving og stemmegjeving på institusjon skal det vere minst to stemmemottakarar til stades.

Det er mogleg å førehandsstemme i kva kommune som helst i heile landet, det vil seie at veljarar kan stemme i ein annan kommune enn der vedkomande bur og er manntalsført. Stemmegjevinga sender ein i posten til veljaren sin heimkommune. 

Veljarar som oppheld seg i utlandet, kan også delta ved valet. Dei må då levere førehandsstemme. Førehandsstemming utanriks og på Svalbard og Jan Mayen startar 1. juli i valåret. Utanriks kan stemmegjevinga gå føre seg til og med nest siste fredag før valdagen. På Svalbard kan sysselmannen bestemme at stemmegjevinga skal avsluttast tidlegare enn siste fredag før valdagen. Veljaren må sjølv sørgje for å levere stemme så tidleg at stemmegjevinga når fram til valstyret innan kl. 21.00 valdagen. Førehandsstemmer utanriks blir som hovudregel leverte til ein stemmemottakar på ein norsk utanriksstasjon. Departementet kan ved behov nemne opp stemmemottakarar andre stader.

Veljarar som ikkje har vore busette i Noreg dei siste 10 åra før valdagen, må søkje om innføring i manntalet. (Dette er unødvendig for tilsette i diplomatiet eller konsulatstellet og husstanden deira.) Søknaden om manntalsføring skal innehalde ei erklæring om at veljaren framleis er norsk statsborgar. Departementet trykkjer eit eige søknadsskjema på omslagskonvolutten for førehandsstemmegjeving utanriks, men søknaden kan også fremjast i eige brev.

Dersom ein veljar som oppheld seg utanfor riket, ikkje har høve til å oppsøkje ein stemmemottakar, kan vedkomande levere stemme ved brevpost utan at stemmemottakar er til stades ved stemmegjevinga. Veljaren kan på eiga hand ordne med stemmegjevinga, anten ved å bruke materiell vedkomande har skaffa seg frå ein utanriksstasjon eller stemmemottakar, eller ved å bruke eigne stemmesetlar og konvoluttar. Brevrstemme reknar ein med er aktuelt berre i spesielle tilfelle, og for veljarar som elles ikkje ville fått levert stemme.   

Veljarane har høve til å endre på røystesetlane

Ved kommunestyreval og fylkestingsval kan veljarane påverke kven av kandidatane som blir valde, gjennom å gje personstemme til kandidatane på lista. Dei kan gje personstemme til så mange av kandidatane dei vil. Det gjer dei ved å setje eit merke (kryss, hake eller liknande) i ei rute ved namnet til kandidaten(ane).

Ved kommunestyreval er det også høve til å føre opp kandidatar frå andre lister, såkalla “slengjarar”. Dette gjer ein ved å føre desse kandidatnamna opp i eit eige felt på stemmesetelen. Når veljaren gjev personstemmer til kandidatar på andre lister, overfører han eit tilsvarande tal listestemmer til den/dei listene desse kandidatane står oppførte på.

Ved stortingsval kan veljarane nummerere om rekkjefølgja på kandidatane på lista ved å setje nye nummer framfor kandidatnamnet, eller stryke kandidatnamn ved å setje eit merke i ruta til høgre for kandidatnamnet. 

6. Oppteljing av røyster

Etter at stemmegjevinga er avslutta, skal stemme teljast opp. Valstyret i kommunen avgjer korleis oppteljinga skal organiserast og har ansvaret for at oppteljinga går føre seg etter forskriftene ved val både til kommunestyre, fylkesting og Stortinget.

Ved oppteljinga finn ein ut kor mange veljarar som har stemt på kvar liste, og kva for endringar veljarane har gjort på stemmesetlane. Stemmesetlar leverte på førehand og stemmesetlar leverte på valtinget skal haldast fråskilde og registrerast kvar for seg. Oppteljinga av stemmesetlar går føre seg i to omgangar: ei førebels og ei endeleg oppteljing.

Førebels oppteljing

Den førebelse oppteljinga er ei forenkla oppteljing der berre kurante stemmesetlar blir talde. Alle stemmesetlar det er tvil om kan godkjennast, legg ein til sides. Dei blir først vurderte ved den endelege oppteljinga. Stemmesetlane ordnar ein etter listeoverskrift. Formålet med den førebelse oppteljinga er å kome fram til eit raskt førebels resultat som kan presenterast for publikum.

Den førebelse oppteljinga av stemmer som er gjevne på valdagen, skal starte så snart vallokala er stengde. Oppteljinga kan skje anten av stemmestyra ute på stemmestadene eller hos valstyret sentralt. Skal oppteljinga skje på stemmestadene, er det då eit krav at den aktuelle delen av manntalet inneheld minst 100 namn. Bakgrunnen er omsynet til at det skal vere mogleg å halde hemmeleg kva dei enkelte veljarane har stemt.

