Endring av farskap

Barnelova har eigne reglar om endring av farskap.

I nokre tilfelle er ikkje mors ektemann biologisk far til barnet ho føder. I andre tilfelle oppgir mor ein annan mann enn den biologiske faren som far til barnet. Dersom han erklærer farskapet, vil han bli juridisk far til barnet sjølv om han ikkje er biologisk far.

I nokre tilfelle kan foreldra ønskje å halde det juridiske farskapet uendra. I andre tilfelle kan den juridiske faren bli merksam på tilhøve som gjer at han tviler på at han er biologisk far. Menn kan også få opplysningar om at dei kan vere far til barn som dei ikkje kjenner til.

Farskap som følgjer av pater est-regelen eller av erklæring, kan endrast ved at ein ny mann erklærer farskapet, og at denne erklæringa blir godtatt av mora og den mannen som har vore rekna som far til barnet. I desse tilfella skal NAV sikre at det nye farskapet er biologisk riktig ved å pålegge DNA-analyse. Ingen tidsfristar gjeld for at farskap skal endrast på denne måten.

Farskap i retten

Dersom ikkje alle partar er samde om at farskapet skal endrast, må den som ønskjer å endre farskapet reise sak for retten. Tidlegare gjaldt det tidsfristar for desse sakane, men dei er no oppheva.

Barnet sjølv kan alltid reise sak om endring av farskap. Dette gjeld også om barnet er over 18 år.

Når det tidlegare er avsagt dom i ei farskapssak, kan ein krevje dommen gjenopptatt dersom saka vart avgjort av domstolen utan DNA-analyse.