Foreldrepengar, barnetrygd og kontantstøtte

Dei to viktigaste overføringane til barnefamiliane i Noreg er barnetrygda og foreldrepengane. Barnetrygda er ei støtte til familiane som skal dekkje noko av kostnadene ved å ha barn. Den går til alle familiar med barn under 18 år.

Foreldrepengar går til familiar ved fødsel eller adopsjon og varer for dei fleste til barnet er om lag eitt år. Foreldrepengane skal gjere det økonomisk mogeleg for familien at ein forelder er heime med barnet det første leveåret. Sjå nav.no for meir informasjon. 

Barnetrygda

Det blir utbetalt barnetrygd for barn under 18 år. Retten gjeld frå månaden etter fødselen og til og med månaden før barnet fyller 18 år. Barnetrygda blir utbetalt per barn. Satsane blir fastsett årleg av Stortinget. Sjå nav.no for meir informasjon.

Far med vogn og barn
Foto: Colourbox

Barnetrygda for barn under 6 år utgjer 1.723 kroner per månad, 20.676 kroner per år. For barn i alderen 6 år og eldre utgjer barnetrygda 1.083 kroner per månad, 12.996 kroner per år.

Ein einsleg forsørgar med barn under 18 år har rett til utvida barnetrygd, det vil seie barnetrygd for eitt barn meir enn det han/ho faktisk har. Satsen er 29.868 kroner per år. Denne retten fell bort dersom vedkomande giftar seg, har vore sambuar i minst 12 av dei siste 18 månadene, eller får felles barn med ein sambuar.

Det er eit vilkår for rett til barnetrygd at barnet er busett i Noreg. Ved utanlandsopphald utover vanlege ferieopphald gjeld særskilde reglar. EØS-avtala kan medføre unnatak frå kravet om busetjing i Noreg.

Korleis få barnetrygd?

Det er i dei fleste tilfelle ikkje naudsynt å søkje om barnetrygd for nyfødde. Folkeregisteret sender fødselsmelding til NAV lokalt som forvaltar og utbetalar barnetrygd. I enkelte tilfelle må det setjast fram krav, mellom anna dersom barnet er eldre enn seks månader, og i tilfelle der det ligg føre rett til barnetrygd for eitt barn meir enn det faktiske barnetalet (utvida barnetrygd). 

Foreldrepengar og eingongsstønad

Foreldrepengar skal sikre foreldra inntekt under foreldrepermisjonen og medverke til eit likestilt foreldreskap. Foreldra deler ein periode på 49 veker med full sats (100 pst. lønskompensasjon) eller 59 veker med redusert sats (80 pst. lønskompensasjon). Foreldrepengar kan takast ut i løpet av dei første tre åra til barnet.

Foreldrepengeperioden består av tre delar: fedrekvoten, mødrekvoten og fellesperioden. Ved full sats er mødre- og fedrekvoten 15 veker kvar, og fellesperioden er 16 veker. Ved redusert sats er kvotane 19 veker, og fellesperioden er 18 veker.

Mødre- og fedrekvoten kan ikkje overdragast til den andre, utan i spesielle tilfelle. Fellesperioden kan disponerast fritt mellom foreldra. Tre veker før og seks veker etter fødselen er reservert mor. Dei seks vekene etter fødselen er ein del av mødrekvoten.

Rett til foreldrepengar og eingongsstønad

Retten til foreldrepengar blir tent opp gjennom arbeid seks av dei siste ti månadene før permisjonsstart. Mødrer som ikkje har rett til foreldrepengar har rett til eingongsstønad.

Foreldrepengane baserer seg på inntekt, opp til 6 G. Eingongsstønaden er eit eingongsbeløp som blir fastsett av Stortinget. I 2022 er satsen 90.300 kroner per barn.

Kontantstøtte

Kontantstøtte er eit alternativ til bruk av barnehage for barn mellom eitt og to år. Dersom barnet går heiltid i ein barnehage med offentleg tilskott, får ein ikkje kontantstøtte. Dersom barnet går deltid, kan ein få delvis støtte. Kontantstøtte med full sats utgjer 7.500 kroner per månad.

Foreldra kan få kontantstøtte for barnet i 11 månader, frå og med månaden då barnet fyller 13 månader, til og med månaden barnet fyller 23 månader.

Kontantstøtta blir ytt per barn utan inntekts- eller behovsprøving, og er skattefri. Barnet og den av foreldra som får støtta må bu i Noreg. EØS-avtala kan føre til unnatak frå kravet om busetjing i Noreg. Det må søkjast om kontantstøtte. Sjå nav.no for meir informasjon.