Fjell i Noreg

Nesten ein tredel av Noreg, utan Svalbard, er fjell, omtrent 119.000 kvadratkilometer.

Dyr og planter i fjellet

Artane som lev i fjellet er tilpassa tøffe forhold med korte somrar og lange vintre. Om lag 250 planter, 400 mosar, 2-3000 insekt, 30 fuglar og 5 pattedyr lever i fjellet.

Det er 87 trua arter i fjellet. I følge Norsk raudliste for naturtypar 2018 er det seks trua naturtypar i fjellet.

Naturtilstanden i fjellet går gradvis nedover. Naturindeksen er no 17 prosent lågare enn den var i 1990. Nedgangen skjer over heile landet, med størst nedgang på Sørlandet (24 prosent) og minst i Midt-Noreg (13 prosent).

Endring i arealbruk (slik som økt kraft, veg-, og hyttebygging og nedlagt seterdrift) og klimaendringar er dei viktigaste påverkingane.

Dei siste fem åra er det bygt over 6000 nye hytte kvart år, og det er i følgje SSB totalt snart 440 000 hytte i Noreg. Meir enn 175 000 (40 prosent) av desse ligg i fjellet (alpine og subalpine område).

Alle disse inngrepa fragmenterer fjellområda ytterlegare. Rein er særleg sårbare for inngrep som splitter opp leveområda, og fleire studiar viser at rein unngår område med mye menneskeleg aktivitet.

Vill fjellrein

Den ville fjellreinen i Sør-Noreg er unik. Nord for dei sørlegaste delane av Sør-Trøndelag finnes det i dag berre tamrein.

Villreinen i Sør-Noreg utgjer den siste resten av den europeiske villreinen som var vanleg i store deler av Europa etter siste istid. Difor har Noreg eit særskilt internasjonalt ansvar for villrein.

Den treng store område å vandre i og for å ta vare på dei gjenværande villreinområda har vi lagd regionale planar for villreinfjella. Målet er å sikre en heilskapleg forvalting av fjellområde som er spesielt viktige for villreinens framtid i Noreg.

Smågnagarår

Ein gong i mellom når snøforholda er passande, får lemen ungar under snøen heile vinteren. Eit lemen får 8-10 ungar og kan få eigne ungar når det er 3 ukar gammal.

Gjennom ein heil vinter kan de bli utruleg mange lemen. Desse åra blir kalla smågnagarår og er regna som ein motor for naturen i fjellet.

I smågnagarår er det lett for fjellrev og rovfuglar å finne nok mat til ungane sine. Dei blir fora opp på lemen og ét ikkje like mye rypeegg og -ungar som elles. Dermed får rypeungane også leve opp.

Utover sommaren blir det lite mat til lemena og dei begynner å døy. Da kan dei forureine drikkevatn og spreie sjukdommen harepest. Mattilsynet  gir beskjed om det ikkje er trygt å drikke vatnet i fjellet.

Friluftsliv, jakt og fiske i fjellet

Fjellområda er viktige friluftslivsområde. Allemannsretten gir oss lov til å ferdes og opphalde oss i utmark. Denne retten gjelder ikkje i innmark, som for eksempel dyrka mark, hagar og gardstun/hustomt.  

Om vinteren, dersom marken er snødekt eller frose, gjeld ferdselsretten også på jorder og dyrka mark.  

I dei fleste fjellområda er det eit svært godt utbygt nett av turløyper, som er merka og skilta. Det aller meste av dette skjer i regi av Den Norske Turistforening, som til saman har rundt 20 000 kilometer merka sommarruter over heile landet, og 4300 kilometer merka vinterruter i Sør-Noreg. Desse rutene viser tryggje trasear i fjellet, sommar og vinter.

I tillegg har Den Norske Turistforening over 500 hytter, som alle kan nytte.

Det omfattande nettet av merka sommarruter og vinterruter hjelper også til å kanalisere ferdsla, slik at sårbart naturmangfald, som for eksempel villrein, blir minst mogeleg forstyrra. Dei merka rutene aukar tryggleiken for dei som ferdast i fjellet, og opnar opp fjellet for alle som ønskjer å oppleve fjellnaturen.

Ei rekkje av nasjonalparkane våre ligg i fjellområda. På den måten er nokre av dei flottaste fjellområda våre verna for all framtid.

Ein del av dei mest sentrale fjellområda våre har ei stor mengd fritidsbustader og eit stort byggjepress for nye fritidsbustader. Det er viktig at bygging av fritidsbustader og andre tiltak i fjellet skjer innanfor berekraftige rammer, slik at omsynet til friluftsliv, landskap og naturmangfald blir ivaretatt.

Det er for eksempel viktig at også fjellområda i nærleiken av dei store byane, som ofte har stort utbyggingspress, bevarer større og samanhengande areal utan fritidsbustader. Det vil derfor bli laga ein ny rettleier for planlegging av fritidsbustader, og fylkeskommunane blir oppmoda til å lage regionale planar for fjellområda.

I fjellet lever fjellryper og liryper. Mange liker å jakte ryper om hausten og det blir skutt mellom 100 000 og 500 000 ryper i fjellet kvart år. For å kunne jakte rype må du betale jegeravgifta og ha jaktkort for det området du skal jakte i.

Jaktkort blir ofte selt lokalt, men også på nettstaden www.inatur.no

Ryper kan bli jakta frå 10. september til 28. februar (fram til 15. mars i Nordland, Troms og Finnmark). Sjekk likevel kva som er gjeldande for ditt område då jakttida varierer frå stad til stad.

Vi har fleire tusen fjellvatn og i mange av dei er det aure og åbor. Viss du er under 16 år kan du fiske med stang i alle vann i Noreg. Er du eldre må du kjøpe fiskekort hos www.inatur.no. I Finnmark gjeld eigne reglar.

Det er mange nasjonalparkar og andre verneområde i fjellet. Der gjeld egne føresegner og det er mellom anna ikkje lov å bygge hytter, veier eller andre større tiltak. 

Dei viktigaste reglane i fjellet

Stortinget har vedteke fleire lover om kva du kan gjere i fjellet og kven som skal bestemme. De viktigaste er:

  • Plan og bygningsloven regulerer bygging av hytter, hus og veier.
  • Regionale planer for villreinområde blir vedtatt i medhald av plan og bygningsloven, avgrensar nasjonale villreinområde og fastsett ei langsiktig arealforvaltning som balanserer bruk og vern for dei aktuelle fjellområda.
  • Motorferdsellova regulerer kor det er lov å kjøre med motorkjøretøy som mellom anna snøscooter og firehjuling (ATV)
  • Naturmangfaldlova
  • Fjellova reguler jakt og fiske i statsallmenningar
  • Friluftslova
  • Naturoppsynslova
  • Finnmarkslova