Når det gjeld førehandsstemmene, er hovudregelen at den førebelse oppteljinga skal starte seinast fire timar før vallokala stengjer. Føresetnaden er at ei slik førebels oppteljing ikkje vil stride mot prinsippet om hemmeleg val. Dersom det berre er godkjent eit svært lite tal førehandsstemmer før valdagen, kan det vere vanskeleg å sikre desse veljarane anonymitet i forhold til kva dei har stemt. I så fall må oppteljinga utsetjast til alle førehandsstemmegjevingar er blitt godkjende.

Det er forbode å offentleggjere oppteljingsresultat før alle vallokala i landet er stengde kl. 21 på valdagen.

Endeleg oppteljing

Etter at alle kurante stemmesetlar har vore igjennom den førebelse oppteljinga, skal valstyret gjennomføre endeleg oppteljing. Ved denne oppteljinga tek valstyret stilling til om stemmesetlar som tidlegare har vore lagde til sides som tvilsame, skal godkjennast eller forkastast. Alle stemmesetlane blir talde på nytt.

Ved den endelege oppteljinga av stemmesetlar til kommunestyreval registrerer valstyret dei endringane som veljarane har gjort på stemmesetlane. Dette er utgangspunktet for det vidare valoppgjeret som valstyret skal gjennomføre.

Ved fylkestingsval og stortingsval er det fylkesvalstyret som registrerer endringar veljarane har gjort på stemmesetlane. Den endelege oppteljinga frå valstyret ved fylkestingsval og stortingsval går altså ut på ei vurdering av om stemmer skal forkastast, og om ei ny oppteljing må til. Deretter blir stemmesetlane sende til fylkesvalstyret, som har ansvaret for å fullføre valoppgjøret samla for alle kommunane i fylket. Fylkesvalstyret skal kontrollere oppteljinga frå valstyra, noko som inneber at stemmesetlane må teljast endå ein gong. Dersom nokon av valstyra har gjort feil ved oppteljinga eller i samband med godkjenning eller forkasting av stemmer, skal fylkesvalstyret rette feilen.

Både stemmestyra, valstyra og fylkesvalstyra er pålagde å føre protokoll over alle oppteljingsresultat, avgjerder om å forkaste stemmesetlar osv.

7. Valoppgjer

Ifølgje vallova skal departementet kvart åttande år fastsetje talet på stortingsrepresentantar frå kvart fylke.

Valoppgjeret blir gjennomført i to omgangar. Først undersøkjer ein kor mange mandat partiet/gruppa skal få (mandatfordelinga). Utrekningsmetoden er den same ved alle val (St. Laguës modifiserte metode). Deretter blir dei enkelte kandidatane som skal veljast inn frå dei ulike listene, peikte ut (kandidatkåringa). Kandidatkåringa går føre seg på forskjellig måte avhengig av kva for eit val det er.

Ved kommunestyreval tek valstyret seg av valoppgjeret. Ved fylkestingsval og stortingsval er det fylkesvalstyret som gjennomfører oppgjeret.

Mandatfordeling

Systemet baserer seg på at representantplassane skal fordelast forholdsmessig mellom partia/gruppene etter stemmetalet som den enkelte vallista har fått. Prinsippet blir kalla forholdsval. Mandatfordelinga mellom dei ulike listene blir gjennomført ved hjelp av den same matematiske metoden både ved stortingsval, fylkestingsval og kommunestyreval. Metoden blir kalla St. Laguës modifiserte metode. Den går ut på at stemmetalet for den enkelte lista først blir dividert med talet 1,4 og deretter med tala 3-5-7-9 osv. Ved desse divisjonane kjem det fram ei rekkje tal, såkalla kvotientar. Kvotientane blir ordna etter storleik. Representantplassane blir fordelte til dei listene som har dei største kvotientane. Det første mandatet går til den lista som har den største kvotienten, mandat nummer to til den som har den nest største kvotienten osv.

Ved stortingsval fordeler fylkesvalstyret alle mandata i fylket i samsvar med St. Laguës modifiserte metode med unntak av eitt. Det siste mandatet i kvart fylke skal fordelast som utjamningsmandat av riksvalstyret. Formålet med dette er å få til ei meir rettferdig politisk fordeling av mandata enn det som er mogleg å oppnå gjennom ei rein krinsvis fordeling.

Ved stortingsval og fylkestingsval finn ein stemmetalet for listene ved å leggje saman kor mange veljarar som har stemt på lista samanlagt i alle kommunane i fylket. Dette er altså utgangspunktet for divisjonane som er omtalte ovanfor. Sjå dømet i tabellen under der det skal fordelast 11 representantar.

