Historisk arkiv

- Fleire kommunar må søke på midlar for inkludering av barn i låginntektsfamiliar

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Barne- og likestillingsdepartementet

No er midlane til Nasjonal tilskotsordning for inkludering av barn i låginntektsfamiliar lyst ut for 2019. Barne- og likestillingsministeren håper enda fleire kommunar vil søke på ordninga i år enn tidlegare.

Gut med skateboard
Foto: Colourbox

- Det er dessverre altfor mange barn som veks opp i låginntektsfamiliar i Noreg i dag. Vårt mål er at disse barna ikkje skal føle seg utanfor fordi foreldra har dårlegare råd enn andre. No er tilskotsordninga rekordhøg, og vi ønskjer at det skal vere god spreiing på søknadane og at barn kan få mulegheit til å delta uavhengig av kvar dei bur, seier barne- og likestillingsminister Linda Hofstad Helleland.

Stadig fleire søker

I 2018 var det totalt 239 kommunar som sendte inn minst éin søknad til tilskotsordninga. Dette er 35 fleire enn året før, men statsråden ønskjer seg fleire søknader.

- Det er framleis berre litt over halvparten av alle kommunar som søker på desse midlane. Barn som veks opp i låginntektsfamiliar har rett til å delta i ferie- og fritidstilbod på lik linje med alle andre. Nasjonal tilskotsordning er ein super måte for kommunane å få gi desse eit godt tilbod, så eg vil oppmode enda fleire til å søke på denne ordninga, seier statsråden.

Nesten 300 millionar kroner

Den nasjonale tilskotsordninga har auka mykje sidan den vart lansert med litt over 100 millionar i 2014. I forslaget for 2019 er den på nesten 300 millionar kroner. Kommunane har ved hjelp av midlane utvikla til dømes utstyrsbasar, ferieklubbar og dei kan tilby ei rekkje fritidsaktivitetar.

Ordninga vart nyleg evaluert av FAFO, som fann at midlane har ført til større merksemd om barnefattigdom og inkludering i kommunane og at midla treff målgruppa godt.

Det er Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet som forvaltar tilskotsordninga. Du kan lese meir og få informasjon om korleis du kan søke på deira nettsider.