Kunnskap om natur

Naturforvaltinga skal bygge på kunnskap om mangfaldet av natur, kvar det er, korleis det utviklar seg over tid og korleis vi skal klare å ta vare på det for framtida. Slik kunnskap får vi frå kartlegging, overvaking og forsking.

Naturmangfald omfattar både mangfald av genar, artar, leveområde, geologi og landskap. Tap av natur er ein av dei store miljøutfordringane i vår tid.

Den vanlegaste årsaka til at artar er trua av utrydding eller vert utrydda er at leveområda deira vert øydelagt eller endra. Skal vi unngå at trua og verdfull natur går tapt, må vi vite kvar denne naturen er. Vi må òg vite korleis naturen utviklar seg og årsaker til dette.

Kunnskap om korleis vi skal ta vare på naturen

Vi må vite kva vi må gjere for at naturen skal fungere som den skal slik at artane og naturtypane skal overleve på lang sikt. Slik kunnskap får vi frå kunnskap om samspelet mellom artar og deira livsmiljø og kunnskap om kva som kjenneteiknar eit velfungerande økosystem.

For å få vite dette, treng vi til dømes svar på: Kva for mangfald finst der? Kva er samanhengen mellom trua natur og tilstanden i naturen? Kva kan vi gjere for å betre tilstanden i økosystema og ta vare på naturmangfaldet? 

Korleis får vi den kunnskapen vi treng?

Vi treng kunnskap om kva slags artar som finst og kvar dei lever, genetisk variasjon innan artar, variasjon i naturtypar og økosystem. Slik stadfesta informasjon om artar, naturtypar, geologi og landskap får vi frå kartlegging. Vi treng og kunnskap om artane, deira slektskapsforhold og økologi.

Det er viktig å ha kunnskap om korleis tilstanden i naturen utviklar seg over tid, og årsaker og konsekvensar til endringar.. Dette er naudsynt for å kunne setje i verk gode tiltak for å betre tilstanden for naturen. Dette får vi frå overvaking og forsking.

Vi treng lange tidsseriar for eit representativt utval av viktige indikatorar frå dei ulike økosystema, overvaking over gjennomførte tiltak samt data frå referanseområde.

Samanstilling av kunnskap

Ofte treng forvaltninga ulike typar samanstillingar av kunnskap. Døme på ei slik samanstilling av kunnskap er Naturindeks for Noreg, som gir eit samla bilete av tilstand og utvikling i norske økosystem basert på tidsseriar for ei rekkje indikatorar i kvart av dei store økosystema.

Risikovurderingar er ein annan type kunnskapssamanstilling som forvaltninga treng. Døme på dette er vurdering av risiko for at artar skal døy ut og at naturtypar skal utryddast.

Slik vurdering vert gjennomført av fagekspertar og det vert kvart femte år utarbeidd lister over artar og naturtypar som er vurdert å vere trua. Desse inngår i norsk raudliste for artar og norsk raudliste for naturtypar. Det vert òg utarbeidd risikovurderingar av framande skadelege artar kvart femte år.

Vitskapeleg og erfaringsbasert kunnskap

Når vi snakkar om kunnskap, tenker vi ofte på den vitskapelege kunnskapen som er innhenta frå forsking eller annan naturvitskapeleg kompetanse.

Men ofte vil det òg vere viktig å ha erfaringsbasert kunnskap. Dette er kunnskap som er basert på erfaring frå berekraftig bruk av naturen og samspel med naturen gjennom fleire generasjonar. Erfaringar frå samisk berekraftig bruk er eit døme på slik kunnskap.

Erfaringsbasert kunnskap er til dømes viktig ved restaurering og skjøtsel av gamle kulturlandskapstypar som slåttemarkar, kystlynghei og haustingsskog.

Korleis bruke kunnskapen?

Den kunnskapen som ligg føre i ei sak, skal brukast i sakshandsaminga. Dette omfattar både vitskapeleg kunnskap og erfaringsbasert kunnskap. I planlegging av ulike tiltak som påverkar natur, skal ein først og fremst forsøke å unngå skade.

Det økologiske grunnkartet vert eit godt reiskap i arealplanlegginga framover. Her vil ein samle den beste og mest relevante kunnskapen om norsk natur på eit sted. Vi får da eit godt verktøy for raskare og betre saksbehandling i arealsaker.

Dersom det er umogleg å unngå skade, må ein gjennom planlegginga av tiltaket sørgje for at skaden vert minst mogleg. Dette kan gjerast ved at det vert fastsett vilkår knytt til tiltaket.

Dersom det vert fastsett vilkår om avbøtande tiltak, skal dette betalast av den står bak tiltaket.

Dersom det ikkje finst tilstrekkeleg kunnskap, så skal ein ta sikte på å unngå vesentleg negativ skade på naturmangfaldet.

Les meir

Naturovervaking