Valoppgjer ved St. Laguës modifiserte metode

 

  H Ap FrP SV SP KrF
Røystetal 81 140 80 862 39 851 26 295 12 187 11 229
1,4 57 957  (1) 57 758  (2) 28 465  (3) 18 782  (6) 8 705 8 020
3 27 046  (4) 26 954  (5) 13 283  (9) 8 765 4 062 3 743
5 16 228  (7) 16 172  (8) 7 970      
7 11 591  (10) 11 551  (11)        
9 9 015 8 984        

H får mandat nr. 1, 4, 7 og 10
Ap får mandat nr. 2, 5, 8 og 11
FrP får mandat nr. 3 og 9
SV får mandat nr. 6

Særleg om røystetalet ved kommunestyreval

Ved kommunestyreval legg ein ikkje talet på stemmesetlar til grunn for utrekningane, men talet på såkalla listestemmer. Bakgrunnen er høvet til å gje personstemmer til kandidatar frå andre lister (dvs. føre opp såkalla slengjarar), og systemet med at dette fører med seg overføring av ein viss del av stemma til det andre partiet.

Kvar liste til kommunestyrevalet inneheld like mange listestemmer som det skal veljast representantar til kommunestyret. Skal det veljast 21 representantar, inneheld lista i 21 listelister. Når ein veljar fører opp ein slengjar, overfører han samstundes éi listestemme til den lista der den aktuelle kandidaten er ført opp. Døme: Det skal veljast 21 representantar. Ein veljar som stemmer på Venstre, gjev ei personstemme til ein kandidat på Høgre si liste (fører opp ein slengjar frå Høgre). Resultatet er at stemma frå veljaren gjev 20 listestemmer til Venstre og 1 listestemme til Høgre.

Stemmetalet for den enkelte lista (listestemmetalet) kjem altså fram ved at talet på stemmesetlar blir multiplisert med talet på representantar som skal veljast til kommunestyret. Deretter må ein leggje til listestemmer som er mottekne som følgje av at veljarar til andre lister har gjeve slengjarstemmer til kandidatar på lista. Tilsvarande må ein trekkje frå ei listestemme for kvar slengjar lista sine eigne veljarar har ført opp. Listestemmetalet dividerer ein deretter med 1,4 og med 3-5-7-9 osv. Mandatfordelinga går elles føre seg på same måten som ved fylkestingsval og stortingsval.

Å føre opp slengjarar har i praksis mest å seie for kor mange personstemmer kandidatane får og dermed for kandidatkåringa. Men er veljarane aktive i bruken av høvet til å føre opp slengjarar, vil det kunne påverke listestemmetalet såpass at det gjev utslag også for mandatfordelinga mellom listene. Det er ikkje høve til å føre opp fleire slengjarar / overføre fleire listestemmer til andre lister enn det som svarer til ein fjerdedel av talet på representantar som skal veljast til kommunestyret. Det er likevel alltid tillate å føre opp inntil fem slengjarar.

Kandidatkåring ved kommunestyreval

Når det er avgjort kor mange representantar ei valliste skal ha, blir plassane fordelte til kandidatane på lista. Kandidatkåringa skjer på grunnlag av det personlege stemmetalet kandidatane har fått. Det personlege stemmetalet kjem fram på denne måten:

Kandidatar som står med utheva skrift, øvst på stemmesetelen, får eit tillegg i sitt personlege stemmetal. Tillegget inneber eit påslag i personstemmer som svarer til 25 prosent av det talet på veljarar som har stemt på lista. Har eit parti fått 100 stemmer, skal kandidatar med utheva skrift få 25 personstemmer. Partiet/gruppa som står bak listeframlegget, kan gje stemmetillegg til eit avgrensa tal kandidatar (sjå framanfor om listeframlegg) for å ha eit visst høve til å påverke kven som blir vald.

Etter å ha rekna ut stemmetillegget legg ein til dei personstemmene veljarane har gjeve til kandidatane. Personstemmer mottekne frå lista sine eigne veljarar og personstemmer mottekne frå veljarar bak andre lister (slengjarstemmer) tel like mykje.

Kandidatane blir kåra i rekkjefølgje etter kven som har det høgaste personlege stemmetalet.

Døme på kandidatkåring ved kommunestyreval

 

Talet på stemmer: 100
Stemmetillegg: 25 % av 100 = 25
Kandidatnamn

Rekkjefølgje på
lista
Stemmetillegg
frå partiet
Personstemmer
frå veljarane
SUM personleg
stemmetal
Kandidatkåring

Rekkjefølgje

1. Anne Arnesen

25 17 42 1. Anne Arnesen
2. Per Paulsen 25 4 29 2. Eli Endresen
3. Eli Endresen 0 36 36 3. Per Paulsen
4. Gunnar Gran 0 19 19 4. Gunnar Gran
5. Hilde Hansen 0 12 12 5. Hilde Hansen
6. Pål Steen 0 0 0 6. Nora Hals
7. Nora Hals 0 1 1 7. Pål Steen

 

Kandidatkåring ved fylkestingsval

Når det er avgjort kor mange representantar ei valliste skal ha, blir plassane til kandidatane fordelte på lista. For kandidatar som har fått personstemme frå minst 8 prosent av veljarane til partiet, legg ein talet på personstemmer til grunn for rekkjefølgja. Desse kandidatane rykkjer opp, forbi kandidater høgare opp på lista som ikkje har fått like mange personstemmer.

For alle andre kandidatar, som ikkje oppnår minst 8 prosent personstemmer, blir rekkjefølgja på lista lagd til grunn for kandidatkåringa.

Døme på kandidatkåring ved fylkestingsval

 

Talet på stemmer: 1 000
8 % av 1 000 = 80 ("sperregrense")
Kandidatnamn

Rekkjefølgje på lista
Personstemmer
frå velgjarane
Kandidatkåring

Rekkjefølgje
1. Hilde Hauge 90 (9 %) * 1. Hilde Hauge *
2. Lars Lie 75 (7,5 %) 2. Jo Jensen *
3. Vibeke Vang 5 (0,5 %) 3. Lars Lie
4. Tor Tomset 21 (2,1 %) 4. Vibeke Vang
5. Liv Larsen 79 (7,9 %) 5. Tor Tomset
6. Jo Jensen 81 (8,1 %) * 6. Liv Larsen

*Personleg stemmetal overstig 8 % av stemmetalet til lista. Desse kandidatane blir kåra først, i samsvar med personleg stemmetal. Deretter blir andre kandidatar kåra i samsvar med rekkjefølgja på lista.

Kandidatkåring ved stortingsval

Ved kandidatkåringa tel ein først berre dei namna som står som nr. 1 på stemmesetlane. Den som får flest stemmer ved denne oppteljinga, blir vald. Deretter tel ein dei som står som nr. 2 på stemmesetlane. Den kandidaten som får flest stemmer når ein legg saman resultata frå begge oppteljingane og ser bort frå den som alt er vald, blir vald. Slik held ein fram til alle kandidatane er valde.

For at endringar veljarane har gjort på stemmesetlane, skal ha verknad på personvalet, må over halvparten av partiet sine veljarar ha gjort endring ved den same kandidaten. Dette inneber at det skal svært mykje til for at endringar frå veljarane skal ha noko å seie. I praksis skjer dette aldri.

8. Godkjenning av val - klage

Ved kommunestyreval og fylkestingsval skal valoppgjeret godkjennast av det nyvalde kommunestyret/fylkestinget. Er det gjort feil som ikkje kan rettast, og som har noko å seie for mandatfordelinga, skal valet kjennast ugyldig. I så fall sender ein melding til departementet, som påbyr omval. Ved fylkestingsval kan departementet i særlege tilfelle påby omval i heile fylket, sjølv om feilen ikkje gjeld alle kommunane i fylket.

Ved stortingsval er det Stortinget sjølv som godkjenner valet, og som påbyr omval dersom valet blir kjent ugyldig.

Alle som har stemmerett, kan klage over forhold i samband med førebuinga og gjennomføringa av valet i det fylket / den kommunen vedkomande er manntalsført. Gjeld klagen spørsmål om stemmerett eller om høvet til å gje stemme, har også den som ikkje er blitt manntalsført, klagerett. Det kan klagast over ”forhold i samband med førebuinga og gjennomføringa av valet”. Dette vil seie at ein i prinsippet kan klage over alle typar forhold. Det er ingen avgrensingar ut over at forholdet må knyte seg til førebuingane og gjennomføringa av valet på ein eller annan måte.

Klagen må fremjast innan sju dagar etter valdagen. Det er likevel høve til å setje fram klagar over forhold som gjeld valførebuingane, også tidlegare. Klage over valoppgjeret ved fylkestingsval og kommunestyreval må fremjast innan sju dagar etter at valoppgjeret er godkjent i fylkestinget/kommunestyret. Ved stortingsval må klage over valoppgjeret frå fylkesvalstyret fremjast innan sju dagar etter at det ligg føre.

Departementet er klageinstans ved kommunestyreval og fylkestingsval. Dei vedtaka departementet gjer i klagesaka, er endelege og kan ikkje leggjast fram for domstolane til overprøving. Dette er grunngjeve med behovet for ei snarleg og endeleg avgjerd.

Ved stortingsval er Stortinget sjølv klageinstans når det gjeld klager om stemmerett og retten til å gje stemme. Riksvalstyret skal gje fråsegn til klagene. Når det gjeld klager over andre forhold, er riksvalstyret klageinstans.