Mat

Mat er folkehelse og nyting, nasjonal og internasjonal, trendy og tradisjonell. Mat er privatøkonomi og samfunnsøkonomi, distriktspolitikk og næringspolitikk, fiskeripolitikk og – ikkje minst – landbrukspolitikk.

Hovudmålet med mat- og landbrukspolitikken er å sikre forbrukarane nok, trygg og variert mat av god kvalitet og til ein fornuftig pris. Forbrukarane sine ønske og val er med og verkar inn på utforminga av politikken.

Mat er ein viktig del av kulturarven vår. Kva vi tradisjonelt har produsert og ete er prega av dei naturgitte forholda våre – eit kaldt og nordisk klima, med store sesongvariasjonar.

Norsk matproduksjon er i stadig endring, og utviklinga i det norske samfunnet vert spegla i maten vi et. Dei tradisjonelle produkta har fått selskap av eit stadig breiare utval av norskprodusert mat med internasjonale røter.

Norske forbrukarar etterspør i aukande grad norske produkt.
Norske forbrukarar etterspør i aukande grad norske produkt. Foto: Jon Marius Nilsson/Innovasjon Norge

Meir mat, meir mangfald

Takk vera ein aktiv og målretta mat- og landbrukspolitikk, leverer norske bønder stadig meir mat til forbrukarane. Samstundes sikrer politikken framtidig matproduksjon gjennom berekraftig forvalting av ressursane og god dyrevelferd. 

Dei siste åra har norske bønder og matprodusentar vist stor evne til nytenking og innovasjon. Ei utvikling som styresmaktene har bidradd til gjennom aktiv tilrettelegging. Resultatet er at utbodet av norskprodusert mat, både råvarer og foredla produkt, er blitt betydeleg breiare.

Det har òg vore ei auka satsing på lokal mat og spesialitetar, noko som har bidradd både til auka mangfald og lokal næringsutvikling.

Norske forbrukarar etterspør i aukande grad norske produkt. Informasjonsmerket Nyt Noreg gjer det enkelt for forbrukarane å velge norsk mat i butikkane. Produksjonen av økologisk mat er òg i vekst. 

Gulløye fra Nord-Norge
Gulløye fra Nord-Noreg er merka "Mat frå Norge". Foto: Nyt Norge

Matsikkerhet og mattryggleik i fokus

Befolkningsvekst, klimaendringar, press på naturressursar og stigande råvareprisar dei siste åra har sett matsikkerheit høgt på dagsorden – både i Noreg og internasjonalt. Matsikkerheit inneber at alle til ei kvar tid har tilgang på nok og trygg mat.

Ut frå eit beredskapsomsyn bør eit samfunn produsere så mykje som mogleg av maten som innbyggarane i landet treng sjølv. 

Det er viktig at forbrukarane har høg tillit til all mat på den norske marknaden og til norsk matproduksjon.

Trygg mat er ein sentral føresetnad for den tilliten – det vil seie at maten ikkje inneheld mikroorganismar, miljøgifter eller fremmedelement som gjer oss sjuke, dersom vi lager den til og nyt den som tiltenkt.

Sjølv om mattryggleiken jamt over er god her til lands, krevst det vedvarande innsats å sikre at maten forblir trygg.

Kven har ansvaret?

Det faglege ansvaret for matområdet er delt mellom Helse- og omsorgsdepartementet, Nærings- og fiskeridepartement og Landbruks- og matdepartementet. Dei tre departementa har eit omfattande og nært samarbeid.

Kvalitetssystemet i Landbruket (KSL) sikrer at norsk landbruk vert drive etter gjeldande lover og reglar, og legg grunnlaget for mattryggleik, dyrevelferd og kvalitet i norsk matproduksjon.

Mattilsynet er heilt sentralt når norsk matpolitikk skal settast ut i livet. Mattilsynet utvikler regelverk, fører tilsyn, gir råd, kartlegg og overvaker heile produksjonskjeda – frå råvareproduksjon og - import til råvaren eller det ferdige produktet når forbrukarane.

Alle som lever av å produsere, importere eller selje mat i Noreg er sjølv ansvarlege for at dei følger regelverket. Mattilsynet er vaktbikkja som kontrollerer at dei gjer det.