Historisk arkiv

Statsbudsjettet 2015:

Breibandsutbygging - regjeringa vil kutte kostnadar framfor å subsidiere

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

Regjeringa vil leggje til rette for auka breibandsdekning også i 2015. Merksemda vil vere retta inn mot regelforenkling og kostnadskutt for utbyggarar framfor høge subsidiar frå staten. Regjeringa føreslår difor ein reduksjon i midlane til utbygging av breiband i statsbudsjettet for 2015.

Regjeringa vil leggje til rette for auka breibandsdekning også i 2015. Merksemda vil vere retta inn mot regelforenkling og kostnadskutt for utbyggarar framfor høge subsidiar frå staten. Regjeringa føreslår difor ein reduksjon  i midlane til utbygging av breiband i statsbudsjettet for 2015.

Det er lagt opp til at staten i 2015 skal bidra med 50 millionar kroner i støtte til utbygging av breiband i ulønsame område. Til samanlikning var det for 2014 sette av til saman 108 millionar kroner over budsjetta til Samferdselsdepartementet og Kommunal- og moderniseringsdepartementet. 

Forenklingar av regelverk kan bidra til kutt
Bakgrunnen for kutta er at kommersielle aktørar byggjer breiband og elektronisk kommunikasjon i høgt tempo. I tillegg kan forenklingar av regelverk bidra til kostnadskutt langt utover statlege subsidiar.

- Vi meiner at ein i denne fasen bør vere varsam med å bruke statlege midlar på breiband for å dekkje over kostnadsdrivande reglar for graving. Det er òg slik at ein marknad i rask vekst har relativt god tilgang på kapital. Vi har difor føreslått ein reduksjon i nivået på løyvinga til breiband, seier samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen.

Dei samla investeringane til kommersielle tilbydarar innan elektronisk kommunikasjon (fast og mobil) låg på over 8 milliardar kroner i 2013. Av dette var 2,5 milliardar kroner investeringar i fibernett. Frå 2013 til 2014 har dekninga for høgfartsbreiband (fart over 100 Mbit/s) auka frå 63 prosent til 69 prosent. 

Kostnadseffektive løysingar for breibandsutbygging
Samferdselsdepartementet ønskjer dessutan å bidra til meir kostnadseffektive løysingar innan utbygging av breiband. Ein ønskjer mellom anna å leggje til rette for betre koordinering av gravearbeid og meir felles bruk av eksisterande infrastruktur.

- Lågare utbyggingskostnadar vil gi oss eit betre breibandstilbod med mindre bruk av pengane til skattebetalarane, seier Ketil Solvik-Olsen.