Avfall

Avfall er ikkje først og fremst søppel. Det er ein ressurs.

Gjennom ombruk og attvinning av materiale kan avfall nyttast som råstoff for nye produkt og tenester. Samtidig skal avfallet gjere minst mogleg skade på menneske og naturmiljø.

Kva er avfall?

Avfall er definert som kasserte gjenstandar eller stoff. Gjenstandar som eigaren har intensjon om å kaste, er også avfall.

Avfall har utvikla seg til å verte ein ressurs gjennom ombruk og attvinning av materiale. Samtidig er det overordna målet at avfallet skal gjere minst mogleg skade på menneske og naturmiljø.

Det må difor stillast krav til handteringa av avfallet. Det er viktig å drive førebygging fordi det er ein stor miljøgevinst i at det oppstår så lite avfall som mogleg.

Måla for avfallspolitikken

Det overordna målet er at avfall skal gjere minst mogleg skade på menneske og naturmiljø.

Noreg har som mål at:

  • Utviklinga i generert mengde avfall skal vere vesentleg lågare enn den økonomiske veksten.
  • Materialatvinninga skal auke.
  • Mengdene farleg avfall skal reduserast.
  • Det farlege avfallet skal handterast på ein forsvarleg måte.

Innanfor ulike avfallstypar finnast det eigne mål for materialattvinning og anna attvinning.

Det er viktig å sortere avfallet rett. Rett sortering er med på å sikre at mest mogleg avfall vert materialattvunne og at farleg avfall handterast på forsvarleg vis.

Sjå også stortingsmeldinga om avfall frå 2017: Fra avfall til ressurs

Sentrale prinsipp i avfallspolitikken

Avfallshierarkiet gjev ei prioritert rekkjefølgje for avfallshandteringa. Førebygging er høgast prioritert, altså det å hindre at avfall oppstår. Deretter kjem ombruk, attvinning og slutthandsaming. Attvinning kan bety både materialattvinning og energiutnytting.

Forureiner betaler-prinsippet inneber at det er den som har forårsaka skade på miljøet eller forårsakar stor fare for at slik skade skal oppstå, båe skal ha plikt til å gjennomføre forebyggande og gjenopprettande tiltak, og som óg blir økonomisk ansvarleg for slike tiltak.

Verkemiddel

I avfallspolitikken er det eit samspel mellom ei rekke ulike verkemiddel. Verkemidla skal på ein kostnadseffektiv måte stimulere til god ressursutnytting og låge utslepp.

  • Regelverk: Forureininglova og avfallforskrifta er sentrale i reguleringa av avfallspolitikken. Forureiningslova og avfallsforskrifta gjennomfører også EØS-regelverk. Lova omfattar også radioaktivt avfall.
  • Produsentansvar: Eit utvida produsentansvar gjev produsentane ansvar for produkta også når dei har vorte avfall. Produsentansvar finnast i dag for til dømes emballasje, kasserte elektriske og elektroniske produkt og kasserte køyretøy.
  • Avtalar: Styresmaktene brukar nokon gonger avtalar med næringslivet som verkemiddel i avfallspolitikken. Norske myndigheiter signerte i 2017 ein bransjeavtale med aktørane i matverdikjeda om å halvere matsvinn innan 2030.
  • Avgifter og refusjonsordningar: For å styre avfallet mot riktig og forsvarleg handsaming, og for å redusere miljøskadelege utslepp, er det innført fleire avgifter og refusjonsordningar. Til dømes skal ordninga med vrakpantavgift og ein statleg vrakpant medverke til at kasserte køyretøy leverast til godkjent mottaksplass. Vrakpantavgifta dekkar vrakpanten.
  • Informasjon: For å få oppslutning om avfallspolitikken må verksemder og privatpersonar gjevast god informasjon.

Ansvarsfordeling

Klima- og miljødepartementet har det overordna ansvaret for avfallspolitikken.

Miljødirektoratet forvaltar regelverk på avfallsområdet og gjev retningslinjer for korleis det skal praktiserast.

Statsforvaltaren gjev løyve etter fleire av reglane om avfall i forureiningslova og fører tilsyn.

Kommunane er ansvarlege for å sørgje for at hushaldsavfall blir samla inn og handsama. Innbyggjarane i kommunen betaler eit avfallsgebyr for tenesta. Sjølvkostprinsippet gjer at gebyret ikkje skal overstige kostnadane til kommunane med å handtere avfallet.

Internasjonalt

Avfall har utvikla seg til å verte ei internasjonal handelsvare. Avfall som ressurs og som problem treng difor internasjonal regulering. Noreg deltek i omfattande internasjonalt samarbeid på avfallsområdet.

EØS-regelverket har medverka i betydeleg grad til å skjerpe dei norske reglane på viktige delar av avfallsområdet. Noreg deltek også i anna internasjonalt arbeid, mellom anna i regi av FN.

Til dømes regulerer Baselkonvensjonen grensekryssande transport av farleg avfall. Partane forpliktar seg til å handtere og handsame farleg avfall på ein miljømessig forsvarleg måte.