Det distriktspolitiske verkeområdet – regionalstønadskartet

Det distriktspolitiske verkeområdet, eller regionalstønadskartet, er revidert, og gjeld for perioden 1.1.2022 til 31.12.2027.

Det er 11 nye kommunar i det reviderte regionalstønadskartet. Desse er Aurskog-Høland, Flesberg, Bamble, Iveland, Bjerkreim, Austrheim, Bømlo, Hareid, Sykkylven, Hustadvika og Aukra. Ingen kommunar gjekk ut av regionalstønadskartet.

De distriktspolitiske verkeområdet – regionalstønadskartet – omfattar område i ulike delar av landet med særskilde utfordringar som møtast med distriktspolitiske verkemiddel. Området omfattar 272 kommunar eller tidlegare kommunar, eller om lag 88 prosent av arealet i Noreg. Avgrensinga av området er basert på geografiske ulemper, som små arbeidsmarknader og låg tilgang på tenester, og samfunnsmessige utfordringar som følgjer av desse ulempene, slik som låg eller negativ vekst i folketal og sysselsetjing eller einsidig næringsstruktur.

Innanfor dette verkeområdet kan verksemder få distriktsretta stønad i samsvar med ESA sitt statsstønadsregelverk. Innovasjon Noreg forvaltar fleire slike ordningar.

I nokre kommunar betalar verksemdene lågare arbeidsgjevaravgift enn i sentrale strøk. Kommunane i Noreg er delte inn i ulike soner for arbeidsgjevaravgift. For meir informasjon, sjå omtalen av differensiert arbeidsgjevaravgift. 

Aktuelle lenker: